JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Eit tidskilje

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2208
20220701
2208
20220701

Det er for tidleg å konkludera med kva som er motivet bak skytinga og drapa i Oslo. Politiet seier det kan vera både hatkriminalitet, ekstrem islamisme og psykiatri – eller ein kombinasjon av alle tre.

Uansett råkar den groteske handlinga den skeive minoriteten vår. Åtaket skaper uhygge blant dei skeive som sjølv i 2022 er utsette for trakassering og hatefulle ytringar. Ingen skal måtta oppleva noko slikt fordi ein står fram med noko så grunnleggjande som sin eigen identitet.

Sjølv etter skytinga og drapa 25. juni vart hatefulle ytringar publiserte i sosiale medium. NRK måtte sletta hundrevis på TikTok. Det er openbert at eigarane av dei sosiale mediaa, som Facebook, Twitter og TikTok, må ta eit mykje større ansvar for kva dei publiserer. Og det kan ikkje aksepterast at ein norsk islamist kan ha eit profilbilete som tek til orde for at skeive bør drepast.

Likevel er det den massive støtta til dei skeive som har dominert det offentlege mediebiletet og ordskiftet. Såleis kan 25. juni verta ei tidskilje der endå fleire står opp for dei skeive.

Hovudteorien til politiet er så langt at drapa er motiverte av radikalt islamistisk tankegods. Heldigvis er vi i ferd med å koma forbi det stadiet at vi krev at norske muslimar har eit særleg ansvar for å ta avstand frå radikal islamistisk terror.

Det vert likevel problematisk når stortingspresident Masud Gharahkhani seier til VG at «hat er hat, og har ikke noe med religion eller bakgrunn å gjøre». Men den ekstreme islamismen er motivert ut frå radikale tolkingar av islam. Fleire muslimske land praktiserer dødsstraff for homofili.

Terroristen eller drapsmannen var under oppsikt av politiet, men det førte ikkje til ekstraordinære tiltak mot mannen. I ettertid var det ei tragisk feilvurdering. Men politiet og domstolane står overfor svært vanskelege val i møte med personar som kan mistenkjast for å koma til å utføra vald.

Dei må styra etter ein relativt høg terskel for kven som må takast hand om eller tvangsbehandlast. Då kan det skje feil. Det er prisen vi må betala for å kunne oppretthalda eit ope og liberalt samfunn. Men det krev samstundes at tilbodet til psykiatrisk behandling er betre enn i dag.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein iransk «usynleg» Shahed Saegheh-drone, kopiert etter ein havarert, men intakt RQ-170 Sentinel-drone frå USA, blir paradert i gatene i Teheran 24. september.

Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

KommentarSamfunn

Knivbyte i Midtausten

Med det iranske missilåtaket mot Israel hevar Iran kniven direkte mot Israel.

Cecilie Hellestveit

Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.

Alle foto: Håvard Rem

UtanriksSamfunn
Håvard Rem

Det blonde reservatet

PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.

UtanriksSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Ein lang marsj mot idiotveldet

NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.

VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.

Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB

KommentarSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Politikk i grenseland

Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis