Gaza-krigen må stogga
Å slå ned Hamas på Gazastripa vil kosta altfor mange liv.
Øydelagde bygningar i Nord-Gaza.
Foto: Alexander Ermochenko / NTB
Tilhøva for innbyggjarane på Gaza er no svært vanskelege. Difor må våpenkvila fornyast og til slutt enda med at Israel avsluttar krigen. Å slå ned Hamas på Gazastripa vil kosta altfor mange liv – om det i det heile er mogeleg å slå ned ein organisasjon som er så integrert i det sivile samfunnet.
Men statsminister Netanyahu har lova å øydeleggja Hamas same kvar dei måtte vera på Gaza. Når dei er ferdige i nord, skal dei halda fram sør på Gaza, der det framleis er mange Hamas-soldatar. Og sikkert mange av dei israelske gislane òg. Men samstundes er også mesteparten av dei 1,7 millionar fordrivne menneska på Gaza no i sør, der dei lever under uakseptable tilhøve.
BBC skriv at Israel no har planar om å oppretta eit «trygt område» langs ei tynn stripe sør på Gaza ut mot Middelhavet. Dit skal dei fordrivne innbyggjarane på Gaza plasserast. Det seier seg sjølv at ei samanpressing av menneske på eit lite område med dårlege sanitære tilhøve og mangel på helsestell vil føra til store lidingar og fare for at mange døyr. Leiaren for Verdas helseorganisasjon seier no at fleire menneske kan koma til å døy av sjukdom enn av bombing på Gaza.
Terrororganisasjonen Hamas har ikkje livets rett. Men krigen mot Hamas og bombinga av Gaza har altfor store kostnader. Dessutan skaper krigen grobotn for nye terrorgrupper eller styrking av alt eksisterande terrorgrupper som Palestinian Islamic Jihad og Mujahideen Brigades, eller kva dei no heiter, alle saman. Difor er det viktig at alle moderate palestinske krefter står opp mot meir terror.
«Alle som støttar ei våpenkvile, støttar eigenleg at terrorregimet til Hamas skal halda fram på Gazastripa», sa Israels FN-ambassadør Gilad Erdan denne veka. Det er ein heilt urimeleg påstand. Det er som å høyra president Bush i 2001: «Enten er de med oss, eller så er de med terroristane.» Vi veit no alle kor katastrofal denne tankegangen var, og kor feilslått invasjonen av Afghanistan og Irak var.
Israel–Palestina-konflikten kan berre løysast politisk. Naivt? Ikkje meir naivt enn å tru at krigen vil føra til varig fred.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.