«I dag gjer statsminister Benjamin Netanyahu og krigskabinettet hans nærast som dei vil, både på Gaza og i Libanon.»
Røyk over Beirut etter israelske luftåtak 3. oktober.
Foto: Joseph Campbell / Reuters / NTB
Situasjonen i Midtausten er dramatisk. Og uklar, sidan USA ikkje har same innverknad på Israel som før. Som i 1982 under den israelske invasjonen av Libanon. Då stod forsvarsminister Sharon bak ei intens bombing av Beirut der fleire hundre vart drepne.
I ein telefonsamtale mellom president Ronald Reagan og statsminister Menachem Begin sa Reagan at israelarane gjekk for langt, noko som skal ha fått Begin til å stogga bombinga. Men Netanyahu er ikkje Begin, og Biden er ikkje Reagan. I dag gjer statsminister Benjamin Netanyahu og krigskabinettet hans nærast som dei vil, både på Gaza og i Libanon.
Israelarane ser på krigane som eit vera eller ikkje vera for landet. Då verkar fredsinitiativa frå USA berre provoserande. Men like fullt legg dei til grunn at USA vil stilla opp for Israel, og at dei amerikanske våpenleveransane vil halda fram sjølv om konsekvensane av krigføringa har vore katastrofale. Men éin ting er Gaza og Libanon. Andsynes Iran kan ikkje USA la Israel gjera som dei vil. Det står for mykje på spel.
Mange fryktar at Israel, etter Irans massive rakettåtak denne veka, vil nytta situasjonen og bomba dei mange iranske anlegga som oppriker uran. USA skulle òg sett at atomanlegga vart bomba og øydelagde. Kven vil ikkje det? Tanken på at det islamistiske regimet skal få atomvåpen, er knapt til å halda ut.
Men faren for ein storkrig er for stor. Å hindra Iran i å utvikla atomvåpen må gjerast på andre måtar enn å risikera ein krig som korkje Israel eller Iran kan vinna.
Alle dei mislukka fredsinitiativa til Biden og utanriksminister Blinken har gjeve presidentkandidat Trump gratispoeng i valkampen. Resultatet kan verta dobbelt negativt – at Bidens Midtausten-politikk òg bidreg til ein valsiger for Trump.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»