Nytt nederlag for ytringsfridomen
I løpet av få månader har både Lars Vilks og Kurt Westergaard døydd. Båe har gått inn i historia som kunstnarar som teikna karikaturar av Muhammed for så å få livet endevendt etter raseri og trugsmål frå ekstreme islamistar. Både Vilks og Westergaard måtte leva under strengt politivern i årevis fram til dei døydde.
Og ikkje tru noko anna – trugsmålet om å verta drepen var høgst reelt. Westergaard vart angripen av ein mann med øks. Vilks vart utsett for eit åtak der filmskaparen Finn Nørgaard vart drepen.
Mange andre har vorte drepne. Den 7. januar 2015 vart tolv kollegaer i redaksjonen til det franske satirebladet Charlie Hebdo drepne av to ekstreme islamistar med kalasjnikovgevær. For under eit år sidan vart ein fransk lærar halshoggen av ein ung terrorist fordi han hadde synt fram muhammedteikningar i ein historietime. Som teiknaren Roar Hagen skriv i VG denne veka: «Ingen som har livet kjært tegner profeten i dag.»
Journalist og kritikar Anki Gerhardsen spør i Aftenposten kvifor ikkje norske medium syner fram teikninga, når dei no har skrive fleire sider om at Vilks er død. Unnatak er Aftenposten, som trykte eit lite bilete, og NRK Dagsrevyen som synte eit kort glimt av ei avisside med ei lita teikning på.
Andre redaktørar får svara for seg, men som redaktør for Dag og Tid har grunngjevinga eine og åleine vore faren for terroråtak. Som redaktør har ein ansvar for konsekvensane ein utset andre for. Men etter å ha sett korleis Aftenposten løyste det, ved å trykkja eit lite bilete knytt til ein to siders kommentar, ville vi no gjort det same.
Å trykkja eit slikt lite bilete er likevel eit stort nederlag. Det fortel tydeleg at vi er underlagde sjølvsensur under påverknad frå dei ekstreme islamistane. For teikninga vart ikkje å slått opp slik ein naturleg ville gjort det om det hadde vore eit anna tema.
Det er i dag ingen reell ytringsfridom om ein vil karikera profeten Muhammed. Det er alvorleg, sidan religionskritikk er ein fundamental del av demokratiet vårt.
For å bøta på dette nederlaget burde media, slik Gerhardsen føreslår, ha skrive tydeleg kvifor ein ikkje trykkjer teikninga til Vilks. Det er òg det minste ein kan gjera for å heidra alle som er vortne utsette for trugsmål og drap frå ekstremistar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.