Sorg, skuld, skam
Tyrkarar og syrarar er saman i sorg etter naturkatastrofen som denne veka har teke livet av meir enn 16.000 menneske. I omverda – aust og vest – freistar mange etter beste evne å hjelpa til, men andre ser her, diverre, ein ny konflikt som dei og deira flokk eller sak kan tena på, om dei berre er snøgge til å fordela skuld og ære.
Reaksjonane på jordskjelvet i Tyrkia og Syria stadfester såleis at verda er polarisert: «Antivestelege» medium, altså prorussiske, kinesiske, venezuelanske Telesur med fleire, forklarer lesarane sine at syrarar no får mindre hjelp enn tyrkarar på grunn av dei brutale sanksjonane til USA og EU.
Ned Price, talsmann for utanriksdepartementet i Washington, kontrar med å påstå at hjelp til Syria ikkje kan gå via den syriske staten av di president Bashar al-Assad stel alt han får kloa i. Naudhjelpa må difor gå via ikkje-statlege organisasjonar beinveges til mottakarane. Især om mottakarane finst utanfor dei områda som det syriske regimet kontrollerer, og det er nett denne landsdelen i nordvest som er hardast råka no.
Før jordskjelvet var 75 prosent av folket i Syria, 15 millionar menneske, avhengige av naudhjelp. Elleve år med borgarkrig og annan krig med eller mot Russland, IS, Al Qaida, USA, Tyrkia, kurdarar, andre kurdarar, pandemi og sanksjonar tek på. Hjelp frå utlandet har kome gjennom éin einaste grensestasjon, Bab al-Hawa på grensa mot Tyrkia, og i skrivande stund er han no utilgjengeleg og stengd på grunn av jordskjelvet.
Alle andre humanitære grensekorridorar er òg stengde, ikkje som følgje av naturkatastrofen eller vestlege sanksjonar, men av di Russland flittig og medvite har brukt vetoretten i Tryggingsrådet for å nett å kanalisera all naudhjelp til Damaskus. Bashar al-Assad protesterte alt då grensestasjonane (som sidan har fødd folket hans) blei oppretta i 2014.
Tilhøvet til Syria bør absolutt diskuterast, sanksjonane òg, medan nokon framleis kan minnast kva partane slåst om – men det er ei tid og ein stad for alt.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.