Svenske opptøyar
Sjølv om omfanget er større enn nokon gong, er ikkje dei valdelege opptøyane i Sverige sist veke særleg overraskande. Med jamne mellomrom er det valdelege konfrontasjonar mellom politiet og ungdomar i visse innvandrargrupper i Sverige.
I Sverige har det vore for stor asylinnvandring på for kort tid. Særleg når asylinnvandring skjer samstundes med ei stor arbeidsinnvandring. For asylsøkjarar tapar i konkurransen med arbeidsinnvandrarar på arbeidsmarknaden.
Integrering er krevjande og ikkje noko ein berre kan vedta politisk med gode forsett. Ikkje minst når innvandrarar utgjer det store fleirtalet i ein bydel – som i Rosengård i Malmö, der rundt 85 prosent har innvandrarbakgrunn, og der det no har vore store valdelege opptøyar.
Såleis har Noreg lukkast betre. Både fordi vi har teke imot færre asylantar, og fordi vi i større grad har fordelt asylsøkjarane over heile landet og unngått å få like store innvandrarbydelar som i Sverige.
No har ikkje Rasmus Paludan berre brent Koranen, men òg i fleire år kome med rasistiske ytringar. Likevel er det koranbrenninga som har utløyst opptøyane. Etter så mange år med strid om karikaturteikningar skulle ein tru at tida for at muslimar lèt seg krenka av slike ytringar, var over.
Men nei. Ifylgje Svenska Aftonbladet gjekk utanriksministrane i Saudi-Arabia, Egypt, Iran, Qatar, Kuwait, Jordan, Oman og Bahrain ut og kalla koranbrenninga for ei uakseptabel fornærming av islams heilage skrift.
Denne førestillinga om krenking må muslimske statsleiarar og religiøse leiarar leggja bak seg. Det samsvarar ikkje med vern om ytringsfridomen. Dessutan gjer slike utsegner det for lett for unge ekstremistar, med andre motiv enn religiøse, å legitimera valdelege haldningar.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.