Tanntroll i politikken
En ny rapport fra Statistisk sentralbyrå slår fast at inntektsnivå framleis avgjer om folk oppsøkjer tannhelsehjelp eller ikkje.
Den som høyrde Dagsnytt 18-debatten om denne rapporten her om dagen, der representantar frå Raudt, Arbeidarpartiet og Høgre tok del, kunne lett få inntrykk av at det no er nær tverrpolitisk semje om å finansiere munnhelsa på same vis som me finansierer anna helse her i landet, via velferdsstat og skattesetel.
Det skulle berre mangla, men me veit betre. Meir enn hundre års røynsle seier oss at det òg ved dette valet nok kjem til å gå som det gjorde i 1914, då eit fleirtal i Stortinget røysta for offentleg stønad til konserverande tannbehandling, altså til fyllingar, og ikkje berre til trekking av tenner.
Denne tannhelsereforma blei diverre sett til sides – fyrste verdskrigen braut ut og gav folk og land anna å tenkja på enn tenner. Og slik har det faktisk gått kvar gong sidan, når slike framlegg har dukka opp.
I år er det pandemi. Men også stortingsval.
Alle lèt til å meina at det er eit unaturleg og urettvist skilje mellom tannhelsa og anna helse, men djevelen lurer i detaljane, og i partipolitikken, ikkje minst, som gjer det lønsamt å røysta mot framlegg som alle stort sett er samde i, men som rivaliserande parti har reist og kjem til å ta æra for.
Dessutan er dei fleste tannlegar private, og det kan ha til konsekvens at Norsk Tannlegeforening går inn for om lag det same som Høgre: å gjera dagens ordning betre. Dei skal ikkje ha nokon tannhelserevolusjon, slik Raudt og SV går inn for.
I dag rekk den offentlege tannhelsehjelpa til barn og ungdom, psykisk utviklingshemma, grupper av eldre, langtidssjuke og uføre, flyktningar i statleg mottak, innsette i fengsel, misbrukarar av rusmiddel, tortur- og overgrepsutsette og folk med odontofobi, tannlegeskrekk. Andre får nok ta feriepengane til hjelp, og slik blir det truleg også etter det komande Stortingsvalet.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.