Tiltak mot vald
«Oslo er en trygg by», seier justisminister Emilie Enger Mehl for å roa Oslo-innbyggjarane etter dei mange drapa og likvideringane i Oslo i haust. Byrådsleiar Raymond Johansen og politiet fylgjer opp og seier det same. Ja, om ein ser på heile Oslo, så er Oslo «ein trygg by», og drapa dei siste månadane skal ha gått før seg i kjende kriminelle miljø.
Men Oslo er ein delt by, og i enkelte område er det mange som kjenner på fortviling over kva vald og gjengkriminalitet gjer med lokalmiljøet – sjølv om det ikkje er drap dei er redde for.
Ikkje minst gjeld det mange ungdomar i desse områda som på ein eller annan måte vert utsette for ulike kriminelle ungdomsgjengar. Undersøkingar syner at kvar tredje ungdom i fleire bydelar i Oslo aust er redde for å oppleva vald.
I desse lokalmiljøa hjelper det ikkje å snakka om at «byen er trygg» og at «de fleste barn og unge ikke begår kriminalitet, og utbredelsen av gjengkriminalitet er liten i Norge», som regjeringa Solberg skriv i det siste statsbudsjettet sitt no i haust.
Det innbyggjarane i desse bydelane vil høyra om, er derimot konkrete tiltak og langsiktige planar for å få bukt med gjengkriminaliteten – tiltak som må rettast inn mot våre gutar med innvandrarbakgrunn, som er overrepresenterte i gjengmiljøa.
Den førre regjeringa føreslo i statsbudsjettet for 2022 å løyva 8 millionar kroner til tiltak mot barne,- ungdoms- og gjengkriminalitet. Det verkar som rein symbolpolitikk. Utfordringane vi står overfor, synest å krevja langt større løyvingar om ein skal få gjort noko som nyttar.
Fråvær av vald, men òg fråvær av frykt for vald, gjev stor livskvalitet. Og det skal lite vald til i eige nærområde før ein kjenner seg utrygg, same kva politiet og justisministeren måtte seia for å roa oss ned.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.