Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Brei raud løpar i Cannes

CANNES: Sideprogramma gjev djupn og variasjon til verdas viktigaste filmfestival.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Filmen The Square av den svenske filmregissøren Robin Östlund er den einaste skandinaviske filmen som er med i hovudkonkurransen.

Foto: Arthaus

3135
20170526
3135
20170526

Festival de Cannes

Cannes 17. til 28. mai

Svenske Ruben Östlund forsvarar Skandinavias ære på filmfestivalen i Cannes med The Square i hovudkonkurransen. Eller kanskje han krenkar æra vår. Filmen er ei strålande rekkje situasjonar som får ein til å le av og gremme seg over kor politisk korrekte vi vil vera med privilegerte folk i pinsame situasjonar. Meisterregissøren held fram stilen med tablå som skildrar det svenske samfunnet med smertefull presisjon, som i dei tre filmane han har hatt i Cannes før: De ufrivillige 2008), Play (2011) og til sist Turist (2014). The Square følgjer ein dansk kunstnarisk leiar hjå eit kunstmuseum i Stockholm som skal ha ei utstilling om ei rute der alle er like mykje verde og skal hjelpe kvarandre. Solide spark går høgt og lågt. Det er hylande morosamt, poengtert, vondt og flautt. Vonleg får broderfolket ei Gullpalme.

Sørfilm

Noregs bidrag i Cannes går gjennom Sørfond, ei støtteordning for filmar frå eit laust definert globalt sør. Med denne flotte funksjonen har to norske produksjonsselskap fått filmar med i år. Tunisiske Kaouther Ben Hania har Integral Film & Literature med på laget. Hennar Beauty and the Dogs er i programmet Un Certain Regard, som plar by på spennande unge regissørar. Den litt overspelte filmen tar opp eit særs viktig tema med seksuell vald, straffefridom og eit ròte juridisk system. Filmen er intens.

Intens er òg venezuelanske La familia av Gustavo Rondón Córdova i Kritikarveka. Han har med norske Dag Hoel på laget skapt eit rastlaust og hektisk portrett av eit samfunn i sosial krise. Vi følgjer far og son som flyktar frå blokka då guten hamnar i ein slåstkamp der liv går tapt. Venezuela er gjennomsyra av vald og våpen. Den medvitne regissøren gjev ein estetisk imponerande alarm. La familia er del av det leiaren for Kritikarveka kallar ein latinamerikansk triptyk. Tre av dei sju filmane i konkurransen er derfrå. Marcela Said frå Chile skildrar dobbeltmoral og straffefridom for den økonomiske eliten knytt til Pinochet med subtilt solide Los Perros. Brasilianske Fellipe Gamarano Barbosa har laga originale Gabriel and the Mountain om barndomsvenen som døydde på eit fjell i Malawi etter ei reise i Aust-Afrika der han knytte seg til lokale innbyggjarar. Desse spelar seg sjølv i filmen.

Frisk fransk

I Kritikarveka finn ein også det friskaste av fransk film. Som i fjor med Raw, er det i år ei ung fransk kvinne som står for den freidigaste filmen. 28 år gamle Léa Mysius overgår dei mange eldre franskmennene i andre program med fortryllande, anarkistiske Ava. Figuren Ava er 13 år, byrjar miste synet og skal finne seg sjølv. Filmen er fri, fargerik og unik.

Andre sideprogram byd på alt frå moderne indonesisk feministspaghettiwestern til Irans svar på Leviatan. Det er difor ein kjenner seg rikare etter å ha menga seg med fiffen på Den franske rivieraen.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

I Kritikarveka finn ein også det
friskaste av fransk film.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis