10. februar 1962, klokka åtte minutt på ni om morgonen, møttest to spionar på Glienicker Brücke, brua mellom Wannsee og Potsdam i Berlin, mellom dei to verdene Aust og Vest.
Frå Vest kom oberst Rudolf Iwanowitsch Abel, ein klassisk sovjetisk meisterspion som hadde kasta bort ti år av livet sitt på å etablera eit spionnett i New York, under dekke av å vera kunstnar, og på å sona snautt fire år av ein livstidsdom. Frå Aust kom Francis Gary Powers – U-2-piloten som aldri nådde fram frå Peshawar i Pakistan til byen Bodø i bananmonarkiet Noreg. Han var altså ikkje spion sjølv, berre førar av eit fly som spionerte, og dømd på vegner av dette flyet til ei halvhjarta straff på ti år.
I røynda hadde Powers vore som ei gåve til kamerat Khrusjtsjov før toppmøtet mellom Aust og Vest i Paris, og ei tilsvarande audmjuking for Eisenhower. Her heime var det sjølvsagt ingen som visste noko om spionflyet U-2, om me då ser bort frå Selmer Nilsen.
Spionutvekslinga gjekk etter planen og danna mal for fleire byte av same slaget, ikkje minst på film. Abel fekk møta att familien sin i Moskva. Powers møtte mest forakt av di han ikkje hadde sprengt både flyet og seg sjølv før dei fall i sovjetiske hender. Han døydde i 1977, som mediehelikopterpilot i Santa Barbara då drivstoffet brått tok slutt, og blei posthumt dyngd ned med medaljar. Abel døydde meir stillferdig av lungekreft alt i 1971.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
10. februar 1962, klokka åtte minutt på ni om morgonen, møttest to spionar på Glienicker Brücke, brua mellom Wannsee og Potsdam i Berlin, mellom dei to verdene Aust og Vest.
Frå Vest kom oberst Rudolf Iwanowitsch Abel, ein klassisk sovjetisk meisterspion som hadde kasta bort ti år av livet sitt på å etablera eit spionnett i New York, under dekke av å vera kunstnar, og på å sona snautt fire år av ein livstidsdom. Frå Aust kom Francis Gary Powers – U-2-piloten som aldri nådde fram frå Peshawar i Pakistan til byen Bodø i bananmonarkiet Noreg. Han var altså ikkje spion sjølv, berre førar av eit fly som spionerte, og dømd på vegner av dette flyet til ei halvhjarta straff på ti år.
I røynda hadde Powers vore som ei gåve til kamerat Khrusjtsjov før toppmøtet mellom Aust og Vest i Paris, og ei tilsvarande audmjuking for Eisenhower. Her heime var det sjølvsagt ingen som visste noko om spionflyet U-2, om me då ser bort frå Selmer Nilsen.
Spionutvekslinga gjekk etter planen og danna mal for fleire byte av same slaget, ikkje minst på film. Abel fekk møta att familien sin i Moskva. Powers møtte mest forakt av di han ikkje hadde sprengt både flyet og seg sjølv før dei fall i sovjetiske hender. Han døydde i 1977, som mediehelikopterpilot i Santa Barbara då drivstoffet brått tok slutt, og blei posthumt dyngd ned med medaljar. Abel døydde meir stillferdig av lungekreft alt i 1971.
Jox
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.