Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Å skoda tilbake

Det nye dramaet til Robert Guédiguian er solid, men ikkje storarta.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Familen er samla etter at far i huset har fått slag.

Foto: Storytelling Media

2362
20180511
2362
20180511

DRAMA

Regi: Robert Guédiguian

Huset ved sjøen (Orig. tittel: La villa)

Med: Ariane Ascaride, Jean-Pierre Darroussin, Anais Demoustier

Då faren blir lamma av slag, samlar søskena Angèle (Ascaride), Joseph (Darroussin) og Armand seg i huset hans i ei pittoresk vik utanfor Marseille. Mimring i familien skapar kranglar og kos. Angèle har halde stor avstand, Armand har hjelpt faren. Joseph stiller med ung dame, depresjon og dårlege vitsar. Huset ved sjøen er ei familiehistorie som symboliserer franske tidsskilje og sakn av svunne stunder.

Franske fjes

Den røynde gjengen med skodespelarar gjer alle godt arbeid, men eg forstår godt at det var unge Anais Demoustier som blei nominert til den nasjonale prisen César for beste birolle. Ho har ein enigmatisk sjarm. Ariane Ascaride er så god at ho fortener sin vante plass sentralt i filmane til ektemannen Guédiguian. Jean-Pierre Darroussin er òg ein gammal kjenning som kan faget.

Førre filmen til Guédiguian, Don’t Tell Me the Boy Was Mad, tok for seg eit ukjend tema for dei fleste nordmenn, nemleg armensk terror for å få merksemd rundt folkemordet. Slik gav han ei historisk ramme til eit tidsriktig tema i Frankrike, som framleis er plaga av terror.

Nostalgi på ny

Tematikken i den nye filmen er kjent. Familieforhold og tradisjonelle franske filmtema står i sentrum. Klassesamfunnet er på plass her som i Snøen på Kilimanjaro og Byen er stille av same mann. Kva kultur og samfunn ein har arva, kjem òg opp. Litterære referansar sit laust. Skodespelar Angèle siterer dramaturgane Paul Claudel og Bertolt Brecht. Guédiguian står støtt på venstresida. Som vanleg held han til rundt heimlege Marseille. Tilbakeblikk og lydklipp frå skjønne sommarstunder og tragediar bidreg til at vi forstår familiehistoria.

Militarisering og migrasjon gjev nye dimensjonar til debatt. Stundom kjennest kjeklinga gjengrodd, men kanskje kan det hjelpe å reinske gamalt kratt for å opne stiar og få ein frisk start. Huset ved sjøen er ikkje noko meisterverk, men regissør Robert Guédiguian er ein stabil leverandør av solid drama. Om du plar like dei franske dramaa på kino her til lands, kan du godt ta turen no òg.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis