Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Ære og avmakt

Debutant Zeshan Shakar skriv seg inn i toppsjiktet av norske debutantar med truverdige stemmer frå drabantbyen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Zeshan Shakar skildrar oppveksten i eit sosio-kulturelt miljø i Groruddalen i Oslo.

Foto: Julie Pike

3923
20180105
3923
20180105

Roman

Zeshan Shakar:

Tante Ulrikkes vei

Gyldendal 2017

Medan vi enno berre snusar på det nye året, held oppsummeringa av det førre fram. Og ein roman det er verd å merkje seg frå 2017, er Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei. Her har vi ikkje berre ein sterk debutroman, men også kanskje den store, norske innvandrarromanen som med jamne mellomrom har vore etterlyst. Rett nok gav norskpakistanske Khalid Hussain alt i 1986 ut romanen Pakkis, som har vore mykje omtala og brukt i skuleverket. I 2015 gjorde Maria Navarro Skaranger lukke med nyskapande bruk av kebabnorsk i Alle utlendinger har lukka gardiner, og før jul skreiv eg om Marjam Idriss, som skreiv godt om ein einsleg asylsøkjar i Jannikeevangeliet.

Overtydande

Shakar er likevel den som best lever opp til forventingane termen «den store, norske innvandrarromanen», skaper. Ein term vi sikkert har henta frå ideen om «the great American novel»: Han gir oss ei episk skildring av oppvekst i eit berykta sosio-kulturelt miljø aust i Oslo, og illustrerer korleis klimaet for muslimar i Noreg endra seg etter terroren 11. september 2001. Samstundes skriv han fram noko universelt menneskeleg som folk i alle land kan kjenne seg igjen i.

Komposisjonen er bygd rundt eit enkelt, men effektivt grep: To norsk-pakistanske ungdommar fortel om livet sitt til ein forskar som skal kartleggje kvardagen til unge i Groruddalen. Den skuleflinke Mohammed, til vanleg kalla Mo, skriv e-post. Den meir ressurssvake Jamal snakkar inn på opptakskassettar. Dermed blir stilen deira svært ulik: Mo fortel korrekt, men personleg og nært om eit liv fullstendig dominert av ambisjonane foreldra har på hans vegner. Jamal tøysar, dramatiserer og rappar, i eit språk fullt av slang og grammatiske feil som har blitt markørar for kebabnorsk: «Jeg holdt på å komme på jailern ass. Wallah, jeg sverger. Liksom, for lenge sia jeg har fått sånn brev fra militæret at jeg skal komme på sesjon, men liksom, jeg har loka det helt ass.»

Slik teiknar Shakar personane fram gjennom språket, og spesielt det trassige humøret til Jamal er underhaldande og sjarmerande. Mykje av det som skjer i liva deira, er omtrent som ein kunne vente: Kolliderande normer heime og ute, møte med skuleverket, muslimsk trusfellesskap og ungdom frå vestkanten. Når Shakar likevel går klar av klisjeane, er det fordi han teiknar fram overtydande personlegdomar som ikkje først og fremst representerer ein bestemt kultur og religion, men er gjenkjennelege på tvers av slike skilje. Samtidig viser dei ulike måtar å takle utanforskap på.

Ghetto-identitet

Mo er ein sånn som går i eitt med veggen og berre kjem til synes kvar gong han får ein ny toppkarakter. Jamal har lærevanskar og ein vanskeleg familiesituasjon, men lét seg ikkje dra ned av overdriven grubling; han taklar livet med hiphop, hasj og humør.

Shakar skildrar altså ikkje berre livet som fattig og framandkulturell, men også forskjellen på ein robust og ein skjør psyke, på å ha dominerande foreldre og å styre sitt eige liv, på å adoptere normer det er vanskeleg å leve opp til, eller finne alternative verdiar.

Her ligg nøkkelen til tittelen Tante Ulrikkes vei. Medan Mo drøymer seg vekk til noko betre, lærer Jamal av hiphop-en; han tar det inn i identiteten å vere «ghetto» og «representere» heimstaden. Slik seier Shakar noko om kvifor skam og ære er viktig for oss alle, noko som også kan gi eit nytt perspektiv på religiøse æreskulturar.

Shakars debutroman er ikkje like sensasjonell som bøkene til svenske andregenerasjons innvandrarar som Jonas Hassen Khemiri og Johannes Anyuru i Sverige, men forteljarevna hans plasserer han trygt inn i toppsjiktet av norske debutantar.

Merete Røsvik Granlund

Merete Røsvik Granlund er fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Shakar seier noko om kvifor skam og ære er viktig for oss alle.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis