Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Årets beste kinofilmar

Det er tid for å finne ut om du har fått med deg det beste av filmåret 2017. Her følgjer favorittane til dei tre filmmeldarane våre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ruben Östlund har laga årets beste film, The Square, meiner Håkon Tveit.

2668
20171229
2668
20171229

Eit nytt godt år på kino går mot slutten. Er dei siste åra noko å spå om framtida utifrå, rår eg folk til å bruke nyttårsløftet på fleire kinoturar. Desse ti var spesielt verde billetten i 2017:

Auteurar

Årets beste film var The Square av Ruben Östlund. Svensk palmesus i Cannes var vel unt. Fryktlaus, provoserande og rasande festleg skandinavisk sjelegransking tolte to turar på kino. Ein annen stor auteur, chilenske Pablo Larraín, var like freidig med Neruda. Det praktfulle poetportrettet har herleg humor og ein særeigen stil som bryt alle kunstens reglar.

Sjangersuksess

Sjangerfilm er ofte trygt og tradisjonelt. Då er det godt å ha djerve debutantar. Get Out av Jordan Peele er mest spanande satire, men amerikanaren fekk med god grunn ros for eit friskt pust i skrekksjangeren. Skrekkfilm fekk friskt blod òg med fransk-belgiske Raw av Julia Ducournau. Oppvekstdramaet hennar har eit kannibalsk klimaks og høg kvalitet i alle ledd.

Ei meir erfaren fransk dame som tek thrilleren til nye høgder, er Isabelle Huppert. Spelet som diva i Elle av Paul Verhoeven er fyrsteklasses. Den nederlandske sjangersmeden prikka inn forma i år. Den yngre garde i USA byd òg på friske variantar av krimthrilleren. Good Time av Safdie-brørne frå New York var ein uimotståeleg skiten heisatur med stort hjarte.

Dramadronningar

Oscar-vinnar Moonlight av Barry Jenkins trefte ein nerve hjå meg òg. Spesielt rolla til Mahershala Ali var flott, og musikken var midt i blinken. Både Jenkins og konkurrenten Kenneth Lonergan med Manchester by the Sea tok strukturelle sjansar og fekk full klaff. Minneverdig skodespel og meisterleg musikk var andre fellesnemnarar. Årets beste lydspor kom likevel frå Brasil i Aquarius av Kleber Mendonça Filho. Hans samansette og smarte drama hadde òg hjelp av ei diva på høgde med Huppert i Sônia Braga. Dei er superstjerner.

Tyskland trefte blink i år som i fjor. 24 uker av Anne Zohra Berrached reiv i sjela med sitt ærlege, opne blikk på abort. Julia Jentsch er knakande god som komikar i knipe. Elles fekk eg store filmopplevingar med drivande drama frå både Finland, Iran og Romania i år.

Årets norske

På heimefronten var Joachim Trier tilbake med Thelma. Stilistisk teft, kjærleik til sjangeren og ei komande stjerne i Eili Harboe skapte ein heilstøypt film. Elles vil eg hylla intensiteten i Hva vil folk si og eit meisterleg balansert manus i Hjertestart.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis