Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Årets oppskrytte film i 2017.

Årets oppskrytte film i 2017.

Årets oppskrytte film i 2017.

Årets oppskrytte film i 2017.

2019
20171229
2019
20171229

Årets oppskrytte

Det heldt på å tippa over for meg då La La Land vart nominert til ørten Oscar-prisar, inkludert beste film. Beste film?! Dritfilm! Han er irriterande på så utruleg mange måtar, frå den nedlatande måten Ryan Gosling forklarar jazz (djæææzzzz) til Emma Stone på, til det kritkvite universet dei speglar, og som kunne fått meg til å tru at Hollywood faktisk ynskjer seg tilbake til 50-talet på skikkeleg. Ingenting gjer meg meir mistruisk enn musikalar, særleg slike som bringar nostalgi over ein æra prega av rasisme, kvinnediskriminering og klasseskilje. Håkon syntest i tillegg at filmen var kjedeleg, skulle eg helsa og seia.

B.A.

Årets Dag og Tid-filmkrangel

I år har Håkon og Brit vore over gjennomsnittet einige til dei å vera, men éin film opprettar kranglenivået, nemleg The Killing of a Sacred Deer. Medan Håkon meinar satiren svir og det mørke synet på menneska er meisterleg meisla ut, kjøper ikkje Brit regissør Yorgos Lanthimos’ kunst for kunstens skuld. I motsetning til The Lobster, der alt var fantasi og galskap, bevegar The Killing of a Sacred Deer seg i grenseland, noko Brit ikkje likar, medan Håkon synest universet i filmen er forfriskande sprøtt. Eigentleg ein ganske tam krangel, med andre ord. Nokon må vel klara å laga ei spekulativ sexscene me kan vera ueinige om neste år. Elles kjem det inn frå sidelinja ein kommentar frå vår nye kollega Sondre: «Eg likte han ikkje!» Temperaturen stig.

B.A.

Tre på topp

Filmar som burde ha fått kinodistribusjon i Noreg:

1) A Ciambra av Jonas Carpignano. Oppfølgaren til Middelhavet er knakande god og visuelt flottare. Romguten Pio Amato er rå i rolla som seg sjølv på veg mot livet i Sør-Italia.

2) April’s Daughter av Michel Franco. Eit sprøtt manus med uventa vendingar skapar storveges underhaldning i ein forstyrrande film frå Mexico med Emma Suárez (Julieta) i slag.

3) Ava av Léa Mysius. Den kjekke og fargesprakande filmen om ei jente som misser synet, avslører eit stort talent som hadde fortent å nøya frankofile nordmenn.

H.T.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis