Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Armensk ange

Khatsjaturjans symfonidebut har transkaukasisk koloritt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den armenske sovjetkomponisten Aram Khatsjaturjan (1903–1978).

Foto via Wikimedia

2918
20241101
2918
20241101

CD

Aram Khatsjaturjan:

Symphony No. 1; Dance Suite

Robert-Schumann-Philharmonie; dir.: Frank Beermann. CPO 2024

Frank Beermann, som dirigerer Robert-Schumann-Philharmonie, har nærma seg Aram Khatsjaturjans tre symfoniar baklengs. Albuma med den tredje og andre symfonien kom for nokre år sidan. No er symfoni nr. 1 her, på ei plate som også inneheld ein dansesuite. Begge verka ber tydeleg preg av armensk og georgisk folkemusikk. Men sjølv om rytmane og tonaliteten er suggererande eksotiske, er heilskapen – særleg i symfonien – velforma, med polert instrumentasjon. Me får inntrykk av ein sovjetkomponist med grundig skolering innanfor den franskinfluerte russisk-romantiske tradisjonen, som støtt held modernismen på armlengds avstand.

Khatsjaturjan kom til verda i Tiflis i 1903 (dagens Tbilisi, hovudstaden i Georgia), som den gongen var del av det russiske imperiet. Under sovjetiseringa av Kaukasus i byrjinga av 1920-åra flytta han til Moskva for å studera biologi, men skreiv seg snart inn på konservatoriet, der han i 1934 tok diplomeksamen med Symfoni nr. 1 i e-moll. Året før hadde han komponert sin fyrste storskala orkesterkomposisjon, Dansesuite.

Sovjetkonform

Nokon dissident var partimedlemen Khatsjaturjan på ingen måte. Han var mangeårig sekretær i det sovjetiske komponistsambandet og hadde jamvel sete i det øvste sovjet, Sovjetunionens lovgivande forsamling. I dag blir han rekna mellom dei fremste Sovjet-komponistane. Hovudfortenesta var måten han lyfta fram og integrerte den heimlege tradisjonsmusikken frå Transkaukasia i den klassiske kunstmusikken på. At regionen har mange kulturar, vitnar titlane i dansesuiten om. Fyrstesatsen «Transkaukasisk dans» blandar armenske og aserbajdsjanske dansar. Resultatet minner underleg nok mykje om musikken i storfilmen Lawrence of Arabia frå 1962. Andresatsen «Armensk dans» syner kor god han var til å byggja opp spenning med enkle verkemiddel, gjennom stadige repetisjonar av enkle melodiske motiv.

To usbekiske dansar fylgjer, før suiten endar med ein oppjaga «Lezginka», ein virtuos sverddans som fleire kaukasiske folkegrupper har sams. Skarptromma går her som ein sperreeld gjennom heile satsen og slår effektivt ned på alle ansatsar til motstemmer.

Innful marsj

Khatsjaturjan dediserte debutsymfonien sin til den armenske sovjetrepublikkens 15-årsjubileum. Ulikt dansesuiten er ikkje det folkemusikalske her berande i den musikalske arkitekturen, men fungerer heller som koloritt. Dette er tydeleg i soloane til treblåsarane i opninga av andresatsen, «Adagio sostenuto», som gjennom langsame repetisjonar utviklar seg til ein innful marsj. Desse for Khatsjaturjan så typiske lange stigingane i dynamisk og rytmisk intensitet blir godt realiserte av dirigenten Beermann.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis