JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Aukrusts todelte verd

Anders Heger har sett saman ein jubileumsantologi som gjev godt oversyn over Aukrust-verda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjell Aukrust ved arbeidsbordet i Oslo i 1977.

Foto: Oddvar Walle-Jensen / NTB scanpix

6135
20200313
6135
20200313

Skjønnlitterær antologi

Anders Heger (utval):

Kjell Aukrusts verden

Cappelen Damm

Sidan andre verdskrigen har Noreg vore så heldig å ha hatt tre store og folkekjære teiknar–forteljarar, altså slike som var like framståande både som teiknarar og som forteljarar, og som fekk desse uttrykka til å samvirka på forsterkande vis. Dei illustrerte forteljingar og fortalde teikningar: Torbjørn Egner (fødd 1912), Fredrik Stabel (fødd 1914) og årets 100-årsjubilant Kjell Aukrust, som vi feirar den 19. mars. I jubileumshøvet har forlaget til Aukrust, Cappelen Damm, som har slukt det opphavlege forlaget hans, Helge Eriksens forlag, gjeve ut ei jubileumsbok redigert av Anders Heger, som skal gje eit oversyn over Aukrusts produksjon, eller som tittelen seier, hans verd: ein Aukrust-antologi. Rett nok er flest sider vigde tekstane. Aukrust hadde òg ein sjølvstendig karriere som biletkunstnar, med både målarstykke – sjølv om han var fargeblind – og teikningar av gardar liggjande i åssider. Ikkje ulike slike Egner laga. Aukrust tente dessutan pengar på å laga idylliske julekort som i dag går for opp mot 20.000 kroner.

Realisme og fiksjon

I Aukrusts tilfelle er ordet folkekjær meir treffande enn i mange andre tilfelle. Denne meldaren er så gamal at han hugsar korleis det var i fedranelandet då Aukrust slo igjennom, eller vart «sleppt inn», for å referera til tittelen på sjølvbiografien hans «Slipp ham inn» (1979). Då Simen kom, i 1958, var lufta plutseleg full av Aukrust-sitat blant klassekameratane, der det mest populære var «Simen gjorde mye rart – en gang gjorde han i brønnen». Og to år etter sat dei vaksne og lo over Folk og Fe, denne gjennomteikna parodien på ei bygdeavis frå heimtraktene til Aukrust. Og deretter las hundretusenvis, både vaksne og barn Bror min, oppfølgjaren til Simen. I 1962 kom dessutan Flåklypa Tidende, oppfølgjaren til Folk og Fe, og i 1964 Bonden, avslutninga på den sokalla Alvdalstrilogien.

Då var det meste av Aukrusts verd skapt, og ho var todelt: Den eine halvdelen finn vi i Alvdalstrilogien. Dette er burlesk-realistiske skildringar av verkelege menneske i Alvdal, sett gjennom dei opne barneauga til Aukrust. Dei er ikkje minst illustrerte av poetisk strekøkonomiske teikningar av gardsbruka der handlinga gjekk føre seg, helst på vinterstid, der snøen berre er attgjeven som det kvite arket. Om vi skal samanlikna med noko, må det vera med Astrid Lindgrens Emil i Lønneberget-bøker. Dei fire gutane Simen, «bror min» Odd, Bonden og Kjell liknar alle på Emil, der dei prøver ut barnleg oppfinnsame prosjekt på kollisjonskurs med dei kjedelege vaksne. Far til Kjell, stortingsmannen og agronomen, har nok mang ein gong ropt «Kjeeell!» like høgt som Lønneberget-faren har ropt «Eeemiil!»

Den andre halvdelen av Aukrusts verd var ei fiktiv verd, innehaldande merkelege karakterar basert på bygdeoriginalar frå alvdalsmiljøet, men utvikla langt ut i det karikert groteske: den koleriske meieristyraren Kleppvold, med ein assistent, Emanuel Desperado, som var så karikert at han vart til ein gorilla; den nasjonalromantisk nynorske bygdediktaren Bronskimlet d.a.y.; ein lokal oppfinnar, Reodor Felgen, som laga kompliserte og upraktiske maskinar; sportsjournalisten Melvin Snerken med alt for store barrekningar og så bortetter. Her er illustrasjonane like karikerande som dei verbale karakterteikningane.

Pariodiar

Jau, dette er parodierande eit bygdemiljø og ei lokalavis, men det er ikkje satirisk eller vondsinna, slik forgjengaren Trangviksposten var det. Først og fremst er det grovkorna komisk – i tradisjonen frå norske bygdekomediar. Målet er ikkje å endra bygdene. Ein skal ikkje le av, men med karakterane. Perspektivet er snarare nostalgisk, noko som kan vera ei av forklaringane på at Alvdalstrilogien og Flåklypa vart så populære. Dei kom i ei tid, rundt 1960, då urbaniseringa i Noreg ikkje var komen så langt at ikkje mange framleis kunne vitja besteforeldre på gardar. Nett som Emil i Lønneberget var dette skriven for – og det appellerte til – sterke nostalgiske kjensler: nostalgi både for barndom og for bygdesamfunnet.

Difor kan ein spørja seg om desse bøkene ville ha vore like populære om dei hadde kome ut i dag. Jau, Senterpartiet har nesten 20 prosent oppslutnad. Lengten attende til bygdefortida er stor, om enn forsterka av subsidiar. Formidlinga av Aukrust-verda har dessutan følgt med i tida og funne nye medium som teater og ikkje minst film, der Flåklypa Grand Prix, ein dokkefilm laga av Ivo Caprino, kan henda er den mest sette norske filmen av alle. Fleire oppfølgjarfilmar har kome, slik at Aukrust-verda har vorte ei slags norsk Disney-verd.

Etter kvart kom det inn i Aukrust-verda også meir tid- og stadlause eventyrfigurar som Solan og Ludvig og Gurin, som egna seg godt til å verta masseproduserte som dokker til sal på Aukrustsenteret i Alvdal, eit Aukrusts Disneyland som opna i 1996. Men her må eg tilstå at eg lenge før hadde falle av. Eg fekk ikkje heilt tak i denne samanblandinga av realisme og fiksjon som gjorde det mogeleg for Solan å gå på Theatercafeen saman med Aukrust.

Og skal eg vera kritisk på eit politisk korrekt vis, må eg innrømma at det ikkje var alle klassekameratane mine som var begeistra for Simen. Berre gutane. Aukrusts verd er ei maskulin verd, folkesett av førpubertale gutar og postpubertale menn, der hokjønnet berre lagar mat til desse. Korkje sex eller kjærleik er tema. Like lite som i Disneyland.

Heger har funne eit representativt utval av tekstar, noko som ikkje var vanskeleg, for Aukrust skreiv heile tida nokso likt seg sjølv. Heger har òg skrive korte introduserande mellomtekstar som ikkje er for pratsame. Nokre av dei fine gard- og snøteikningane er heldigvis òg komne med.

Men kven som treng å kjøpa boka, er eg usikker på, i alle fall om ein allereie har dei beste bøkene: Alvdalstrilogien, Flåklypa-bøkene og sjølvbiografien.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Heger har òg skrive korte introduserande mellomtekstar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis