Besto sin kling
Av tidl. kokkelærling på Mæland Hotel i Granvin, Ivar Nimme
Ja, ho kunne koka,
Ja, ho kunne steika,
Bryggja og baka,
Bollar og brød,
Elta og kna,
Sylta og svi
Men no er ho borte,
Kjevla lagt vekk
Men oppskrift
på klingen
er rissa i blekk
den held eg høgt
blant mine kjæraste ting,
det hender eg byr fram
Besto sin kling.
Språkspalta me ikkje har
Eigentleg har ikkje denne utgåva av Innsida teke på seg noka språkspalte. Inntrykket er at det er så mange språkspalter. Likevel kunne Innsida ikkje dy seg for å ta fram ei overskrift frå den digitale utgåva av VG.
I dei knappe digitale media lyt ein òg få fram kva som hender nokolunde forståeleg. Denne mannen som tydelegvis brekte og bar seg i eit skianlegg, var det diverre ikkje bilete av. Kan det ha vore ein sau?
PS. Ikkje send inn noko til denne språkspalta. Ho finst eigentleg ikkje. Send inn skilt og bilete av norske matskattar eller gauper.
Skilt med haldning
Innsida har vore på ei skjenkjestove i den svenske hovudstaden. I garderoben hadde dei hengt opp eit skilt som var svært tydeleg på at kven som helst var velkomne til å arbeida her. Eit annleis skilt enn det ein er van med på restaurant, men absolutt noko me oppmodar andre til å gjera. Kanskje me kunne finna noko slikt på ferjo:
«Her på ferja jobbar sogningar, hardingar, bergensarar, ein albanar og ein og annan gravensar. Det går sånn nokolunde.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Besto sin kling
Av tidl. kokkelærling på Mæland Hotel i Granvin, Ivar Nimme
Ja, ho kunne koka,
Ja, ho kunne steika,
Bryggja og baka,
Bollar og brød,
Elta og kna,
Sylta og svi
Men no er ho borte,
Kjevla lagt vekk
Men oppskrift
på klingen
er rissa i blekk
den held eg høgt
blant mine kjæraste ting,
det hender eg byr fram
Besto sin kling.
Språkspalta me ikkje har
Eigentleg har ikkje denne utgåva av Innsida teke på seg noka språkspalte. Inntrykket er at det er så mange språkspalter. Likevel kunne Innsida ikkje dy seg for å ta fram ei overskrift frå den digitale utgåva av VG.
I dei knappe digitale media lyt ein òg få fram kva som hender nokolunde forståeleg. Denne mannen som tydelegvis brekte og bar seg i eit skianlegg, var det diverre ikkje bilete av. Kan det ha vore ein sau?
PS. Ikkje send inn noko til denne språkspalta. Ho finst eigentleg ikkje. Send inn skilt og bilete av norske matskattar eller gauper.
Skilt med haldning
Innsida har vore på ei skjenkjestove i den svenske hovudstaden. I garderoben hadde dei hengt opp eit skilt som var svært tydeleg på at kven som helst var velkomne til å arbeida her. Eit annleis skilt enn det ein er van med på restaurant, men absolutt noko me oppmodar andre til å gjera. Kanskje me kunne finna noko slikt på ferjo:
«Her på ferja jobbar sogningar, hardingar, bergensarar, ein albanar og ein og annan gravensar. Det går sånn nokolunde.»
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.