🎧 Balanserer på grensa
Dei sju dørene er småspennande, men kanskje litt for opplagd.
Agnes Ravatn skriv om ei forsvinning i den nyaste romanen sin.
Foto: Marius Viken
Lytt til artikkelen:
Roman
Agnes Ravatn:
Dei sju dørene
Samlaget
Uttrykket «my house is my castle» – «min heim er mi borg» – kjem frå eit engelsk rettsdokument på 1600-talet som skulle sikre at ein heim ikkje blei krenkt. Agnes Ravatns nye roman Dei sju dørene startar med at huset til Nina og Mads vert ekspropriert for riving – ei særs brutal form for krenking, for huset og for dei som bur der.
Romanen handlar om husvære og om konsekvensane av å mista tryggleiken i ein heim, leigd eller eigd. Nina og Mads bur i Bergen, og den aktuelle og omstridde utbygginga av Bybanen set handlinga i gang. Gjennom nokre seinhaustveker veks ekspropriasjonshistoria til ei krimgåte med uhyggelege konsekvensar. Den banale bekymringa rundt flytting og husjakt akselererer og blir ei utforsking av fortid, forteiing og falskneri. Den borgarlege idyllen historia er plassert i, sprekk, og dei veltilpassa og velutdanna figurane viser mindre danna sider ved seg sjølve.
Mysterium
Nina, universitetsprofessor i litteraturvitskap, er hovudperson. Mads er lege og helsebyråd. Det er legar og psykologar i næraste familie. Dramatikken startar tilforlateleg på nærast komisk-burlesk vis: Dottera har fått skjeggkre i bustaden sin og er dessutan gravid med barn nummer to. Ho treng noko større og får med seg mor si for å sjå på ein av dei andre bustadene familien eig. I huset bur leigetakaren Mari Nilsen, ei ung aleinemor. På framfust vis trampar dottera inn og nærast okkuperer hus og leigebuar, ikkje minst verbalt. Få dagar etter har Mari flytta ut. Etter kort tid vert ho meldt sakna.
Nina er den som blir mest involvert, dels av dårleg samvit av di dottera var så direkte mot den unge kvinna, men òg av ein undertrykt trong til å få bruke det ho kan: finne mønster i forteljingar og tolke underliggande motiv. Tidleg i boka har ho, ikkje heilt planlagt, sagt offentleg at litteraturvitarar burde arbeida i politiet. Den aktive innsatsen til Nina, i kontakt med Maris foreldre, praktisk plassert der Nina eig ei hytte, og eksmannen, som akkurat har flytta til Bergen, gjer henne til ein pådrivar. Ved juletid, når mange er samla, fell brikkene på plass, som i ein klassisk kriminalroman.
På grensa
Slik eg les Dei sju dørene, er dette ein småspennande, men kanskje litt opplagd roman, der han balanserer på grensa mellom harselas, ironi og medkjensle. Familieskildringa har eg stor sans for. Kvardagen, og særleg omgangen med det tre år gamle barnebarnet Milja, er naturleg voven inn i forteljinga. Likeins det store perspektivet på kva romma rundt oss har å seie for kven vi er, og korleis det å tømme gamle rom og fylle nye kan gjere oss til andre menneske.
Tittelen og eitt plan i historia er knytt til noko litterært, til fablar, mytar og kunstuttrykk som operalibretto og skodespel. Via Riddar Blåskjeggs borg av Béla Bartók kjem noko grotesk-erotisk inn i historia. På eit nær fagpsykologisk vis vert Bruno Bettelheims og Sigmund Freuds teoriar om dette valdelege eventyret og librettoen diskutert. For meg vert desse elementa aldri heilt vellukka integrerte i handlinga.
Ninas intense, men impulsbaserte «etterforsking» har dessutan noko av eit Frøken Detektiv-preg. Når eit sett tilfeldige hendingar, som ettergløymde kassar i tomme hus og skrivehefte som lagleg dukkar opp, er naudsynte for å drive fram handlinga, vert underhaldningsaspektet litt for styrande, noko som òg gjeld løysinga heilt til slutt. Løysinga er knytt til eit kjent grep i norsk litteratur, frå Camilla Collett av, der ein som ikkje skal høyre, høyrer.
På den positive sida er ei tidstypisk, angstfylt skildring av ikkje å vite om ei kompromitterande datamelding vart send eller ikkje, fint utnytta. Og som i vellukka krimhistorier vert mistanken på dei siste sidene fiffig kasta rundt, sjølv om den verkeleg vakne lesaren har ana i kva retning det ber. Den som les boka to gonger, kan sjå kor elegant Agnes Ravatn har planta dei finaste spor i forteljinga like frå start. Dei sju dørene er ein lettleseleg, rimeleg spanande roman, sjølv om han ikkje står seg mot den meir heilstøypte Fugletribunalet.
Janneken Øverland
Janneken Øverland er litteratur-
vitar, forfattar og forlagsredaktør.
Dag og Tid nyttar ein ekstern meldar, sidan Agnes Ravatn
er knytt til Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som i vellukka krimhistorier vert mistanken på dei siste sidene fiffig kasta rundt.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.