Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

🎧 Ein nordlending med brei pensel

Karl Erik Harr gjer opp rekneskap for eit usedvanleg flittig liv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Strandåtinden, som Harr har måla hundre gonger. Her i  vinterlys.

6078
20200515
6078
20200515

Lytt til artikkelen:

Sakprosa:

Karl Erik Harr

Vindkast.
En selvbiografi

Orkana

8. mai i år, på sjølve frigjeringsdagen, vart Karl Erik Harr 80 år. I ein slik fødselsdato kan ein sjølvsagt finna mykje symbolikk: Her hadde Noreg lenge, frå 1800-talet av, vore eit sjølvstendig kunstland, stolt av sine fjordar, fjell og elvar og skogar, ja, kort sagt sine storslegne landskap, pluss ein og annan bonde og fiskar. Men så, omtrent samstundes med at vi endeleg vart kvitt den tyske militærokkupasjonen, kom ein ny okkupasjon, denne gongen av kunstlivet og særleg frå Frankrike. Vekk med nasjonale bilete, altså norske elgar i solnedgang, og inn med internasjonalistiske abstraksjonar og non-figurative rorschack-flekker.

Men heldigvis fekk vi ei ny motstandsrørsle som rykte inn i byane frå fjordar og fjell og elvar og skogar og saboterte modernistane. To av dei fremste områdeleiarane i denne heimefronten var Odd Nerdrum og Karl Erik Harr, båe sentrale i ei nyromantisk utstilling i Oslo Kunstforening i 1970. Året etter marsjerte Harr åleine inn i Kunstnernes Hus med ei stor utstilling. Der var eg, utflytta nordlending med lengt etter fjell og hav, saman med mange andre som var like oppglødde som det norske folket hadde vore i 1945. Vi ropa like høgt hurra for atter ein gong å sjå slike fjell og dalar i Harrs bilete. Til og med «fjellene selv roper langt hurra». Men modernistane skar tenner.

CV

No er denne frigjeringa frå modernismens einsretting for lengst over. Harr har vorte 80 år og fått St. Olav og eige kunstmuseum. Så det er passande at han har laga ein sjølvbiografi. Det er ikkje tilfeldig at eg seier laga og ikkje skrive, for boka er passande nok ikkje berre tekst, som rett nok er utvida med ein del sjølvskrivne dikt av skiftande kvalitet, men vel så mykje bilete av jamt flott kvalitet.

Men heller ikkje er det ein sjølvbiografi i vanleg forstand, i tradisjonen frå Augustin og Rousseau. Vi finn ikkje mykje psykologisk sjølvrefleksjon og heller ikkje mykje privatliv. I staden for «En selvbiografi» ville eg heller ha brukt «Et curriculum vitae» som undertittel, for det er slik bokteksten er ordna. Han er strengt kronologisk, så i staden for kapitteloverskrifter står det berre fortlaupande årstal, med nokre hopp undervegs. Og det som står under årstala, er strengt teke berre ei oppramsing av kva Harr har gjort dette eller desse åra: Kvar han har vore og måla, og kvar han har stilt ut, kva for offentlege dekorasjonar han har laga, kva for bøker han har skrive, kva for bokillustrasjonar han har gjort, eller kva for mykje anna.

Og ikkje minst kva for nye vener han har fått, som vert stadig fleire etter som åra går. Desse er stort sett mektige antimodernistiske kulturkjendisar som har gjeve mykje oppbakking, særleg i Nord-Noreg i samband med utviklinga av ein nordnorsk identitet. Jau, Harr har møtt motstand og opplevd atterslag frå kulturbyråkratar og fått fjerna dekorasjonar og vorte kasta ut av galleri. Men kunstverda har alltid vore ein kamparena, sjølv om ein kunne ha ønskt at tusen blomar kunne få blomstra saman i fred: Det handlar om pengar og ære, og eg skulle tru at Harr har fått sitt av dette.

Lesaren får inntrykk av at Harr sit og blar i eit utklippsarkiv (noko han mot slutten òg seier at han gjer), og av og til plukkar ut ymist som vert sitert, til dømes kritikkar, dels negative, skrivne av modernistar, men sjølvsagt mest positive. Og ettersom åra går, dukkar det opp kvinner som han giftar seg med og får barn med. Som han skil seg frå, men finn nye kvinner som han får barn med og skil seg frå osb. Her kom eg ut av teljinga. Alle desse kvinnene er vedunderlege, men kvifor dei må skilja lag får vi, kan hende heldigvis, ikkje vita. Som sagt er dette ikkje ein psykologisk sjølvbiografi av det slaget som trekkjer fram synd og perversjonar hos forfattaren.

Havbølgjer og fjell

Så kvifor har Harr laga ein slik CV? Det er jo noko ein normalt lagar på veg oppover i eit karrierelaup, medan Harr no er på toppen. Vel, eg kan tenkja meg to adressatar: Den eine er framtidige kunsthistorikarar som her får eit godt oversyn over utstillingar og allment interessant bakgrunnsstoff for utvikling av bilete og stil. Det er alt skrive bøker om Harr.

Og den andre adressaten? Det er noko som ligg over alle karrierar, der ein ifølgje den robuste nordnorske lite pietistiske kristendomen skal levera frå seg CV-en sin. Harr har i arbeidet med altertavler og bygging av kapell vorte ein kristen, med mange biskopar som venner: «Arbeidet med altertavlen ble en vei inn i et mere aktivt trosliv. Jeg kunne jo ved Gud ikke stå der og hykle religion!» Rett nok kan ikkje protestantar melda seg for katolikken Sankt Peter. Men herr Petter frå Alstahaug, gamal kjenning som han er for Harr, må vel kunne ta imot CV-en. Helst om mange år. Som kan vitna om at Harr ikkje har gjort seg skuldig i dødssynda latskap: Så langt har han bak seg meir enn 125 utstillingar, om lag 50 offentlege utsmykkingar, 34 bøker, 56 illustrasjonsoppdrag i bøker skrivne av andre, særleg Hamsun-bøker. I tillegg kabaretar og TV-program.

Må eg til slutt få seia kva eg spesielt likar i Harrs kunstnarskap, og som denne boka har mykje av: Kystmåleria med havbølgjer og fjell. Desse er slett ikkje gamaldagse, men viser oss denne verda på eit heilt nytt vis, ulikt det andre gamle kystmålarar, som Adelsten Normann og Gunnar Berg har gjort, og like personleg som Lofot-bileta til Lars Lerin. Eg er ikkje så interessert i denne nordnorske kulturpakken med Bremnes og Sivertsen og Oluf og Hamsun, rørt saman til eit «det e hær æ høre tel»: Men fjella og havet er ikkje nordnorske. Heller ikkje den monumentale Strandåtinden utanfor Harrs hus i Kjerringøy, som han har måla 100 gonger. Dei har vore der i fleire milliardar år. Så lenge vil vel ikkje Harr-bileta vare. Men ei god stund.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved UiO og fast skribent i Dag og Tid

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Vi finn ikkje
mykje
psykologisk
sjølvrefleksjon, og heller ikkje mykje privatliv.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis