Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

🎧 Kvinna og mytane

Du skal ikkje tru det du trur du veit om Margaret Thatcher.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Margaret Thatcher saman med ektemannen Dennis i 1979, då ho var den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia.

Foto: Bob Dear / AP / NTB scanpix

5232
20191129
5232
20191129

Lytt til artikkelen:

Sakprosa

Dominic Sandbrook:

Who Dares Wins. Britain 1979–1982

Penguin, London 2019

Då Thatcher tok over som statsminister i Storbritannia i 1979, skjedde det noko merkeleg. Arbeidsløysa byrja å stiga frå eit høgt nivå til eit stadig høgre nivå. Storbritannia gjekk inn i ein resesjon. Men samstundes byrja realløningane til dei som framleis hadde arbeid, å stiga kraftig, og det samstundes som fagforeiningane fekk stadig dårlegare avtaler. Dette skal då ikkje skje etter teorien. Når det er stor arbeidsløyse, skal løningane stagnera sidan folk vert redde for å mista arbeidet.

Det handla om produktivitet. Då Thatcher tok over, var produktiviteten på om lag 60 prosent av Tysklands. Ein japansk stålarbeidar produserte noko sånt som fem gonger så mykje som ein britisk per skift. Då John Major tapte makta i 1997, hadde Storbritannias produktivitet kome opp på tysk nivå. Den jamne briten hadde fått ein dramatisk høgre levestandard av di dei fekk mykje av verdiskapinga den auka produktiviteten førte med seg. Men kor mykje av æra for dette kan Thatcher taka? Ein del. Men for å seia det slik: Det meste av det som skjedde, var ikkje nett planlagt.

God bok

Thatcher, som dei fleste andre politikarar, har fått både altfor mykje ære og altfor mykje skuld. Dominic Sandbrook er ein britisk historikar som fortel det faghistorikarar og andre forskarar har vorte samde om, men han fortel det i ei form som gjer at han når vidare og breiare enn nokon faghistorikarar kan drøyma om. Who Dares Wins. Britain 1979–1982 er den siste boka i lang rekkje med bøker om britisk etterkrigshistorie. Kvar bok dekkjer eit stadig kortare tidsspenn, og vi får vona at han kjem i mål, før han døyr.

Lat det berre vera sagt: Bøkene er suverene, og det er denne òg. Men metoden er alltid den same: historia til dei politiske toppane på basis av faglitteratur, gjennomlesing av eit utval aviser og såkalla «oral history» – basert på eit stort britisk arkiv der eit utval menneske i etterkrigstida har skrive om kvardagslivet – i kombinasjon med forbruksmønster. Eg har forståing for lesarar som vert trøytte av skildringar av møblar og nye matrettar.

Ingen kutt

Thatcher arva ein miserabel økonomi der fagforeiningane hadde streika britisk økonomi nord og ned. Men det er ein myte at ho kutta i offentlege utgifter, dei auka også i absolutte og inflasjonsjusterte tal under henne. Men for å få ned inflasjonen, som ho ikkje lukkast med før langt ut i regjeringstida si, kjende ho seg tvinga til ikkje å auka utgiftene på basis av alt vedtekne investeringsplanar. Dessutan fekk ho ikkje bort budsjettunderskota, men ho makta etter kvart å redusera låneopptaka til under veksten i økonomien.

I røynda vidareførte ho likevel i stor grad ein økonomisk politikk som den førre Labour-regjeringa hadde vedteke. Også dei hadde vedteke å få ned budsjettunderskota og slutta med stadig større subsidiar til den statsåtte industrien. Då Thatcher tok over, var ho – men særleg rådgjevarane hennar – svært opptekne av monetarisme, altså at pengepolitikken nærast kunne mikrostyrast på basis av pengemengd. Monetarismen kom frå Milton Friedman, som sa at inflasjon alltid vert avgjort av pengemengda. Finansministeriet laga difor nokre fancy diagram og planar om kor stor pengemengda skulle vera. Det gjekk rett åt skogen, særleg av di Thatcher oppheva den britiske valutarasjoneringspolitikken som dei hadde halde på mykje lenger enn andre statar. Britane fekk no fritt taka med seg pengar til utlandet, og bankane og verksemdene tilsvarande låna fritt i utlandet. Kva skjedde då? Pengane strøymde inn over landet, og pengemengda eksploderte.

Auka renter

Difor måtte Thatcher gå med på det gamle rentevåpenet for å få ned inflasjonen. Ho hata det av di det gjekk utover mellomlaga som hadde høge huslån. Men når dessutan staten trong pengar, måtte dei tilby høgre rente. Men jau, ho knekte den verste fagforeiningsmakta. Men fagforeiningane knekte i stor grad seg sjølve. Arbeidarane vende dei ryggen av di dei visste at stadige streikar førte til at dei mista jobben, og då var det ingen ny jobb å gå til.

Thatcher var elles ein sterk tilhengjar av EUs indre marknad. Dette var ein av grunnane til at ho fekk Nissan til å investera i ein stor fabrikk utanfor Sunderland. Der har det faktisk aldri vore streik – Nissan forlangte at arbeidarane organiserte seg i ei fagforeining i staden for fleire titals som var norma – og fabrikken vart verdas kanskje mest produktive. Etter ein eventuell brexit er det godt mogleg at fabrikken forsvinn. Ja, Thatcher forakta euroen og alt valutasamarbeid, men total fri flyt av varer og tenester utan hinder, det var ho for.

Arven etter Thatcher er vel vellukka privatisering, overgang frå industri til tenester og eit sterkt finansmiljø i London. Men ho skar altså ikkje ned offentlege utgifter, og ho prova dessutan at pengemengdeteorien som politikken skulle byggja på, i grunnen var eit nokså stort tøv. Men ei talefør kvinne, det var ho. Og så hadde ho flaks då ho fekk ein liten krig. Vellukka krigar liker britane.

Jon Hustad

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fagforeiningane knekte i stor grad seg sjølve.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis