25 års taktløyse
Norsk Komponistforening valde å la Geir Johnson vera redaktør for jubileumsboka. Det blir som om Arbeiderpartiet skulle ha bede Trond Giske skrive Arbeiderpartiets historie for dei siste 25 åra.
Innimellom finn vi svartkvittfoto av komponistar som sit aleine på arbeidsrommet sitt. Her representert med komponist Ragnar Søderlind.
Foto: Renate Madsen
JUBILEUMSBOK
Geir Johnson:
100 års utakt. Norsk Komponistforening 1917–2017
Grappa Musikkforlag
Norsk komponistforeining (NKF) feirar hundreårsjubileum i år, og har fått laga ei bok med ein tittel som viser at ho verkeleg handlar om desse hundre åra. Ein skulle òg tru at om NKF såg på seg sjølv som ein sentral nasjonal kulturinstitusjon, ville dei gje arbeidet med ei slik bok til ein profesjonell historikar eller kultursosiolog som kunne sjå på organisasjonen utanfrå og setta han i samanheng med resten av norsk kultur, i motsetnad til når eit lokalt idrettslag får skriva jubileumsboka si av eigne folk, og ikkje ventar at andre skal vera interessert i henne. For frå gamalt av har norske komponistar spela ei viktig rolle i norsk kultur.
Men det er nettopp ei slik intern krønike denne boka har vorte, med einsidig interesse berre for ein fraksjon i NKF: Er dette eit signal om at NKF ikkje lenger er ein nasjonal kulturinstitusjon? Dessutan ville ein meir treffande tittel ha vore «25 års taktløyse». For det er stort sett dei siste 25 åra boka handlar om, sjølv om akkurat det kan rettferdiggjerast av at det kom ut ei jubileumsbok ved 75-årsjubileet.
Men så einsidig måtte det verta når NKF har gjeve redaktøroppdraget til Geir Johnson. Det blir som om ein skulle ha bede Trond Giske om å skriva Arbeiderpartiets historie for dei siste 25 åra. For Johnsons rolle innan norsk «klassisk» samtidsmusikk kan samanliknast med rolla til Egil Monn Iversen, gudfaren innan populærmusikk og musikkteater.
annanrangs
Sidan slutten av 1980-talet har Johnson, med imponerande makt- og organisasjonstalent, vore med på å byggja opp ei rekke «modernistiske» musikkinstitusjonar kring i landet, til slutt i Oslo som president i Ny Musikk og grunnleggjar av Ultima-festivalen, der han var direktør frå 1999 til 2009, då han noko motstrevande slutta. I tillegg sit han i eit utal styre, og han har vore redaktør i musikktidsskrift, for å fremja den einaste rette utviklinga av kunstmusikken, der den estetiske ideologien seier at musikken heile tida må vera nyare enn seg sjølv, eller slik komponisten Olav Anton Thommessen seier det mot ein yngre kollega, Marcus Paus: «Annen gang er annenrangs.»
Eit kjent uttrykk seier: «Den som har makt over fortida, har makt over framtida: Den som har makt over notida, har makt over fortida.» I jubileumsboka har Johnson gjeve seg sjølv nær halvparten av dei 180 sidene. Og innleiingskapitlet er viktigast: Der kan han, frå sin maktposisjon i notida, ta makt over fortida, for slik å sikra seg makt over framtida. I dette kapitlet får vi fortald ei klassisk modernistisk, mytisk heltehistorie: om korleis det gode vinn fram mot det vonde – dei gamaldagse komponistane og reaksjonære kunstinstitusjonane som opera- og symfoniorkestra. Det er til og med ein tidleg martyr i forteljinga, ein Johannes døyparen: modernistpioneren John Persen, som ikkje får oppført operaen sin, og som til slutt blir gravlagd utan kongelege til stades, i motsetnad til Sæverud og Nordheim.
Johnson, derimot, må vi tru, vert snart heidra med ein velfortent St. Olav.
tianderangs
No er det òg andre enn Johnson som slepp til, i resten av boka, men for det meste som underordna og innbyrdes sprikande supplement til den store forteljinga. Men desse små forteljingane, dei fleste kalla «Sideblikk», er likevel ofte meir interessante, særleg for oss utanfor NKF, som når Christian Eggen fortel – med mykje erfaring – om korleis det er å innstudera verk med komponisten til stades, og når Geir Are Jensen fortel om den lokale og originale komponisten Sigmund Lillebjerka.
Innimellom finn vi svartkvittfoto av komponistar som sit aleine på arbeidsrommet sitt, framføre datamaskinar, og ufriviljug avslører kor avstengde dei er frå verda utanfor, lite plaga av oss lydarar.
Det beste med boka er at det følgjer med lydfiler der ein kan høyra resultata av Johnsons ideologi. Nei, eg kritiserer ikkje at det er mykje «avantgardemusikk», gjerne kalla «pling-plong», laga av einskildklangar som skal hindra oss i å få banale forventningar om musikalsk utvikling, til dømes av dei gamle sjølverklærte pling-plongarane Buene og Hellstenius – gjenteke så mykje at deira eige Thommessen-prinsipp kan brukast mot dei: Dersom andre gong er annanrangs, må tiande gong vera tianderangs. Det eg kritiserer er at mangfaldet av andre komponistar, som brukar ein annan estetikk, ikkje er med, slike som Kleiberg, Kverndokk, Flem, Søderlind etc. Dette kjem særleg tydeleg fram i ei liste over plateutgjevnader 1992–2017, der éin CD representerer kvart år. Her er det berre Johnson-folk med, sjølv om til dømes Kleiberg i denne perioden gav ut 16 CD-ar. Kva anna funksjon har ei slik liste enn å kanonisera ein bestemt estetikk til fortrenging av ein annan?
Kvifor desse fraksjonsmotsetnadene i NKF? I akademia har vi noko som heiter Sayres lov: «I alle disputtar er kjensleintensiteten omvendt proporsjonal med kor viktig saka er.» Dette gjeld særleg innan mitt eige fag, filosofi. Men innan musikk òg? Nei, her er eg samd med Schopenhauer: Musikk er mykje viktigare enn filosofi.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det eg kritiserer er at mangfaldet av andre komponistar, som brukar ein annan estetikk, ikkje er med, slike som Kleiberg, Kverndokk, Flem, Søderlind etc.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.