JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å irritere seg eller ikkje, det er spørsmålet

Den historiske ekskursen til Fridtun burde vore pensum for alle som er sterkt ramma av skrivefeilirritasjon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5431
20210521
5431
20210521

Sakprosa

Kristin Fridtun:

Kunsten å irritera seg over skrivefeil. Kvifor gjer me det, og har det noko for seg?

Samlaget

Kven andre enn Kristin Fridtun ville finne på å kalle ei bok Kunsten å irritera seg over skrivefeil? Her har ho sett seg føre å finne ut kvifor somme får hjartebank og irritasjonskløe over skrivefeil, altså feil som bryt med skriftnormene for anten nynorsk eller bokmål, og kvifor andre berre trekker på skuldrene av slikt.

I form minner boka om ei vitskapleg avhandling. Fridtun går metodisk til verks og innfrir forskingsetiske krav gjennom referansar og ordentleg sitatpraksis og ved å ære dei som ærast bør. Men i motsetnad til mange avhandlingar er forfattaren sjølv tydeleg til stades i teksten, med eit moderne uttrykk «byr ho på seg sjølv».

Irritasjon

I første delen av boka diskuterer ho irritabilitet generelt og skrivefeilirritabilitet spesielt. Dette svarer til dei obligatoriske definisjonsøvingane i mange vitskapsverk. Å definere er å avgrense. Eg kan likevel ikkje sjå at desse definisjonsøvingar er særleg nyttige her.

Derimot er Fridtuns eigne observasjonar både nyttige og interessante. Ho fortel at ho ofte har intervjua folk om kvifor dei irriterer seg over skrivefeil. Heller enn å svare på kvifor-spørsmålet svarer dei ho spør, på eit ikkje stilt kva-spørsmål. Dei fortel om kva dei irriterer seg over, ikkje kvifor dei irriterer seg. Men irritere seg gjer dei.

Fridtun har dessutan granska ei rad bloggar, kommentarfeltinnlegg og andre typar nettsider om språk, og ho slår fast at i slike innlegg er tonen meir enn skarp nok. I tillegg har ho fått skrivefeilirriterte frå diskusjonsgruppa Språkspalta på Facebook til å delta i ei spørjeundersøking. Svara på denne undersøkinga viste seg å vere langt meir nyanserte enn inntrykket Fridtun hadde etter dei tidlegare observasjonane.

Ut frå svara kunne ho dele respondentane inn i tre grupper, i tillegg til dei som ho var vel kjend med frå før, altså dei som utan skruplar kringkastar irritasjonen sin over skrivefeil vidt og breitt. Den første gruppa var dei som irriterer seg, men held irritasjonen for seg sjølv, den andre dei som prøver å halde irritasjonen sin for seg sjølv, men ikkje greier det, og etterpå skjemmest over det, og den tredje dei som tidlegare irriterte seg mykje, men som ikkje gjer det lenger. Dette er interessante funn.

Tillært åtferd

I eit underkapittel som heiter «Skrivefeilirritasjon: ei uro kulturen plantar i oss og lærer oss å dyrka», tar ho opp haldningar språkvitarar flest har til brot på rettskrivingsreglane, jamført med oppfatningane til den språkinteresserte ålmenta. Det er sjølvsagt rett at å irritere seg over skrivefeil er tillært åtferd. Ved å studere språk og språkvitskap blir dei fleste av oss avlærte.

Alle skolebarn lærer at skriftspråk er og må vere standardiserte, og standardnorma er såleis gjenstand for eksplisitt undervisning gjennom mange skoleår. Det vi ikkje lærer i skolen, er at slik har det ikkje alltid vore. Fridtun går derfor attende til ei tid ho kallar «ei avslappa uskuldstid», det vil seie høgmellomalderen. Trass i dei faktiske dialektskilnadene som da fanst i det nordgermanske språkområdet, er det ingen kjelder som viser at slike skilnader var noko som opptok folk. Språkleg variasjon ser ikkje ut til å ha vore noko problem, verken i skrift eller i tale.

Den historiske ekskursen til Fridtun burde vore pensum for alle som er sterkt ramma av skrivefeilirritasjon. På skolen lærer vi å skilje mellom «rett» og «gale» språk. Og det er jo nettopp dette skiljet som ligg til grunn for skrivefeilirritasjonen til så mange språkbrukarar.

Personlegdom

Likevel blir ikkje alle irriterte over skrivefeil. I kapittelet «Ikkje gløym personlegdomen» viser Fridtun til ei amerikansk gransking som undersøkte om personlegdomsdrag har noko å seie for synet på skrivefeil, og i så fall kva. Funna viste sterk signifikant korrelasjon mellom personlegdom og haldningar til skrivefeil.

Når Fridtun skal karakterisere korleis dei skrivefeilirriterte blir omtala av forskarane, slår ho til med eit bokstavrim: Dei er «turre, tverre og trongsynte.» Likevel får ho tydeleg fram at samanhengen mellom irritasjon og personlegdom er heller innfløkt, og Fridtun argumenterer godt for at stereotypiar er – nettopp – stereotypiar.

I eit kapittel Fridtun sjølvironisk har kalla «Min irritasjon er betre enn din», går ho laus på seg sjølv. Kor irritabel er Kristin Fridtun? Også ho har tatt den aktuelle personlegdomstesten. Han viste at ho er ein skrivefeiltolerant person. Men det har ho ikkje alltid vore. Ho har altså blitt kurert.

Endringsprosessen ho skildrar, er særs interessant. Mens ho studerte nordisk, konverterte ho til nynorsk, og ikkje kva nynorsk som helst, men Ivar Aasens nynorsk. Aasen-norma arbeidde ho målretta for å lære seg. I ettertid spør ho seg om ho såg på seg sjølv som «ein som kunne redda nynorsken, ein riddar som skjøna korleis alt hang i hop». Svaret hennar er: Ja, litt. Men det sluttar ikkje her. Ei ny endring har skjedd. Ho har lært seg «kunsten å jekka seg ned». I samsvar med det er hennar råd til lesarane: Kjenn din irritasjon.

Tove Bull

Tove Bull er professor emerita i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fridtun argumenterer godt for at stereo­typiar er nettopp stereo­typiar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis