Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å koke suppe på dødsangst

Grimsrud er vill og vital i ein stor roman om kreftsjukdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Beate Grimsrud er fødd i Bærum, men har budd i Stockholm sidan 1984. Ho skriv bøker på både norsk og svensk.

Foto: Maja Hattvang

3691
20200430
3691
20200430

Roman

Beate Grimsrud:

Jeg foreslår at vi våkner

Cappelen Damm

Beate Grimsrud er frå før kritikarrost og feira, og ho gjer det slett ikkje dårlegare i denne nye romanen, om kreft. I 2010 skreiv ho om psykisk sjukdom i En dåre fri. Felles for dei to sjukdomsromanane er mellom anna Grimsruds fine evne til å vise at sårbar og sterk ikkje er motsetnader. Forfattaren er klår på at hovudkarakteren i årets roman ikkje er henne sjølv, men det skin klårt igjennom at ho veit kva ho snakkar om.

Å be om hjelp

Vilde Berg frå Dovre veks opp i ein familie med fleire systrer og ei mor som kanskje er litt fråverande. Frå morfar arvar Vilde ein gullpenn som har den eigenskapen at når du teiknar med han og bles på teikningane, får motiva eige liv. Frå mora arvar ho ein motsett evne, å kunne viske ut det som er ubehageleg, late som om det aldri har vore til. Båe desse talenta skal ho få hjelp av når sjukdommen rammar henne som 47-åring. Vilde er då busett i Stockholm som forfattar og dramatikar med suksess, med eit rikt sosialt liv og i eit stabilt forhold.

Når brevet frå Karolinska Universitetssjukhuset kjem, vil ho først ikkje opne det. Kreften er eit faktum i kroppen som ho prøver å få ut. Når det ikkje går, brukar ho i staden den mentale gullpennen, diktar og fabulerer rundt sjukdom, liv og død. Det er ein strategi som resulterer i ein fantasifull, trassig og leikande tekst.

Vi følgjer Vilde gjennom ein toårsperiode frå beskjeden om kreften kjem, gjennom cellegiftbehandling, stråling og operasjonar. Ho går gjennom alle fasar – frå fornekting til gradvis og motviljug aksept. Reisa går i hurtig tempo med brå kast og krappe svingar, mørke djup og svimlande høgder. Det er ikkje ein augneblink keisamt eller sytete, til det er Grimsruds tekst for viltveksande og Vilde for vital og stolt. Grimsrud syner korleis det tragiske og smertefulle har komiske og absurde aspekt, utan at det vonde på nokon måte forsvinn. Som då tekstmeldinga tikkar inn på mobilen med denne beskjeden: «Brystvorten din er kommet!» Ikkje minst minner ho oss om den nødvendige og tosidige verdien i å kunne be om hjelp.

Det burleske kjem fram også i eventyrmotiva som er med heile vegen gjennom boka. To figurar teikna med den magiske pennen, Rotta og Reven, riv seg laus og får eit eige liv. Dei lever tett på Vilde i bymiljøet i Stockholm, men ikkje i direkte samhandling med henne. I ein roman som frå før er så lang og så full av innfall, verkar akkurat desse sidene overflødige. Sjølv med slagferdige replikkar som understrekar det surrealistiske tilsnittet i romanen, sporar dette i for stor grad av.

Snipp, snapp, snute

Eit viktig sidetema er tilhøvet mellom mor og dotter. Mor til Vilde er 90 år, og i løpet av handlinga i romanen blir ho dødssjuk. Den hudlause dynamikken mellom desse to, ei sjuk dotter, ei mor som så gjerne vil vise omsorg, men som sjølv har eit liv som raskt nærmar seg slutten, er noko av det som grip aller mest.

Mange tusen kvinner får brystkreft i Noreg og Sverige kvart år, dei aller fleste overlever. Etter kvart har det også kome mange kreftsoger i bokform. Dei fleste har før eller sidan ei gamal mor som skal døy. Vildes erfaringar er difor ikkje så spektakulære i seg sjølv. Det er Grimsruds originale språk som gjer dette så djupt leseverdig. Ho har ei heilt genial evne til å løyse opp språket, ta delane frå kvarandre og setje dei saman på nye og særs overraskande måtar. Slik opnar ho også for at vi som les, kan få nye perspektiv.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er Grims­ruds originale språk som gjer dette så djupt leseverdig.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis