Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å lese er ei trening i å leve

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Til glede for den vaksne høgtlesaren er «Lasso rundt fru Luna» med i veska til Bergen.

Illustrasjon: Torill Kove

1628
20190614
1628
20190614

Biletbok

Henrik Hovland og Torill Kove (ill.):

Johannes Jensen tar nattoget

Vigmostad & Bjørke

Johannes Jensen er ein etablert figur i den norske barnebokhylla. I den fjerde forteljinga om likningsfunksjonæren i krokodilleham er temaet frykt. Johannes Jensen skal ta nattoget til Bergen. Han gruar seg. Mykje kan gå gale.

«– En gang i livet må vi alle reise til Bergen. Det kan virke skummelt, men er ikke farlig», forklarer kona Frida.

I slike replikkar vinkar boka til den vaksne høgtlesaren. Sjølv om hovudlina i historia er lagd i augehøgd med barnet som lyttar, verkar det som om både forfattar og illustratør ynskjer å motivere og løne høgtlesinga. Små gleder du treng vaksne auge for å sjå, er strødde utover, både i tekst og i bilete.

Reisa til Bergen er ei øving i å ta styring over tankane og utfordre seg sjølv, eitt steg om gongen. Fleire tekstbolkar er av det filosofiske slaget. Barnet treng ein medlesar som kan klargjere, tilpasse og knyte erfaringane i boka til erfaringane i livet, slik det artar seg for den som er liten. Påminninga om å velje eit positivt perspektiv er endå ein bonus for den vaksne som les.

Samsvaret mellom uttrykket i illustrasjonane og den språklege stiltonen i teksten er ein styrke i alle dei fire bøkene om Johannes Jensen. Fyrsteinntrykket er presist, stramt, ryddig og korrekt. Desto større effekt har alle absurditetane. Etter kvart opnar lesaropplevinga for ein kombinasjonen av melankoli og komikk som loddar djupt og minner om at det å lese kan vere ei trening i å leve.

Janne Karin Støylen

Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis