JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Å skrive for å leve

Magnus Takvam prøver å forstå mor si og dermed lausrive seg frå henne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marie Takvam saman med sonen Magnus i Oslo våren 1954.

Foto: NTB

4599
20211008
4599
20211008

Biografi

Magnus Takvam:

Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam

Kagge Forlag

Tittelen på Magnus Takvams bok om mora Marie, Hun skrev for å kunne leve, spelar på den eine av dei to drivkreftene bak arbeidet med boka: å få meir kunnskap om moras liv, om oppveksten hennar og om dei åra ho var produktiv som forfattar. Kvifor vart ho forfattar, og kvar kom den store uroa i livet hennar frå, det sterke medvitet om døden, den sterke drifta etter å leve?

Det andre formålet er likevel viktigare, sjølv om det ikkje speglar tittelen. Men omslagsfotoet av barnet Magnus i moras arm gir eit vink: Det er forsøket på å forstå forholdet til mora og dermed lausrive seg frå henne, endeleg, no meir enn tolv år etter at ho døydde, 81 år gamal, etter mange år på institusjonar for mentalt sjuke, med diagnosar som Alzheimers sjukdom og ei bipolar sinnsliding som kanskje skreiv seg frå eit stort alkoholforbruk.

Magnus Takvam skriv, seier han, i en freistnad på «komme nærmere de svarene jeg aldri fikk av min mor mens hun levde». Han vil blant anna finne ut korleis han sjølv vart forma av det tette, kjærlege samspelet mellom mor og son i avgjerande barneår, og korleis alt endra seg med foreldras skilsmisse då han var 15 år, og det han oppfatta som moras svik. Han vart buande aleine med mora til han var ferdig med gymnaset, men den meir og meir sjølvdestruktive livsførselen hennar, med utsvevande kaféliv, alkohol og menn, førte til at han braut med henne. Brotet vart aldri heilt lækt. Boka er likevel skriven med kjærleik.

Bohemdronning?

Magnus Takvam har gått grundig til verks for å finne fakta om moras bakgrunn, oppvekst og vaksenliv. I tillegg til det han sjølv hugsar, gir skriftlege kjelder og intervju med vener og slektningar eit interessant og nyansert bilete av henne.

Ho vart godt likt for det sprudlande humøret og dei kvikke replikkane, der ho «heldt hoff» på ymse utestader, men alkoholmisbruket vart etter kvart eit større problem enn ho ville vedgå. Sonen meiner at ho laug for seg sjølv og lenge idylliserte eit tilvære på kanten av kaos. Sjølv kjem ho i liten grad direkte til orde.

Grunnen til at eit større publikum skal bry seg om Marie Takvam, må jo vere den litterære og kulturelle innsatsen hennar: dei mange lyrikksamlingane, romanane, filmane og så bortetter. Magnus Takvam har gjort ein god jobb med å presentere og diskutere dette, særleg ved å trekkje fram andre og meir vesentlege sider ved produksjonen hennar enn den som den vulgære pressa la vekt på.

Det er vel nok å minne om den såkalla «rumpefeiden» i kjølvatnet av Vibeke Løkkebergs debutfilm Åpenbaringen frå 1977, der Marie Takvam spelte ei frustrert middelaldrande kvinne som i ein scene blir filma med rumpa bar. Mannelege kritikarar som «gullpennen» Arne Hestenes la då ei ufatteleg kvinneforakt for dagen.

Lyrikaren

Marie Takvam fekk ry på seg for å vere ein lyrikar som tok opp kvinnesak avant la lettre, før diskusjonane for alvor tok fart på 70-talet her heime. Men les ein den lyriske produksjonen hennar under eitt – og Dikt i samling er lett tilgjengeleg som e-bok frå Nasjonalbiblioteket – vil ein sjå at tematikken rekk langt vidare enn som så. Det understrekar også Magnus Takvam.

Her er sant nok treffande dikt om dumme mannfolk og sinte kvinner, men òg om sterk kjærleikslengt og -sorg, og om døden. Her er vakre naturdikt. Kanskje størst inntrykk gjer dei mange dikta om fare for krig og atomutslepp, ofte skrivne som åtvaringar til barn, og om livsglede trass i motgang og fall. Det er eit godt grep at ei rekke dikt er sette inn i den løpande teksten, som illustrasjonar til det Magnus Takvam diskuterer.

Han ymtar frampå om at mora ikkje har fått den plassen ho burde ha blant (kvinnelege) lyrikarar i si tid, ved sida av Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Gunvor Hofmo og Astrid Hjærtenes Andersen. Han kan vere godt nøgd med at boka gir lyst til å lese forfattarskapen og særskilt lyrikken hennar.

Likevel er dette meir ei bok om Magnus Takvam enn om mor hans. Det er nok til dikta hennar vi må gå om vi vil bli betre kjende med henne. Sjølv seier ho i ein samtale med eit barnebarn at ho skriv for å uttrykke livskjensla si.

Forlaget har dessverre ikkje like god grunn til å vere nøgd med seg sjølv. Her er ein god del korrekturfeil, noteapparatet har store manglar, og ein saknar ei skikkeleg litteraturliste. Boka hadde fortent betre.

Jorunn Hareide

Jorunn Hareide er professor emerita og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Dette er meir ei bok om Magnus Takvam enn om mor hans.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis