Alt heng saman med alt
Det er det overordna perspektivet i midten av boka som gjer ho mest interessant.
Lasteskipet «Navy Star» kryssar Bosporos i Istanbul. Både det og sundet Dardanellane tilhøyrer Tyrkia og gjev Erdogan mykje makt.
Foto: Emrah Gurel / AP / NTB
Sakprosa
Cecilie Hellestveit:
Dårlig nytt fra Østfronten. Krigen som endrer alt
Spartacus
Russlands aggresjonskrig i Ukraina endrar alt, skriv Cecilie Hellestveit. Ho syner kvifor og greier ut om krigens overordna samanheng. Særleg endrar han vilkåra for norsk utanriks- og tryggingspolitikk, skriv ho. Ukrainakrigen har nokre særeigne konsekvensar for Noreg.
I 22 korte kapittel drøftar Hellestveit Ukrainakrigen på fleire nivå. I dei første åtte kapitla tek ho sats og rettar søkjelyset mot Ukraina, som sidan slutten på den kalde krigen har vore trekt mellom Russland og Vest-Europa.
Men frå kapittel 9 løftar ho det analytiske blikket og set krigen inn i ein verdspolitisk samanheng. Her framstiller ho Ukrainakrigen som symptom på ei verd i endring. Han markerer slutten på verdsordenen i etterkrigstida og byrjinga på ein ny runde med rivalisering mellom stormaktene. Både til lands og til havs. Og særleg til havs. Krigen varslar nye konfliktar om ressursar og om maritime handelsruter.
Geopolitikk
Med invasjonen i Ukraina har Russland teke geopolitikken tilbake til Europa igjen, skriv Hellestveit. Men det er ikkje Russland som er den største drivkrafta i den overordna endringa ho peikar på. Det er Kina, som er alliert med Russland, og som fører an i ei aukande rivalisering med USA og Vesten.
På den store partikongressen som nyss blei avslutta i Beijing, lova Kinas mektige leiar, Xi Jinping, at Taiwan skulle førast tilbake til Kina. Hellestveits bok bidreg til å syne kvifor: Taiwan dominerer fullstendig den globale marknaden for databrikker. Dei kan ingen moderne økonomi klare seg utan.
Xi har vore svært oppteken av utanrikspolitikk i fleire år. Årsaka ligg i Kinas raske økonomiske vekst, som har vore driven av eksport av kinesiske varer. Hand i hand med denne eksporten har Kina importert stadig meir mat og råmateriale. Denne importen legg eit stendig større press på ressursane over heile kloden – først og fremst på energiressursane som Kina ikkje har nok av sjølv.
Eksport og import
Kina eksporterer varene sine på store containerskip. Landet importerer olje på gigantiske tankskip. Den maritime skipsfarten er Kinas økonomiske livline. Og landet gjer alt det kan for å verne om leiene der skipa går. Kinesarane byggjer kunstige øyar i Kinahavet og basar nær strategisk viktige sund i Indiahavet.
Kina treng enorme mengder råolje for å halde industri og vareproduksjon i gang. Om lag 80 prosent av all olja som vert skipa frå Midtausten, går i dag til Kina. Så å seie alt går gjennom Malakkasundet – den tronge kanalen mellom Malaysia og Indonesia.
Og kva har alt dette med Ukrainakrigen å gjere? Ein god del, forklarer Hellestveit. For det er kamp om handelsrutene i verda.
Sjømakt
Opprustinga som har gått føre seg dei siste 25 åra eller så, har først og fremst vore ei opprusting av sjømakt. Og eitt av dei hava kampen står om, er Svartehavet. Rivaliseringa mellom Kina og USA har auka den strategiske verdien av Svartehavet, skriv Hellestveit.
Store elvar som Dnepr og Don munnar ut i dette havet. Lenger aust ligg Kaspihavet, som Volga renn ut i, og under ligg enorme oljerikdomar. Volga og Don er knytte til den store Volga–Don-kanalen, som Stalin i si tid lét byggja.
Den som startar ein krig, har som regel ikkje berre eitt mål for auga, men fleire. Då Putin gav ordre om å invadere Ukraina, var eitt av måla hans å få kontroll over Svartehavet.
Det er det overordna perspektivet i midten av boka som gjer ho mest interessant. For det skaper fleire samanhengar lesaren ikkje hadde tenkt på sjølv. Dette gjev nye, ofte brå innsikter – som om nokon med eitt tende ljoset over eit dunkelt landskap.
Eit granneland
I dei siste seks kapitla knyter Hellestveit Noreg opp til det store geopolitiske landskapet. Då vert samanhengane med eitt både nære og kontroversielle. Her kjem den polemiske brodden i boka til syne.
Det er liten tvil om at Hellestveit ynskjer å riste lesaren ut av nedarva idear og vande tankar om norsk utanriks- og tryggingspolitikk. Ho viser korleis Russlands åtak på Ukraina er folkerettsstridig og ei utfordring for Noreg på mange vis. Den mest direkte utfordringa ligg i at Noreg er eit av Russlands granneland.
Putin må ikkje sleppe unna med å utvide Russlands territorium på kostnad av små naboland. Dette kan skape ein farleg presedens. Difor har Noreg ei sterk eigeninteresse i å støtte Ukraina og demme opp for russisk ekspansjon. Denne er så sterk at den norske regjeringa har sett til side landets strenge reglar for våpeneksport og leverer avanserte våpen til eit land i krig.
Det er om å gjere å gje Ukraina alt dei treng no, for Russland har tida på si side. Og – som alltid – vinteren. Dersom Europa står utan russisk gass i kulda, kan populistisk misnøye svekke Vestens felles stønad til Ukraina.
Utfordringar
Men Noreg står òg overfor andre, meir generelle utfordringar. Ei av dei er at USAs rivalisering med Kina vender merksemda til amerikanarane mot Asia og vekk frå Europa. Dermed ligg det i korta at dei europeiske landa sjølve må ta støyten og demme opp for eit ekspansjonistisk Russland.
Her har Noreg eit særleg problem fordi landet ikkje er med i EU. Og problemet kan auke dersom Sverige og Finland blir nye medlemmer i Nato, for då får Nato ei lang, ny nordisk grense mot Russland. Og Noreg blir det einaste landet i Europa som har felles grense med Russland, men ikkje er medlem av EU.
Dette tangerer ei anna utfordring. Den gjeld rivaliseringa på verdshava: Noreg har ei lang sjøgrense mot Russland og forvaltar store havområde saman med russarane.
Når kampen om havområda spissar seg til og bidreg til at Russland går til krig mot Ukraina for å vinne kontroll over Svartehavet, er det rimeleg å tru at Russland vil auke ambisjonane sine i Noregs nærområde i Arktis òg.
Olje og gass
Dette heng saman med ei tredje tryggingspolitisk utfordring: Farvatna som Noreg rår over, inneheld olje og gass. Når Russland stengjer gassforsyningane vestover, vil EU måtte lite meir på norske gassleveransar. På den eine sida vil stengde gasskranar i aust skru opp prisane og gje store inntekter til Noreg. På den andre sida kan dette både redusere Noregs omdømme i Europa og gjere landet meir sårbart for sabotasje på plattformer og røyrleidningar.
Den norske geografien er med andre ord slik at når verdsordenen no er i endring, kjem Noreg i ei anna og meir utsett stilling enn dei fleste andre europeiske land.
Manglar kart
Dårlig nytt fra Østfronten er lett å lese. Boka er likevel spenstig og rik. Ho er tverrfagleg og inneheld diskusjonar om tryggingspolitikk, internasjonal handel og sanksjonsregime. Ho eggjar til diskusjon om kva forhold Noreg skal ha til USA, Europa og EU. Ho identifiserer uventa samanhengar i stormaktspolitikken. Desse er forankra i geografi og geopolitikk. Mange av argumenta ville ha vore lettare å fylgje dersom boka var utstyrt med kart.
Boka treng eit kart som kan få fram dei enorme ambisjonane som ligg bak Kinas infrastrukturprogram, The Belt and Road Initiative (BRI). Dette programmet lagar ei nordleg transportåre over land langs den gamle Silkevegen. Det lagar òg ei sørleg åre som er maritim, og som omfattar dei viktigaste skipsleiene til og frå Kina. Dei to transportårene vil binde Asia saman med Europa. Men dei vil òg omfamne Midtausten og verdas viktigaste produsentar av olje.
To tronge sund
Boka treng òg eit kart over Ukraina og dei omliggjande områda frå Hellas til Kaspihavet. Dette ville fått fram to av Russlands utfordringar. Den eine er at Volga–Don-kanalen har ti sluseportar og er langsam og trong, og at det er grenser for kor store skip han kan ta og kor mykje trafikk han kan tole. Den andre er at sjølv om Putin tek kontroll over Svartehavet, står diplomatiske problem i kø.
Kartet ville vise at dersom russiske skip skal kome seg ut av Svartehavet, må dei gjennom to tronge sund – først Bosporos og så, på den andre sida av Marmarahavet, Dardanellane – før dei kjem ut i Egearhavet. Desse sunda tilhøyrer Tyrkia. Det gjev Erdogan mykje makt.
Geografien syner kvifor Putin strevar med å gjere seg til vens med Erdogan – og kvifor Erdogan tek seg så god tid til å avgjere om han skal la Sverige og Finland få bli med i Nato. Og kvifor det er så vanskeleg å spå kva rolle Tyrkia vil spele i den nye verdsordenen som Hellestveit her kaster ljos over.
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-
naturvitskaplege universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?