Ånd og materie
Hans Petter Blad er på sporet av Thure Erik Lund, men sporet forsvinn.
Hans Petter Blad skriv om forfattarkollega Thure Erik Lund i den nye romanen.
Foto: Katharina Barbosa Blad
Roman
Hans Petter Blad:
Schizothemia. En roman om forfatteren Thure Erik Lund
Aschehoug
Det er i år tretti år sidan Thure Erik Lund debuterte med romanen Tanger, som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. No er han sjølv omdreiingspunktet i ein roman skriven av vennen Hans Petter Blad, der Blad prøver å forstå, forklare og forsvare det uforklarlege i Lunds litterære univers, som strekkjer seg frå det agrare, folkelege og lokale til det urbane, høgteknologiske og digitale i ei tenkt framtid. Denne splittinga eller Schizothemia er det Blad jaktar på.
Det litterære vennskapet går tilbake til 1980-talet, da dei fann kvarandre gjennom ei felles interesse for film, biletkunst og litteratur. I lange og vidløftige samtalar på ulike adresser i Oslo, på reiser i Europa, på bilturar i Modum-traktene og på småbruket på Aust-Modum sirklar dei inn «det romanmessige» og det uforklarlege i at «noe utenfor ham selv har skrevet bøkene hans». Da nærmar ein seg det religiøse og det mystiske, og Lund seier også ved eit høve at «hadde du vært født for tre hundre år siden, hadde du vært prest».
Sjølvlærte
Men å vere prest krev utdanning, og verken Lund eller Blad har formell akademisk utdanning, «akademia syntes knapt som en farbar vei»; begge er sjølvlærte og svært lærde med vide kunnskapar innanfor ulike fagfelt der ein kvar akademikar kan bli stilt til veggs.
Lunds (og Blads) skepsis til den skolerte, akademiske kritikarstanden enda i offentleg krangel da Eivind Tjønneland i ei melding av essaysamlinga Om naturen (2000) sette nazistempelet på Thure Erik Lund. Dette har vore ei belastning i ettertida og kan kanskje vere ein underliggjande grunn til at Lund aldri har vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris. Nok om det.
Blad framstiller vennskapet med Lund som eit lærar/elev-forhold. Og som elev forsvarar han læremeisteren mot reelle og innbilte fiendar innanfor forfattarkrinsar og i media, der han ofte blir framstilt som forvirra og agiterande, som bygdetulling og bonderomantikar: «…det uforståelige er elementer i Lunds prosa som kritikeren diminuerer ved å trekke inn galskapen, det frådende og grensesprengende, som om overskridelsene i Lunds bøker er manet fram av en ’syk’ forfatter…»
Blad ser på Lunds romanar som «speilsaler av tenkning», og han skil ikkje mellom handverkaren og snikkaren Lund og romanforfattaren Lund, for sjølv om det neppe er særleg originalt tenkt, så er det eit samband i skapingsprosess mellom å byggje eit hus og å skrive ein roman.
Essay med anekdotar
Blad insisterer på at han har skrive ein roman om Thure Erik Lund, ikkje ein biografi eller eit lengre litterært essay. Eg vil helst kalle teksten eit essay med innlagde anekdotar frå eit langt vennskap, halde i eit språk ikkje ulikt Thure Erik Lund når han skildrar eit framtidssamfunn som tar bustad i oss og formar tanke og handling. Ein stad nemner Blad «etterligningskunsten» som eit fruktbart utgangspunkt.
Dermed blir Blads språk snirklete og omstendeleg med innskot, påskot og parentesar, tungt og nedlest. Og når han fleire gonger «blir rørt til tårer» eller får «et anfall av selvutslettelse» og blir «fylt av onde varsler», undrast eg om han er sjølvironisk eller berre pompøs.
Schizothemia gir interessante glimt inn Lunds liv og tenking, men boka er på ingen måte utfyllande. Men når det ein gong skal skrivast ein biografi over Thure Erik Lund, vil nok boka til Hans Petter Blad danne eit nyttig grunnlagsmateriale.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Schizothemia er ei tung bok utan å vere ein tungvektar.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.