Angsten ved straffesparkmerket
Når ein skjønnlitterær forfattar fortel om avgjerande augneblinkar i verdas vakraste spel, blir resultatet bra.
Målvakt Taffarel strekkjer seg etter ballen som Kjetil Rekdal sette i mål i VM-kampen mot Brasil i Marseille tysdag 23. juni 1998.
Foto: Doug Mills / AP / NTB scanpix
Sakprosa
Nils Henrik Smith:
11 meter. Straffesparkets historie
Kagge
Fotballbøker er ein eigen sjanger. Eit søk på Amazon etter slike gjev 16.000 oppslag. Ei slik mengd er ikkje overraskande når vi ser på tre berømte sitat om spelet: «Av alle uviktige ting i verda er fotball den viktigaste» (Johannes Paul II), «Fotball er krig minus skytinga» (George Orwell), og sist, men ikkje minst kompetent: «Somme meiner at fotball handlar om liv eller død. Eg er særs skuffa over ei slik haldning. Eg kan forsikra at fotball er mykje, mykje viktigare enn det» (Bill Shankley).
Kvaliteten på fotballbøker er ikkje uventa varierande, men nokre få er på eit høgt litterært nivå. Til dømes har den same Shankley, innanfor undersjangeren managerbøker, fått eit meisterverk skrive om seg i Red or Dead av David Peace, medan Nick Hornby har skrive den ultimate supporterboka med Pitch Fever.
Nordmenn skriv òg fotballbøker. Og når no Nils Henrik Smith, som dessutan er skjønnlitterær forfattar med tre romanar og Tarjei Vesaas’ debutantpris bak seg, har skrive ei slik, må ein vel venta seg eit visst litterært nivå? Men eg går ut frå at han veit at lesarar av slike bøker er spesielle, ved at kvar og ein meiner å ha større kompetanse enn alle andre, inkludert forfattaren: Til dømes kan dei på 100 meters avstand sjå noko ein dommar ikkje ser på 2 meter. For supporterar er fotball 90 minutt med irrasjonalitet, noko som smittar over i fotballbøker. Smith sjølv demonstrerer dette ope når han fortel om straffesparkkonkurransen i VM-finalen mellom Brasil og Italia i 1994. Han ønskjer at Brasil skal vinna, men han ønskjer òg at italienske Baggio skal skåra på straffesparket sitt, det som gjekk over, og som gjorde at Brasil vann.
Russisk rulett
11 meter høyrer til ein undersjanger som handlar om eit aspekt ved eller ei rolle i spelet. Til dømes finst det bøker om målmannen, om offside, og, skulle eg tru, om innkastet. Smith skriv altså om straffesparkets historie, men for det meste om den nyare historia, ettersom ho er overrepresentert med videodokumentasjon. Vi får likevel ei grei innføring i fotballens urtid, med uklåre reglar, og kvifor ein fann det naudsynt å innføra straffesparkregelen (1902): Ein forsvarar sikra siger ved å redda med handa utan at han kunne straffast for det. Dei første åra likna straffesparket det ein finn i ishockey. Først i 1913 fekk vi det moderne straffesparket.
Det særeigne med straffesparket, noko Smith innleier boka med, er at medan fotball er fellesskap og samhandling, vert straffesparkeksekutøren plutseleg heilt åleine, og difor utsett for eit umenneskeleg press. Medan målmannen endeleg kan ta det roleg. 75 prosent av straffene vert mål. Bomskot er å mislukkast mot alle odds, medan redning lagar ein helt mot alle odds. Dette eksekutørpresset vert multiplisert i samband med den torturinstitusjonen som heiter straffesparkkonkurranse, som best kan samanliknast med russisk rulett. Det er mest denne institusjonen Smith skriv om.
Det er ikkje rart, for Smith skriv ikkje ei tørr teoretisk bok, men er ein forteljar, som heile tida trekker inn seg sjølv og eigne reaksjonar som del av det dramaet fotball, og særleg straffesparkkonkurransar, er. Alle store forteljingar handlar om makt og kjærleik, i alle fall dei til Shakespeare, og med byrjing og midtdel og slutt, som Aristoteles kravde, og slik er det på ein fotballarena òg. Boka er full av slike forteljingar.
Spelteori
Men Smith er ikkje berre forteljar. Han har òg ein snev av Drillo-nerden i seg og får med seg mykje teori om straffesparket. Det er ein avgrensa klasse av måtar å skyta straffer på: til høgre, til venstre, lågt, høgt, laust og hardt. Den edlaste måten, meiner dei fleste, og forfattaren, er Panenka-måten, oppfunnen av tsjekkoslovaken Antonín Panenka i straffekonkurransen i EM-finalen mot Vest-Tyskland i 1976, då han avgjorde denne med ein lett lobb midt i målet medan Sepp Maier alt hadde kasta seg meiningslaust til sides. Eller tomannsstraffa som Cruyff med urette tok æra for: Straffetakaren slår ballen kort til sida, og så kjem ein medspelar springande frå utanfor 16-meteren og skyt i mål.
Endå meir nerd vert Smith i eit eige kapittel om straffesparksituasjonen sett i eit noko uklårt lys av spelteori. Målvakta og straffetakaren veit litt, men ikkje alt om motstandaren. Målvakta veit at straffetakaren vanlegvis skyt til høgre, men vil han gjera det denne gongen? Straffetakaren veit at målvakta veit at han vanlegvis skyt til høgre, men skal han denne gongen overraska ved å skyta til venstre? Boka inneheld mange forteljingar om slike situasjonar.
Brev til FIFA
Til sist vågar Smith seg inn på eit føremålslaust område, ettersom FIFA vel neppe vil bry seg om kva han og eg meiner. Der reiser han spørsmålet om ikkje tida er inne for å endra straffesparket. Han meiner det må gjerast vanskelegare å skåra på straffespart, særleg ved å auka avstanden frå 11 til 14 eller 16 meter. Då ballen første gong blei lagd på 11-meteren, var banene dårlege, ballane ofte gjennomvåte og fotballstøvlane tunge. Auka avstand vil gjera sjansen for skåring meir lik den han var den gong. Sjølv ville eg uansett ha endra forma på 16-meteren frå eit rektangel til ein halvsirkel, slik som i handball. Straffa for ei felling i hjørnet av 16-meteren burde ikkje vera lik den for ei felling meir framføre målet. Vi får båe senda brev til FIFA.
Så til svaret på det innleiande spørsmålet: Jau, boka er skriven på eit godt litterært nivå. Smiths nynorsk er full av gode pasningar, utan at han går i offside. Diverre gjer han seg skuldig i ei misferd som kvalifiserer til straffespark: at han ikkje har fått med seg den største straffesparkskandalen i norsk historie: då dommaren i 2005 heilt urett dømde straffe mot laget mitt, Lyn, i Ålesund, slik at vi fekk med oss dei poenga som ville gjeve oss seriemeisterskapen.
Arild Pedersen
Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Smiths nynorsk er full av gode pasningar, utan at han går i offside.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?