Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Antisemittisme på trykk

Argumenta til Bjørn Westlie manglar tidvis tyngd, men boka er velskriven om jødehatet til Nasjonal Samling.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Antisemittisk propaganda på eit butikk­vindauge i Oslo hausten 1940.

Foto: NTB scanpix

3718
20191129
3718
20191129

Sakprosa

Bjørn Westlie:

Det norske jødehatet: Propaganda og presse under okkupasjonen.

Res Publica

«Det norske folks interesser både i dag og i framtiden krever at disse samfunnets skadedyr blir uskadeliggjort». Slik blir dei norske jødane omtala i oktober 1942 av pressebyrået til Nasjonal Samling, Norsk Artikkeltjeneste. Pressebyrået vart etablert i januar 1941 med oppgåva om å skrive nazistiske artiklar til norske aviser.

Sjølv om tittelen – Det norske jødehatet – gjev inntrykk av at boka skal handle om antisemittisme i den norske befolkninga generelt under krigen, seier Westlie særdeles lite om dette. Hovudtittelen er i så måte misvisande, for boka er avgrensa til ein studie av Norsk Artikkeltjeneste og dei antisemittiske artiklane som dette byrået forfatta.

Grov antisemittisme

Westlie presenterer mange døme på grove antisemittiske tekstar som norske aviser måtte publisere under krigen. Det norske jødehatet er eit interessant blikk inn i framferda til nazistiske organ i Noreg og korleis norske aviser reagerte på presset frå dei, ein reaksjon Westlie meiner er prega av både tilpassing og motvilje: Nokre stritta imot, og fleire blei fjerna frå stillingane sine – redaktørane var vane med å sjølv bestemme over eigne aviser, og fleire reagerte på innhaldet i artiklane. Andre føydde seg for å unngå bråk, og situasjonen var ifølge Westlie prega av sterkt press og fleire dilemma.

Forfattaren trekkjer tidvis inn forskingslitteratur og klarer på ein fin måte å balansere det med at boka er meint for eit allment publikum. Bortsett frå at boka i nokre tilfelle lid under upresise og krunglete formuleringar, er språket lettfatteleg, og det flyt godt. Westlie er dyktig til å halde på interessa til lesaren, noko han òg har demonstrert i tidlegare bøker som Fars Krig frå 2008.

Westlie støttar seg hovudsakleg på 100 av dei 1500 artiklane som Norsk Artikkeltjeneste distribuerte til norske aviser (s. 10–11). Diverre seier han ikkje noko om korleis og kvifor han har valt akkurat desse 100 eller kvifor han ikkje har gått gjennom heile kjeldematerialet. Nokre gonger kan dei mange ulike orda han nyttar for å skildre innhaldet i artiklane, som «antisemittisk», «jødehat», «hets mot jøder» og «antijødisk», vere forvirrande, då han ikkje set av plass til å forklare lesaren skilnaden mellom dei.

Avgrensa drøfting

Boka handlar i liten grad om kvifor hendingane spelte seg ut slik dei gjorde og kva effekt dei hadde. Men i passasjane der Westlie går inn på dette, er boka lite overtydande og drøftinga avgrensa, og lesaren sit att med mange spørsmål: Dette gjeld spesielt i omtala av samanhengen mellom antisemittiske avisartiklar og antisemittiske handlingar, kva haldningar nordmenn hadde til jødar og kva for ein effekt propagandaen hadde på den norske befolkninga.

Til dømes kritiserer forfattaren framstillingane til andre historikarar utan sjølv å presentere alternativ til dei: Han skriv at det er ei rådande oppfatning blant historikarar at den nazistiske propagandaen ikkje verka på nordmenn, og at dette har fremja det som kan vere ein del av ei «heroiserende fortelling» om at nordmenn stod imot påverknadsforsøka frå Nasjonal Samling og okkupasjonsmakta (s. 183–187).

Trass i at Westlie her går hardt ut, argumenterer han i liten grad for det motsette og legg ikkje fram kjelder som kan gje eit anna inntrykk. Det er med på å svekkje det som elles er ei informativ og engasjerande bok.

Elise Barring Berggren

Elise Barring Berggren
studerer historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Boka handlar i liten grad om kvifor hendingane spelte seg ut slik dei gjorde og kva effekt dei hadde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis