Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Banaliserer høgrepopulismen

Simen Ekern skildrar den europeiske høgrepopulismen godt og balansert, men diagnosen hans held ikkje.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Simen Ekern har skrive fleire bøker om europeisk politikk.

Foto: Spartacus

6385
20171208
6385
20171208

Sakprosa

Simen Ekern:

Folket, det er meg: den europeiske høyrepopulismens vekst og framtid

Spartacus

«Ein Gespenst geht um in Europa – das Gespenst des Kommunismus. Alle Mächte des alten Europa haben sich zu einer heiligen Hetzjagd gegen dies Gespenst verbündet, der Papst und der Czar, Metternicht und Guizot, französische Radikale und deutsche Polizisten.» (Karl Marx: Manifest der Kommunistischen Partei, 1848).

I 2017 kan ein lese Populismus for Kommunismus. Meldaren er med på at dette er eit billeg poeng, men han kunne ikkje dy seg.

Balansert og nyansert

Simen Ekerns bok Folket, det er meg: den europeiske høyrepopulismens vekst og framtid er ein framifrå journalistisk prestasjon. Ei bok som er verd å lese: svært velskriven, svært kunnskapsrik, svært nyfiken. Alt i alt ei balansert og nyansert skildring av framandgjering i europeisk politikk, slik ho aktualiserer seg i dei postmaterialistiske nasjonalistpartia som er putta i sekken «høgrepopulistiske».

Forfattaren kan sine ting. Ikkje minst er forteljinga om metamorfosen til franske Front National, frå avdemoniseringa til far Jean-Maries tradisjonelle franske antirepublikanisme – som fordi republikken er philosemittisk, naturlegvis må vera antisemittisk – til dotter Marine Le Pens postmoderne økonomiske og kulturelle globaliseringsmotstand, både informativ og underhaldande. (Meldaren kan ikkje minnast å ha fått med seg nokon annan stad at Jean-Marie Le Pen på 1950-talet var utsending for partiet til Pierre Poujade – det førre franske høgrepopulistiske partiet i Frankrike).

Stilistisk brukar Ekern portrettintervjuet som form. Forma fungerer bra både på nederlandske Geert Wilders og på Matteo Salvini, leier av italienske Lega Nord. Men han er betre på Italia og Frankrike enn på Tyskland, og boka gjekk i trykken før valet I Tyskland i september i år. Då vart Allianz für Deutschland det tredje største partiet, men Frauke Petry, som Ekern portretterer i boka, gjekk av som leiar for partiet etter at ho vart vald inn i Forbundsdagen direkte frå valkrinsen sin i det austlege Sachsen.

Problematisk diagnose

Men: Eitt er å skildra symptom. Noko anna er å stilla diagnose. Eller å forklara høgrepopulismen som patologi. Forfattaren freistar gjera dette i sluttkapittelet: «Høyrepopulismens framtid». Ti sider av 277 tekstsider er kan henda i minste laget til formålet. Verre er det at venstreliberalaren Ekern verkar ha ein like avgrensa forståingshorisont for fenomenet som ein høgremann frå 1972 eller 1994. Sjølv om han kan vera med på at klagemåla høgrepopulismen botnar i, er legitime, vik han attende for å ta dei på alvor. Le Pen og Wilders lukkast i val fordi dei er demagogar som lukkast i å svartmåla alt som har med globalisering å gjera. Det vera seg overnasjonalitet, innvandring eller avindustrialisering.

Nett dette siste er han i og for seg med på, i den forstand at han frå ståstaden på venstresida medgir at det har ført til legitime problem. Men at det handlar om meir, vert kontant avvist. For Ekern er svært kategorisk i kritikken av franske Alain de Benois, som i boka Le moment populiste skriv: «Folket har følelsen av at verdiene de bekjenner seg til i dag, blir latterliggjort eller foraktet (…) de har inntrykk av at de har opphørt å eksistere, er overflødige, er til overs …» Ekern banaliserer denne diagnosen til rein økonomisme: «Dette spranget fra å peke på objektive problemer med økonomisk ulikhet til å konstatere at kampen egentlig handler om at ’folket’ hater samtidskunst (…) er snedig, men ikke redelig.»

Reinspikka populisme

Kjernen i populismen, det vera seg den opphavleg amerikanske på 1890-talet, den polske og bulgarske på 1920-talet eller den franske på 1950-talet, er økonomisk. På same måte som Hitra-opprøret i 1975. Alt er reinspikka populisme. Og på same måte som Ottar Brox’ forsvar av sjarkfiskaren: protest mot økonomiske og politiske krefter som tek brødet ut or munnen på dei små sjølvstendige næringsdrivande – det vera seg bønder eller fiskarar eller småkjøpmenn. Øydeleggjaren har oftast vore finanskapitalen: banken. Sjeldnare internasjonalt, men typisk for Noreg: Staten. Som til dømes i «mjølkekrigen» i Fana i 1936 og 1937, som var ein protest mot vedtaket om å kollektivisera mjølkeproduksjonen i Noreg ved å tvinga alle mjølkebønder inn i meierisamyrket. Og var brexit populisme, var Nei til EU det òg.

Men under denne økonomiske fernissen vakar – for å bruka Marx’ framifrå terminologi – angsten for proletariseringa: tapet av personleg sjølvstende, av eigedom, av tilvand livsstil, av identitet. Altså framandgjeringa.

Den opphavleg populismen manifesterte seg i eit krav om at staten måtte gjera noko med kapitalen, noko Theodore Roosevelt gjorde som president. Før han var det vondt å skilja dei to i USA. Og det er med respekt å melda ikkje alltid like lett å gjera i den globaliserte tida heller. Børge Brende er eit døme på det. Dei står saman i strevet for fri flyt av pengar, varer og folk.

Hamskifte

Globaliseringa inneber ei radikal omdefinering av nasjonalstaten – eit hamskifte frå å vera eit historisk forankra verdifellesskap tufta på språk, religion, levemåte og delte historiske røynsler til å verta ein stad der transnasjonale elitar med halehenget sitt slår seg til med kapital og kultur i nokre år for så å migrera til andre og betre stadar når livskvaliteten der dei er, ikkje lenger er som han var. Det globaliserte idealet er Dubai, der fellesnemnaren er pengar. Ikkje gamaldagse verdifellesskap som den europeiske nasjonalstaten. Eller, om ein vil, eit «Syden» der dei innfødde er eit tenarskap som skal syta for at alt er reint og trygt og velordna, men som elles berre snakkar når dei vert snakka til.

Det er dette Alain de Benoist kan henda tenkjer på når han skriv at «de har inntrykk av at de har opphørt å eksistere, er overflødige, er til overs», og som Ekern banaliserer til «objektive problemer med økonomisk ulikhet». Det er langt frå sikkert at dei som opplever å mista jobben og at ingen andre på heimstaden snakkar morsmålet deira, berre bryr seg om pengar.

Pål H. Bakka

Pål H. Bakka er statsvitar, førstebibliotekar ved Universitetet i Bergen og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ekern har ein like avgrensa forståingshorisont for fenomenet som ein høgremann frå 1972 eller 1994.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis