Briljant av Hæggernes
Ni stramt komponerte noveller som samla blir ein laust komponert roman.
Kristian S. Hæggernes har skrive åtte bøker så langt.
Foto: Eva Gilje Østensen
Noveller
Kristian S. Hæggernes:
Ida & Oda og andre fortellinger
Cappelen Damm
Når eg les prosaen til Kristian S. Hæggernes, grip eg meg stadig i å sakne eit bykart over Bergen der området rundt Fløyen er avmerkt med gater og vegar og turterreng, for det er i dette området handlinga utspeler seg i årets bok og i det samla forfattarskapet. Og når Hæggernes sjølv bur i nabolaget, blir dette så nær kortreist litteratur ein kan komme utan at det verken blir nærsynt eller lokalpatriotisk.
I årets bok er det ni noveller, eller forteljingar, der den lengste, på 120 sider, godt kan passere som ein kort roman. Dessutan kan alle novellene under eitt lesast som delar av ein roman med skiftande forteljarstemmer og med eit persongalleri som strekkjer seg over fleire generasjonar der hovud- og bipersonar, slekt, venner og naboar blir fletta inn i liva til kvarandre på elegant vis. Denne komposisjonen kan minne litt om Frode Gryttens Bikubesong eller om andre novelleromanar frå dei siste åra, der eg gjerne nemner Joakim Hunnes’ Bøen frå 2015.
Finstilt psykologi
Styrken hos Hæggernes har alltid vore den finstilte psykologien og dei skarpe og småpussige observasjonane saman med ein stille melankoli i skildringa av utanforskap. Han er også god på presise tidsbilde der han fangar inn stemning og mentalitet, og i årets bok er det oppvekst på 1980-talet han turnerer på imponerande vis i tittelnovella «Ida & Oda», ei pubertetsskildring av sjeldan kvalitet. Her møter ein tvillingane Ida og Oda, som er av dei kule i sjuande klasse, saman med Rolf, som er ny i klassen og av den usikre og puslete sorten, men med eit rikt indre liv der fantasiane og draumane både blir trøyst og erstatning for det verkelege livet.
Rolf møter vi igjen som biperson i fleire av dei andre novellene, og Ida og Oda dukkar også opp i den siste novella, som to megger i nabolaget. Da har Hæggernes forflytta seg til nær samtid, med ein bitande sarkasme over TV-programmet Luksusfellen der Øystein, Rolfs kompis frå barndommen, får bretta ut livet sitt for heile nasjonen og det nære nabolaget. Det er også verdt å minne om bryllaupsfesten til Øystein og Elisabeth, skildra med klam klaustrofobi av søstera til Elisabeth.
Lengt
Lengten etter den rette går igjen i fleire av novellene, anten det er snakk om famlande ungdom eller godt vaksne enkjer og enkemenn, og fleire av personane går inn og ut av forhold. Identitet og kjønnsidentitet har også ein sentral plass, og det å føre slekta vidare har opptatt Hæggernes gjennom det meste av forfattarskapet.
Kristian S. Hæggernes (f. 1972) har sidan debuten i 2004 gitt ut åtte titlar fordelte på dikt, kortprosa og noveller. Han er for lengst oppdaga og verdsett i det litterære miljøet her til lands, og eg ønsker inderleg at han kan få eit breiare publikum. Årets bok, den klart beste så langt, vil kanskje bidra til det.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Styrken hos Hæggernes har alltid vore den finstilte psykologien og dei skarpe og småpussige observasjonane.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.