JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Cuba lukkar seg

Den fremste styrken i boka ligg i krafta som vitnesbyrda har som kompromisslause bilde av det cubanske presens.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den cubanske presidenten Miguel Diaz-Canel (t.v.) og tidlegare president Raul Castro vinkar til den årlege 1. mai-paraden på revolusjonsplassen i Havanna.

Foto: Ramon Espinosa / AP / NTB

5400
20220513
5400
20220513

Sakprosa

Ståle Wig:

Havanna Taxi. Liv og løgn i det nye Cuba

Kagge forlag

11. juli i fjor braut det ut demonstrasjonar ei rekke stader på Cuba. Taktfaste krav om li-ber-tad – fridom – blei følgde av eit nytt slagord: Patria y vida, fedreland og liv, ei omskriving av tidlegare president Fidel Castros berømte Patria o muerte, fedreland eller død.

«Mellom deg og meg er det ein avgrunn», syng Yotuel i «Patria y vida» – songen som er opphavet til slagordet – der han vender seg til den revolusjonære «avantgarden» i landet. Slik blei han eit talerøyr for ei veksande gruppe cubanarar som krev omfattande politiske endringar på øya.

Ståle Wigs Havanna Taxi. Liv og løgn i det nye Cuba gir oss høve til å forstå den djupe politiske splittinga som Yotuel skildrar. Wig reiste til Cuba i 2015 og var der i halvtanna år for å gjere feltarbeid i samband med ei sosialantropologisk doktorgradsavhandling om Raúl Castros marknadsreformer – og for å skrive bok om dagens Cuba.

Tidspunktet var ideelt, for i april same året hadde Raúl handhelst på Barack Obama, presidenten i USA. Gjennom nye diplomatiske samband med erkefienden i nord var grunnlaget lagt for nye reformer og nye opningar mot verda – og ein ny optimisme.

Deltakande observasjon

Wig går deltakande til verks for å skildre «det nye Cuba». Han kjøper seg ein Buick, 1953-modell, og begynner å køyre drosje. Slik blir han kjent med dei kreative forsøka cubanarane gjer for å resolver – å løyse dei tallause utfordringane i dagleglivet.

Vi møter blant andre kompanjongen hans, Catalina, som til dagleg arbeider med å kontrollere at dei statlege hotella rettar seg etter lover og reglar, men for å få drosja registrert, må ho sjølv bane seg veg gjennom byråkratiet ved hjelp av bestikkingar.

Wigs husvert Linet drøymer på si side om å opne eit eige hotell gjennom dei nye marknadsreformene, men blir frustrert over manglar som gjer utleigegeskjeften til eit slit. I starten av boka er bloggarane Norges og Taylor euforiske over Cubas reformer, og via ein cubansk internettrevolusjon ser dei føre seg at også den politiske scenen skal bli tilgjengeleg for ei radikalt ny folkeleg deltaking.

Dramaturgien er god, og metoden veleigna, for det å vere tett på enkeltpersonar over tid er ein føresetnad for å kunne gi eit reelt bilde av Cuba i dag. Ståle Wig – eller «Estoll» blant cubanarane – klarer å komme under huda på eit særs komplekst cubansk samfunn, og det er eit dystert bilde som blir teikna.

Optimismen frå 2015 forsvinn, og både Linet, Norges og Taylor forlèt etter kvart landet. Håpet om ny politisk fridom får banesår når president Miguel Díaz-Canel eggar støttespelarane til å ta kontroll under protestane 11. juli 2021: «Kampordren er gitt. Revolusjonære – til gatene!»

Dagens Cuba

I flettverket av cubanske skjebnar er det historiene til Norges og Taylor som gir det sterkaste innblikket i dagens Cuba. Mens forteljingane om dei andre personane i grove trekk kunne ha vore fortalde også for ti eller tjue år sidan, er Norges og Taylor representantar for det som verkeleg er nytt på Cuba: den styrkte tilgangen til internett, det mobiliserande potensialet i sosiale medium – og dermed også nye former for overvaking frå styresmaktene si side.

Norges’ og Taylors skjebne lèt oss forstå noko av årsaka til at endringar er så vanskelege å gjennomføre på Cuba: Tonegivande personar som ope kritiserer systemet, blir utsette for utmattande kontroll, trakassering og eit sosialt press som gjer at mange gir opp, forlèt landet, og slik blir grunnlaget for den varige mobiliseringa riven vekk.

Som motsats til Norges’ og Taylors historier hadde det like fullt vore interessant om Wigs persongalleri også hadde romma ein som framleis trur på revolusjonen, ikkje berre som nostalgisk fidelist, men som forsvarar av dagens revolusjonære retning – om enn med visse «korrigeringar».

Kompromisslause bilde

Den fremste styrken i boka ligg i den krafta vitnesbyrda har som kompromisslause bilde av det cubanske presens. Slik skil ho seg frå to andre norske Cuba-utgivingar frå dei siste tiåra, nemleg Dag Hoel og Vegard Byes Dette er Cuba, alt annet er løgn (1996) og Even Sandvik Underlids Det nye Cuba (2011), som begge gir større historisk volum til betraktningane dei har over notida.

Tittelen på boka til Wig alluderer til begge desse bøkene, og det er naturleg å tenke han både i forlenginga av og som kontrast til Det nye Cuba, som var skriven i ei tid då den latinamerikanske marea rosa – den «lyseraude bølga», med Venezuelas president Hugo Chávez i spissen – medverka til å gi Cuba handlingsrom og håp. No er situasjonen annleis.

Ved så tydeleg å zoome inn på dei ulike kampane til persongalleriet ofrar Wig i stor grad den storpolitiske ramma, for eksempel Venezuelas kollaps eller betydninga av Donald Trumps entré i Det kvite huset, aspekt som kunne ha gitt ei breiare forståing av den cubanske politiske situasjonen. Valet verkar bevisst, og resultatet er vellykka, for her blir skjebnane til enkeltpersonane løfta fram, og dei gir oss eit varmt – og spennande – innblikk i problematiske sider ved Cuba i dag.

Hans Jacob Ohldieck

Hans Jacob Ohldieck er førsteamanuensis i spansk ved USN og underviser i spansk og latinamerikansk litteratur og historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er eit
dystert bilde som blir teikna.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis