Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Da alt gjekk gale i Tsjernobyl

Adam Higginbotham har brukt dei siste 33 åra godt og har snakka med både over­levande og etterlatne etter Tsjernobyl-ulukka.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsyn frå helikopter over reaktor 2 i Tsjernobyl kjernekraftverk etter eksplosjonen 26. april 1986.

Foto: Igor Kostin / AP / NTB scanpix

4529
20200117
4529
20200117

Sakprosa

Adam Higginbotham:

Midnight in
Chernobyl

Corgi Books 2019

Forfattaren av denne boka, og forlaget, skryter på seg at dette er den historia som til no ikkje har vorte fortald om det som gjekk gale i april 1986, da den store atomkraftstasjonen i Tsjernobyl nord for Kiev eksploderte. Men skryt er det ikkje; det er vel fortent at boka, som kom i fjor, stod på New York Times’ liste over dei ti beste bøkene som vart utgjevne i USA i 2019.

Eit slikt verk må setja spesielle krav til lesaren. For jamvel om Higginbotham er ein god formidlar og ein dugande skribent, kan nokon kvar fastna i dei fallgruvene som lekfolk møter når dei gjerne skulle ha visst litt meir om korleis atomreaktorar fungerer, og kor farleg det kan vera for oss alle når dei ikkje gjer det.

Hemmeleghald

Noko av det sterkaste ved boka er kapitla der det vert vist korleis dei sovjetiske leiarane, med reformatoren Mikhail Gorbatsjov øvst og fremst, surra seg vekk i panikk da omfanget av ulykka smått om senn klårna for dei, og korleis dei reagerte på impuls og refleks etter den gamle oppskrifta: Hald alt hemmeleg når noko går gale, og duger ikkje det, skal du sverja på at lekkasjane om at noko ille har hendt, berre er dikt og bakvasking frå fienden si side.

Denne innarbeidde metoden var hovudgrunnen til at det gjekk over to veker før Gorbatsjov sjølv vart skikkeleg informert. Han hadde styrt Sovjetunionen i vel 13 månader da det small. Hendinga vart eit grunnskot mot reformpolitikken hans, og mot lovnadene om at den nye leiaren var noko heilt nytt i sovjetisk historie: Ope og ærleg ville den nye mannen i Kreml fortelja alle, i inn- og utland, korleis situasjonen eigentleg var – glasnost på russisk.

Som namnet seier, er det styrke i atomkrafta, og etter Hiroshima og Nagasaki i 1945 skjøna også vi lekfolk såpass. Men styrken i avsløringane etter ulykka i Tsjernobyl vart med på å øydeleggja sjølve grunnlaget for sovjetstaten, som ikkje overlevde meir enn fem–seks år til. Det var knusande da det ikkje lét seg løyna at dei sovjetiske atomreaktorane var for dårlege og for kompliserte, at korkje sikringstiltaka eller opplæringa dugde. Og når andre og minst like katastrofale hendingar dukka opp frå historia, først og fremst ved gigantanlegget Majak i Ural i 1957 nær 30 år tidlegare, samstundes med at radioaktivt materiale etter Tsjernobyl vart spreitt ikkje berre i store delar av Sovjetunionen, men i Vest-Europa frå Helgeland til Spania, og når dei første rapportane kom frå ekspertar i Sverige, sprang ei demning som propagandaapparatet i Moskva ikkje kunne hanskast med.

Brutalt materiale

Dette er den tekniske og den politiske sida ved det som hende. Dette stoffet er meir enn dramatisk nok. Men dei menneska som måtte ta støyten, dei som stod i fremste line, anten dei arbeidde ved kraftverket eller dei sat på forskingsinstitutta, har vi høyrt lite om. Higginbotham har brukt dei siste 33 åra godt, grave seg fram til dei, både dei som har overlevd trass i dødelege dosar av radioaktivitet, og dei som er nære slektningar av ekspertar som brukte frå nokre sekund til nokre veker eller fleire år på dødskampen. Dette brutale materialet legg Higginbotham fram i ein nøktern, nesten tørr tone, kor sjelsopprivande det meste av det enn er.

I dag ligg byen Pripjat like ved Tsjernobyl som ei menneskeskapt øydemark: Dei bustadene som til slutt, og altfor seint, vart tømde for folk, står tomme, og mange av møblane og leikeplassane ligg om lag som dei har gjort sidan sommaren 1986. Makabert nok er dei no utnytta til det vi kan kalla atomturisme: Med omvisarar og utstyrte med dosimeter som viser kor sterk stråling dei nyfikne vert eksponerte for under det korte opphaldet, kan dei få eit inntrykk av den viktigaste gravstaden for ein visjon som skulle byggja og overtydande visa «vår strålande framtid». Dette var det vanlegaste slagordet i eit Tsjekkoslovakia, som hadde levert mykje av uranet som vart brukt, og mange av ekspertane. Tsjekkiske og slovakiske fysikarar var etterspurde i warszawapaktstatane. Men det som hadde med stråling, strålande og liknande ord å gjera, lét seg ikkje lenger marknadsføra. Og orda kunne ikkje lenger brukast.

Per Egil Hegge

Per Egil Hegge er tidlegare redaktør og kommentator i Aftenposten og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Styrken i avsløringane etter ulykka i Tsjernobyl vart med på å øydeleggja sjølve grunnlaget for sovjetstaten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis