JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Degradert til olding

Lisa Ridzén har skrive eit verdig verk om den nedverdigande slutten av livet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lisa Ridzén bur på ein liten stad utanfor Östersund. Ho er doktorgradsstipendiat i sosiologi og har spesialisert seg på maskuline normer og kjensler på den norrlandske landsbygda.

Foto: Gabriel Liljevall

3651
20240809
3651
20240809

Roman

Lisa Ridzén:

Tranene flyr mot sør

Omsett av Ingrid Greaker Myhren

Kagge Forlag

Vert du gamal nok, vil du kan hende oppleva at alt som definerer deg, går tapt, litt etter litt, til du knapt har annan identitet att enn statusen som hjelpetrengande olding. Slik er det med den 89 år gamle Bo i debutromanen Tranene flyr mot sør av svenske Lisa Ridzén.

Bo bur på landsbygda, nær Storsjön i Jämtland, og dermed også nær det mytiske, på eit vis, Storsjøormen eller Storsjöodjuret, som dei kallar det i Sverige. Dette moglege monsteret nemner boka, men utan å gjera noko nummer av det, endå utsegner om vesenet er å finna i skriftlege kjelder frå 1600-talet, og vesenet, eller uvesenet, truleg er avbilda på Runesteinen på Frösön, ein gong kring år 1050.

«Gammern, som han kallar han, var ein grinebitar som ikkje forstod seg på born og ikkje aksepterte veikskap.»

Minne og draumar

Bo har ei dement kone, Fredrika, som er på sjukeheim, elles har han ofte kontakt med den travle sonen Hans, litt sjeldnare med barnebarnet Ellinor, dagleg med tilsette i heimetenesta og heile tida med jämthunden Sixten, som han knapt er i stand til å handtera. Han har dessutan kameraten Ture, som han no berre når på telefonen, og han har minne og draumar som fører lesaren inn i livet hans, slik det har vore. I det meste av teksten er det tankane til Bo som styrer, og dei er retta mot kona, som om ho var til stades. Dette vekslar fint med stutte loggføringar gjorde av alle som er innom og har tilsyn med han.

No vil dei som har noko med det, ta hunden ifrå han, det er den viktigaste saka i verda for Bo. Dei skal ikkje få ta hunden, ikkje på vilkår, han gjer alt han kan for å hindra dette overgrepet. Men tida er imot han, og sjølv dei som han trur er støttespelarar, prøver å appellera til slik fornuft hjå han som det offentlege nyttar, noko som for Bo er å rekna som svik.

I lange og stutte minneglimt får me sjå ein del av livet til Bo, eit liv med mykje arbeid og ein far som aldri gav han noka form for anerkjenning. Gammern, som han kallar han, var ein grinebitar som ikkje forstod seg på born og ikkje aksepterte veikskap.

Kameraten Ture, som heile livet har vore ein Storsjøorm-entusiast, er tydelegvis homofil, utan at det ordet vert sagt nokon gong, eller at legninga får innverknad på kameratskapen. Ridzén får dette fram på ein diskret måte som syner mennesket attom merkelappane, og det gjeld både Bo og Ture. Men dette mennesket er ved å kverva som individ, både Bo og Ture vert haldne i live, dei vert stelte som småborn, dei får ferdig mat og vert utstyrte med bleie, dei vert dusja av meir eller mindre framande, og identiteten kverv litt etter litt medan det går mot haust på både den eine og den andre måten.

Imponerande roman

Tranene flyr mot sør er ein imponerande roman, ikkje minst av di forfattaren er atterhalden og ikkje grip til store fakter. Det meste ser lesaren frå perspektivet til Bo, men samstundes forstår ein også dei andre synspunkta, til dømes når det gjeld hunden. Men mest av alt kjem ein nær det genuint menneskelege, det ved ein person som er det eineståande, like uhandgripeleg og umogleg å dokumentera som ideen om det mytologiske monsteret, som eksisterer i vatnet i kraft av den menneskelege fantasien om det. Bo er framleis Bo, og ikkje degradert til olding, til ein ting, men identiteten er bevart ved dei orda berre lesaren har tilgang til. I uunngåeleg nedverdigande omstende står difor Bo att med verd for den som kan ta del i tankane hans.

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis