Dei kjenslevare og dei utilstrekkelege
Britt Karin Larsen byr på riss frå røynda i landskap der moralske forteikn er påliteleg ustabile.
Britt Karin Larsen har skrive mange bøker, men debuterer som novelleforfattar i haust.
Foto: Anita Krok / Glåmdalen
Forteljingar
Britt Karin Larsen:
Fuglene tar ikke telefonen
Cappelen Damm
Britt Karin Larsen er ein forfattar som meistrar det største formatet med bravur, noko mellom anna den store serien med tjukke romanar frå Finnskogen er eit prov på. No kjem ho med ei tynn bok med stutte forteljingar, ein overgang som kan få somme grinebitarar til å tenkja at det gjekk med så mykje trevirke til finnskogbøkene at Finnskogen vart snauhogd, slik at det ikkje er meir å skriva om eller på der, anna enn litt flis og kvist til nokre små noveller. Ja, desse grinebitarane!
Skisser og riss
Forteljingane er stundom stutte skisser og riss frå kvardagslege hendingar, og nokre gonger kan ein sjå dei som kapittel frå uskrivne romanar. Her florerer det med einebuarar, så mange at dei kunne ha danna ein mektig klubb dersom dei visste om kvarandre. Dei er også einslege i tida, dei lever i dette hundreåret, men høyrer ikkje heime i det. Somme av dei kan ha ei dramatisk fortid, andre får ei tragisk framtid, og notida er ikkje så mykje å ropa hurra for heller. Men her er òg døme på kjenslevare personar som er einslege og stundom desperate av di dei vert ignorerte av utilstrekkelege føresette.
Ein kjenner att Larsen i dette – og i eit anna særdrag, nemleg at det gode oftast er å finna hjå dei ressurssvake. Utskota råkar etisk blink, medan dei andre sit attende med innskot og lite anna. Eit døme på dette er teksten «Idioten», der ein dødsannonse syner at det har gått overraskande bra med ein gut som fekk ein vanskeleg start i livet. Her finn ein dessutan nokre saftige replikkar på dialekt, som denne, då guten får høyra dette frå mor si: «Je skær jaga dæ så mækka skvætter tur ræva på dæ!» Me får tru at dei mjuke ord til hjarta gjekk, for han fekk eit strålande ettermæle som temmeleg brått avsluttar teksten.
I forteljinga «En varm dag» kan lesaren kjenna seg klok og skarp av di han eller ho fort forstår føresetnadene betre enn forteljaren, ei jente som vart skadd i ei ulukke. Ho er uskuldsrein og naiv, medan dei som har tilsyn med henne, pleiarane Rune og Rita, som korkje er sysken eller kjærastar, men kristne og gifte på kvar sin kant, har sine svin på skogen, og dei har dei i lag. Men mot slutten kjem dette så tydeleg fram at lesaren ottast at også andre skal forstå dette, og gjera han mindre unik. Med andre ord: Sjølv om Larsen i desse korte tekstane seier lite, seier ho stundom litt for mykje.
Føreseieleg
Larsen sympatiserer mykje med dei små og veike i samfunnet, og heller lite med dei store og ressurssterke, og sjølv om ho prøver å vera nøytral, kjem grunnhaldninga ofte til uttrykk. Det er vel og bra, men det gjer at det moralske kompasset er låst på føreseieleg vis. Dei som har ansvar, misbruker det, dei med moralsk fallhøgd, står for fall. I ein roman vert dette stundom nyansert av formatet, ein får sjå aktørane i mange ulike situasjonar, medan dei stutte forteljingane fokuserer på nokre få handlingar i ein episode eller to. Såleis vert personane litt for enkle i novelleutgåva av Larsens metode. Eg trur likevel at mange vil finna glede i desse tekstane, ikkje minst kan «Idioten» gjera godt for lesarar som sjølv har lese- og skrivevanskar.
Larsen skriv elles klokt og godt og varierer stilen etter personane som fører ordet i tekstane. Og ho kan gjerne nytta brei dialekt oftare, for det gjer teksten plausibel og kraftfull.
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Larsen sympatiserer mykje med dei små
og veike i samfunnet.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.