Demokratisk politikk mot teknokratisk styring
Jürgen Habermas skriv om demokratiske vilkår i vår tid.
Professor Jürgen Habermas (t.h.) då han tok imot Holbergs internasjonale minnepris av dåverande kunnskapsminister Øystein Djupedal i Haakonshallen i 2005. Til venstre står styreleiar for Ludvig Holbergs minnefond Jan Fridthjof Bernt.
Foto: Marit Hommedal / NTB
Sakprosa
Jürgen Habermas:
Den nye offentligheten. Strukturendring og deliberativ politikk
Omsett av Anders Dunker og med etterord av Pål Veiden
Cappelens upopulære skrifter, Cappelen Damm
Det var ein gong, då vi framleis var opptekne av vilkåra for demokratiet, at alle kjende til Jürgen Habermas’ Borgerlig offentlighet frå 1962, eminent omsett i 1972 av Helge Høibraaten. Dei fleste las likevel ikkje siste kapittelet i Borgerlig offentlighet, om det trulege forfallet i ålmenta; det tyktest uskjønleg at vi skulle oppleve at demokratiet var truga.
Boka har fire delar: ein lengre artikkel, eit intervju, ein bolk med omgrepsavklaring og så eit fint etterord av Pål Veiden, som set boka inn i kontekst, både historisk og ut frå virket til Habermas. Teksten til Veiden er nyttig og god lesnad, og han er ispedd både undring og lun humor. Omsetjaren Anders Dunker har òg gjort utmerkt arbeid, men eg kunne ønskt meg ei liste med ordforklåringar bak i boka, for nye habermaslesarar.
Eksakt omgrepsbruk
Ein lyt som alltid vere merksam på at Habermas er særs eksakt i omgrepsbruken sin, så ein lyt vere oppmerksam som lesar. Då hjelper det med den nokså lange samtalen, der det heile vert meir munnleg, sameleis er omgrepsdrøftingane mot slutten avklarande.
Eg vart litt forundra over at boka som så tydeleg syner attende til det verket Habermas er mest kjend for, ikkje tek brytetak med Habermas frå 1962 og tanken om at deliberativ politikk – altså den rasjonelt drøftande ålmenta som skaper gode overlegningar og grunnlag for at representantane våre gjer gode vedtak – ville kome til å gå i oppløysing.
Varsam optimisme
Det er ingen dommedagstale her, snarare ein varsam optimisme – dersom dei liberale ideane frå i alle høve fire sentrale observasjonar som eg med litt sjølvtekt destillerer slik: 1) Dei politiske leiarane i Vesten har falle til fote for ein konkurranse mellom (kapitalistisk) realisme, som seier at vi må finne oss i at marknaden er det som rår, og at politikken ikkje kan løyse alle ting, og på hi sida, ein populisme som seier at «vi er Folket», og det må bli som vi vil, oftast går denne tendensen i høgreretning.
Dette tilseier at 2), der den opphavlege borgarlege ålmenta, altså den opne allmenningens frie diskusjon mellom alle ei sak vedkjem, som må ha rett til å ta del i diskusjonane før vedtak vert fatta, vert erstatta av to storleikar: ekspertokrati, altså ein ny variant av teknokrati, der politikarane overlèt utviklinga av avgjerdsgrunnlaget til ekspertgrupper sidan vurderinga frå desse same politikarane er at det realistisk sett ikkje er truleg at folk flest har greie på det meste, og det difor ikkje er noko poeng i opne diskusjonar. Dette fører til at demoskopi erstattar demokrati, det vil seie at ein vel ei maktopportunistisk tilpassing til omstenda ut frå systemiske tilhøve som tilfeldigvis oppstår, eller, kan hende, at dei tilstandane som finst, gjer at regjeringane er bundne på hender og føter – offisielt. Ein isolerer seg altså frå veljarane sine.
Dette fører til 3), nemleg at dei økonomisk og sosialt dårlegast stilte gruppene, som statsteorien i ein rettsstat framleis offisielt hevdar skal vere aktive deltakarar i den samlande fellesskapen, mistar tiltrua til staten og politikken og trekkjer seg ut på ymse vis. Dermed sluttar dei fleste sentrale politikarar å bry seg om fattige og uheldige, for dei røystar jo ikkje likevel, så kva er vitsen?
Så kjem vi til 4), medietilstanden som akselererer og bryt opp den samforstanden som var grunnlaget for felles offentlege overlegningar. Dei digitale ovringane i sosiale medium lèt seg ikkje samle til noko sams vurderingsgrunnlag, men lever i ei aksentuering av skilnader, motsetnader og konfliktar – ikkje eit liberalt framforhandla kompromiss eller argumenterte grunnlag for vidare politisk drøfting.
Åtvarar mot defaitisme
Ein kan innvende at Habermas langt frå er à jour med forsking om digitale medium og tilstandar, men prinsippet er likevel klårt og gjenkjenneleg for dei fleste av oss. Grunnen til at Habermas utmålar oppløysingstilstanden i offentleg diskusjon, er at han klårt åtvarar mot defaitisme. Dersom tanken om at systemet – marknaden, realismen, teknologien – tek over all makt, får lov til å lamme all politisk tenking, då sit regjeringane igjen med ei simulering av handlingsevne, ei etterlikning av aktiv handling.
Dette må vi ikkje late hende, demokratiet kan ikkje finnast utan aktiv deltaking. Ja, det er ei sisyfosoppgåve som går føre seg på det jamne, kvar dag. Men det var det sanneleg i dei to–tre hundreåra som har gått sidan tanken om eit demokrati med gjensidig respekt mellom borgarar og styresmakter oppstod og vart utvikla. Gjev vi opp den tanken, går rettsstaten og vernet mot tilfellelege makters romstering med det som eingong var frie borgarar, tapt. Berre av den grunn er det verdt å lesa boka for å finne ut av kva Habermas åtvarar mot og vil vi skal interessera oss for no.
Ein lyt vere ørlite habermasochistisk for å arbeide seg gjennom første del av boka. Meiningane er samantrengde, og det er mangt gammalt ein vert mint om. Men så losnar det, og ein skjønar etter kvart at dette er ei viktig bok å verte kjend med.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.