Den eine
Ein som bryr seg, kan vere nok.
Illustrert
barnebok
Vilde Kamfjord, Rune Markhus (ill.):
På omveien hjem
Gyldendal
Vilde Kamfjord debuterer med ei original og rørande skildring av eit tilfeldig møte mellom ei lita jente og ei godt vaksen kvinne på toget. Både Vinde og Britt skal til Lillehammer. Kvar historia vil ta vegen, er umuleg å gjette seg til, anna enn at det tidleg vert tydeleg at Vinde har mykje på hjartet og at ho treng nokon å snakke med.
Vinde fortel at ho er på veg i fødselsdag for å spele blokkfløyte, saman med mor si og venen sin, Ronald. Ronald er ein superhelt for Vinde. Dette får Britt til å fortelje om Fredrik, som ho forelska seg i i sjette klasse og endeleg snart skal gifte seg med.
Boka er både skriven og formgitt som ein samtale. Om det vert stille mellom dei to togpassasjerane, flyg ein fugl mellom linjene. Tolka som eit symbol, gjev fuglen mellom linjene bodskapen vengjer.
Vinde er direkte og insisterande. Legg ho vekt på eit ord, er det utheva i kursiv. I dedikasjonen takkar forfattaren klasse 4b på Flisnes skole, og etter kvart høyrer vi stemma til ei jente i fjerdeklassealder stadig klarare. Lesinga er som ei langsam framkalling av eit portrett av fjerdeklassingen i bunad og cherroxstøvlar.
Illustrasjonane til Rune Markhus utdjupar nokre av hendingane Vinde fortel om, av og til i heile oppslag, av og til i detaljar langsetter ei side. Scenene forsterkar stemninga i samtalen som først er vittig og finurleg, deretter meir melankolsk og til slutt prega av eit poetisk alvor.
For nokre år tilbake lanserte Unicef kampanjen «Den Ene». Barn og unge treng vaksne som ser dei. Ver den eine som bryr seg, oppmodar Unicef. Britt blir den eine for Vinde.
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar historia vil ta vegen, er umuleg å gjette seg til.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.