Den engasjerande krigen
Ekko fra Spania tilfører vesentleg nytt, særleg om propagandakrigen om den spanske borgarkrigen her til lands.
General Francisco Franco talar til marinestyrkar i Vinaroz i Spania 26. juli 1938.
Foto: AP / NTB scanpix
Sakprosa
Hans Fredrik Dahl, Bernt Hagtvet og Rolf Werenskjold:
Ekko fra Spania. Den spanske borgerkrigen i norsk offentlighet
Dreyers forlag
Den spanske borgarkrigen (1936–1939) vekte enorm interesse i si tid og gjer det framleis. Dei intellektuelle tok stilling til krigspartane, og somme lét seg også verva, dei aller fleste på republikken si side. Tilmed i våre dagar, 80 år etter at krigen slutta, kjem det ut bøker som tar opp ulike aspekt ved den brutale og ekstremt valdelege krigen. Ekko fra Spania. Den spanske borgerkrigen i norsk offentlighet er eit nytt tilskot til denne litterære floraen.
Forfattarane nøyer seg ikkje med å ta opp att det vi alt kjenner til frå borgarkrigen, men dokumenterer grundig og overtydande korleis propagandakrigen gjekk føre seg i dei ulike media, frå arrangement i dei 110 lokale Spania-komiteane som blei skipa rundt om i landet, og til dei nye massemedia, som film(aviser) og spesielt radio. Som appendiks finn vi eit imponerande oversyn over Spania-arrangement og visingsstader for Spania-filmar i perioden. Denne meldaren likte spesielt godt appendikset «En kommunelege drar i krigen», der vi gjennom skildringane til Johannes Hagtvet kjem nær innpå dagleglivet i krigen.
Mediedekning
Eit gjennomgåande tema er korleis krigen blir dekt i hovudstadsavisene, i første rekke Aftenposten, Arbeiderbladet og Dagbladet. Boka tar breitt opp haldningane andsynes dei frivillige – dei som verva seg gjennom den kommunistiske Komintern til dei internasjonale brigadane for republikken – og det humanitære hjelpearbeidet som det blei samla inn monalege beløp til på talrike arrangement rundt om i landet.
Dei som fekk aller mest å seia for synet på borgarkrigen, var politikarar og journalistar som hadde store propagandaapparat til rådvelde. Av dei mest kjende som reiste til Spania, tok dei fleste standpunkt for republikken: Nordahl Grieg, Lise Lindbæk og Gerda Grepp mellom dei profesjonelle skribentane og Haakon Lie og brørne Rolf og Einar Gerhardsen i politikarrekkene. Spesielt Haakon Lie nådde langt ut med filmen Spania, Spania og med foredrag som sekretær i AOF (Arbeidernes Opplysningsforbund). Men også representantar for det humanitære arbeidet – i særleg grad Nini Haslund Gleditsch og Kristian Gleditsch – dreiv aktivt informasjonsarbeid for Den norske hjelpekomité for Spanias arbeid, som dei for ein del stod i spissen for.
Også dei frivillige til Franco-fronten er omtala i boka, sjølv om dei var berre ein brøkdel av nordmennene som slutta seg til dei internasjonale brigadane, fem–ti versus om lag 225. Men dei hadde sine talsmenn med tyngd i det norske samfunnet: Tryggve Gran, kjend frå Scotts sørpolekspedisjon, og Per Imerslund, som blir framstilt som den mest kjende nordmannen på Franco-fronten.
Likevel var det Franco som vann borgarkrigen, takk vera i stor grad økonomisk, militær og teknologisk hjelp frå italienske og tyske troppar, som eklatante brot på ikkjeintervensjonspakta heilt frå første stund av. Og så må vi sjølvsagt heller ikkje gløyma dei interne ideologiske stridane mellom republikanarane. At sanninga er det første offeret i ein krig, kjem også klart fram her når forfattarane poengterer den overdrivne optimismen for republikken slik det blei lagt fram for det norske folket. Men sant er det i alle fall at «Franco sto for en brutal sentralisme som dagens Spania ennå preges av». Og det trass i at det er lang tradisjon for regionale identitetar i landet.
Dilemma
Under tittelen «Var det lov?» blir vi presenterte for spennande lesing om dei dilemmaa som ein stod overfor når det gjaldt haldningane til dei verva soldatane som fór i krigen i Spania. På somme vis var den spanske borgarkrigen det Vietnam skulle bli 30 år seinare for ein ny generasjon, men med den vesentlege skilnaden at Vietnamkrigen verva ein seg ikkje til. Grunnen til det kolossale engasjementet i Spania var at mange såg farane frå fascismen.
Boka har nokre upresise opplysningar, som når det står at «På 1800- og begynnelsen av 1900-tallet (…) ble kongedømmet avviklet og republikken innført (…) landet ble kongedømme igjen i 1908» (s. 18). Likevel står det fast at Ekko fra Spania tilfører vesentleg nytt særleg om propagandakrigen om den spanske borgarkrigen her til lands. Boka tar likeins opp problemstillingar rundt dei frivillige i dei internasjonale brigadane og det humanitære hjelpearbeidet så det er til å få forstand av.
Johannes Nymark
Johannes Nymark er
professor emeritus.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

På somme vis var den spanske borgarkrigen det Vietnam skulle bli 30 år seinare.
Fleire artiklar
Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.
Alle foto: Svein Gjerdåker
Soga om stølspurka
Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.