Den gamle mannen og draumane
Neshornets hemmelighet er tidlaus fabelprosa i kjend og kjær strek
Illustrert barnebok
Thore Hansen:
Neshornets hemmelighet
Gyldendal
I ein mannsalder og meir har barnebokkunstnaren Thore Hansen teikna og dikta om verda bortanfor vår eiga, der fantasien og fablane rår. Mange lesarar kjenner han gjennom fantasyserien Skogland. Endå fleire hugsar han for samarbeidet med Tor Åge Bringsværd om sjøormen Ruffen.
I Neshornets hemmelighet møter vi Emilie. Ho har 13 frekner på nasen og seier at ho er 14 år, sjølv om det ikkje er sant. Emilie er «et fantasifullt barn» og «en høflig pike». Frå plassen sin høgt oppe i eit tre ser ho nashornet komme gåande i «en fotsid frakk».
Dei nostalgiske, nesten gammalmodige skildringane gjev teksten eit tidlaust preg. Stiltonen kan verke framandgjerande i starten, men fungerer betre i den underlege verda nashornet har nøkkel til:
Tankelesande shimoolar glir lydlaust over mosen. I skuggane græt dei namnlause. Alle slags skapningar slynger seg over sidene, i Hansens karakteristiske strek. Nokre finst i draumar, andre i mareritt. Emilie undrar seg over det ho ser, på ein slik måte at lesaren får slå følgje. Seint går den vesle karavanen gjennom fantasiverda. Forteljinga er vidopen og tener til å halde håp og draumar levande. Treng vi leve slik vi gjer? Kva kunne vere mogleg?
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Illustrert barnebok
Thore Hansen:
Neshornets hemmelighet
Gyldendal
I ein mannsalder og meir har barnebokkunstnaren Thore Hansen teikna og dikta om verda bortanfor vår eiga, der fantasien og fablane rår. Mange lesarar kjenner han gjennom fantasyserien Skogland. Endå fleire hugsar han for samarbeidet med Tor Åge Bringsværd om sjøormen Ruffen.
I Neshornets hemmelighet møter vi Emilie. Ho har 13 frekner på nasen og seier at ho er 14 år, sjølv om det ikkje er sant. Emilie er «et fantasifullt barn» og «en høflig pike». Frå plassen sin høgt oppe i eit tre ser ho nashornet komme gåande i «en fotsid frakk».
Dei nostalgiske, nesten gammalmodige skildringane gjev teksten eit tidlaust preg. Stiltonen kan verke framandgjerande i starten, men fungerer betre i den underlege verda nashornet har nøkkel til:
Tankelesande shimoolar glir lydlaust over mosen. I skuggane græt dei namnlause. Alle slags skapningar slynger seg over sidene, i Hansens karakteristiske strek. Nokre finst i draumar, andre i mareritt. Emilie undrar seg over det ho ser, på ein slik måte at lesaren får slå følgje. Seint går den vesle karavanen gjennom fantasiverda. Forteljinga er vidopen og tener til å halde håp og draumar levande. Treng vi leve slik vi gjer? Kva kunne vere mogleg?
Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen er bonde og litteraturvitar.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.