JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den mang­faldige egosentrikaren

Livet til Alf Larsen er forteljinga om den tronge vegen frå små kår til posisjonen som ein av våre sentrale kulturpersonlegdomar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alf Larsen (1885–1967) gav ut ei rekkje diktsamlingar. Han budde i København og i Frankrike nokre år før han slo seg ned på Tjøme i 1920.

5319
20240823
5319
20240823

Biografi

Henrik Høpner Jørgensen:

På sporet av Alf Larsen

Dreyer

Kråka er ikkje alltid ein velkomen gjest, for ho skrik både høgt og håst, og det kunne diktaren, profeten, refsaren og spiritualisten Alf Larsen òg gjera. I eit dikt vedkjenner han seg slektskapen: «De svarte fugler forteller/ om noget jeg ogsaa vet,/ som her i de snetykke kvelder/ har hjemme fra evighet!»

Men han kjende òg dei vare og ømme ting, som ein ser i dei stemningsfulle naturdikta frå øyane Hudø og Tjøme, landskapet der han voks opp. Det fortel mykje at han kalla tidsskriftet sitt (1933–41) opp etter den romerske guden Janus, som hadde to andlet som vende kvar sin veg. På folkemunne gjekk han under utnamnet Tjøme-kjeften.

Viktig lyrikar

Alf Larsen (1885–1967) er ein av dei viktigaste lyrikarane våre, med klare likskapar med diktaren Olav Aukrust. Han debuterte i 1912 med Vinterlandet og gav ut ei rekkje framifrå diktsamlingar, nokre essaybøker og aforismesamlinga Nattetanker. Difor er det stas med ein heilt fersk Alf Larsen-biografi, for den førre, av Henri Werring, kom i 1977 og er no temmeleg utdatert.

No har Henrik Høpner Jørgensen gjeve oss ein omfattande, oppdatert biografi som tek omsyn til den nyaste Larsen-forskinga og kjem med mykje nytt stoff, særleg om hans unge år. Særs interessant er skildringa av korleis Larsens intime samband med naturen gjorde han til ein tidleg naturvernar, med utgangspunkt i naturen i dei heimlege traktene og Rød gard, som han fekk freda i 1942. Ikkje minst er det verdfullt at biografen lèt Larsen sjølv koma til orde gjennom velvalde sitat.

Motsetnadsfull

Jørgensen set Alf Larsen inn i sin rette litteratur- og idéhistoriske kontekst, fyrst med oppveksten på Hudø og så tida i Danmark frå 1903, med læreåra ved den grundtvigianske høgskulen, og seinare som samfunnsfiendtleg anarkist under mellom andre Hans Jægers påverknad. Her ser ein tydeleg dei motsetnadsfulle draga i Larsens karakter. Kanskje viser det seg tydelegast ved at han heile livet var ein steil individualist.

Han vende attende til Noreg i 1920 og vart norsk diktar, sjølv om skriftmålet hans aldri heilt mista det danske preget. Og han gifta seg dansk, med Astrid Blicher-Hansen, som var støttespelaren hans i eitt og alt. Han stod nær den kulturkonservative rørsla som vert kalla «den annen front», med namn som Ronald Fangen og Sigrid Undset.

Særleg dei antisemittiske haldningane til den eldre Alf Larsen har vore heftig debattert dei siste åra. Henrik Høpner Jørgensen tek opp debatten i biografien. Asbjørn Aarnes har fortalt at Emil Boyson, Larsens gode ven, berre stira mørkt og trist ut i rommet når desse haldningane kom på tale.

Det er som eit ekko av Ludwig Wittgensteins aforisme: «Det ein ikkje kan tale om, må ein teia om.» Men det er vanskeleg å finna klare antisemittiske utsegner i Larsens trykte skrifter, så kontroversen kjem frå nokre upubliserte tekster, særleg det som er kalla «Jødeproblemet», som Jørgensen kommenterer inngåande: «Det som likevel er misvisende, er at ‘Jødeproblemet’ skulle eksemplifisere en hovedlinje i Larsens litterære produksjon etter krigen.» Men kva skal ein då leggja vekta på? Det må den kritiske lesar sjølv avgjera, men same kva er det ein skamplett på ryktet hans.

Førmoderne?

Det meste i boka er forvitneleg skildra, men eg stussar over biografens bruk av ordet «førmoderne» når han skal skildra miljøet diktaren voks opp i. For var det eigenleg førmoderne? Var det ikkje snarare den siste tida primærnæringane, jordbruk og fiske, enno var dei viktigaste i eit lite samfunn?

Moderniteten, med industri og mekanikk, gjorde inntog i landet nokre tiår før Alf Larsen vart fødd, og det må dei ha merka på Tjøme òg, der sjøfart og kvalfangst var viktige arbeidsplassar. Det var ikkje utan grunn at Larsen utvikla seg til ein krass kulturkritikar, noko ein kan sjå i essaya og den profetiske diktinga hans.

Som kritikaren Philip Houm peikar på, kunne han i polemikk vera «den hovmodigste blant kverulanter, alltid brølende mot alle som tenker og føler annerledes enn han selv». Det var særleg oppstykkinga og avmytologiseringa av verda som kvesste den skarpe pennen hans, og dette åndelege tapet førte han på midten av tjuetalet mot antroposofien.

Innforstått

I tenkinga til Rudolf Steiner fann han bolverket mot modernitetens triumfmarsj, ettersom antroposofien tilbyr eit heilskapleg syn på mennesket og verda, med mindre vekt på materien enn det åndelege. Men biografen vert for innforstått når han skildrar dette viktige vasskiljet i Larsens liv og verksemd, og då er det ikkje alltid lett å følgja med for dei som ikkje er innvigde.

For den egosentriske Alf Larsen var ikkje alltid ein truande Steiner-disippel! Og ein treng ikkje vita noko om korkje Ahriman eller Lucifer for å skjøna poesien hans. Nokre gonger når ein les antroposofisk tankegods, kjenner ein seg plassert i dårekista i Kairo. Men det er ikkje tilfellet med boka til Henrik Høpner Jørgensen. Fyrst og fremst er det ein påliteleg og opplysande biografi han har skrive, som nok vert ei viktig kjelde til vidare utforsking av den rikhaldige forfattarskapen til Alf Larsen.

Kjetil Berthelsen

Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis