Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den nye forgiftinga av skulen

Denne gongen er gifta ikkje latin, men nyliberalisme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lektor Simon Malkenes har skrive endå ei kritisk bok om skulen.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

5808
20181109
5808
20181109

Sakprosa

Simon Malkenes:

Det store skoleeksperimentet. Makt, barn og forretningshemmeligheter i «verdens beste skole»

Forlaget Manifest

Simon Malkenes vart plutseleg rikskjendis då han på Dagsnytt 18 i mars las opp ei konsentrert sakleg skildring av dei dysfunksjonelle tilhøva i klassen han hadde ved ein vidaregåande skule i Oslo (Ulsrud). Dette var ikkje populært i Utdanningsetaten i Oslo, leia av direktør Astrid Søgnen, som sette i gang føreundersøkingar for å oppretta personalsak mot han – offisielt ikkje av di han uttalte seg kritisk mot etaten og skulesystemet, men av di han krenkte elevane han skildra, sjølv om dei var anonymiserte. Dette var ifølgje Søgnen ikkje eit åtak på ytringsfridomen.

Men i april vart det kjent at det likevel ikkje vart noka personalsak. Massiv støtte i media og frå fagforeininga må ha verka. Seinare, i mai, fekk Malkenes endeleg vern ved å få Fritt Ords Honnør «for hans kritiske søkelys på manglende ytringskultur i Oslo-skolen».

Kritisk søkjelys

Men det var forståeleg at Utdanningsetaten ville ta Malkenes. Han må lenge ha vore som ein torn i auget, eller som ein klegg på ryggen, slik Sokrates ville vera. For fire år sidan ga han ut boka Bak fasaden i Osloskolen, der han gjekk til åtak på marknadstenkinga i institusjonen. No har han gjeve ut ei ny bok om det same. Der kjem det fram korleis han har plaga administrasjonen med tallause krav om å få sjå sakspapir, der avslag har vorte etterfølgde av anke til Fylkesmannen, og mange gonger med suksess for Malkenes, men med sand i maskineriet for administrasjonen. Men som skulekritikar står Malkenes i ein stolt tradisjon, frå Kielland til Bjørneboe. Skulen er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiet vårt. Det skulle berre mangla at vi ikkje helsar eit kritisk søkjelys velkomen.

Det store skoleeksperimentet inneheld eit (sjølvsagt) einsidig åtak på eit system og på personar som representerer det. Systemet er New Public Management og Konsernmodellen brukt på skulen. Personane er, for å følgja modellens ovanfrå-og-ned-system: Øvst nyliberalisten Milton Friedman, som inspirerte undervisningsministrane Gudmund Hernes og Kristin Clemet. Dinest skulesjef Astrid Søgnen, saman med ein haug med konsulentar og særleg utdanningsøkonom Hans Bonesrønning, professor ved NTNU. Under dette igjen områdedirektørar som skal halde styr på grupper av vidaregåande skuler, som i sin tur vert styrte av rektorar som alle har sverja truskap oppover i systemet. Nedst finn vi lektorar og lærarar som vert plaga av pedagogiske idear som eigentleg er uvedkommande for systemet. Ja, og det gløymde eg: Dessutan elevane, som er ein slags kundar.

Drivkrafta opp gjennom heile dette – ifølgje Malkenes – nyliberalistiske systemet er konkurranse, styrt av målbare målsettingar: Elevane konkurrerer med kvarandre gjennom karakterar, skulane gjennom testing og områdedirektørane seg i mellom gjennom å få gode skular i porteføljen sin. Dette innbyr til juks: Rektorar lèt elevane/kundane øva seg på prøvetestar og får dei dårlegaste til å sjukemelda seg under testen. Løn for dette vert gjeve i form av lønnstrinn til dei lydige. Tilsvarande er det lønsamt for rektorar å omskriva mobbing til mindre alvorlege hendingar.

Prosessorientert

Alternativt, og noko naivt, kunne ein tenkja seg at skulle ein først hatt eit hierarki, måtte lærar og elev stå øvst. Det er jo i denne relasjonen heile poenget med undervising går føre seg. Men her er svaret at systemet faktisk set eleven/kunden høgast. Er resultata dårlege, ligg ansvaret berre på læraren, ikkje på elev/kunde og heim. Eleven/kunden har dessutan fått ein absolutt fridom og kan velja (eller «shoppe») skule – i form av fritt skuleval – etter kva test- og karakterresultat skulane kan visa til. Dette gjer at dei beste elevane samlar seg ved nokre få skular, medan dei dårlegaste – og det gjeld særleg dei som ikkje har norsk som morsmål – samlar seg ved skuler som vert ute av stand til å oppfylle lovpålagd undervisning til alle elevane. Resultatet er ifølgje Malkenes klassesituasjonen han skildra i opplesinga si.

Innanfor systemet vert ikkje slike problem løyste med fleire ressursar til klassen eller med pedagogiske innsikter. I staden hentar ein inn konsulentar som har abstrakt og ålmenn leiarkunnskap, i Osloskulen konsulentar frå EY, men som vantar kunnskap om det spesifikke fagområdet.

Kva er Malkenes’ alternativ? Det står det ikkje så mykje om i boka. Men vi skjønar sjølvsagt at han ikkje vil ha fritt skuleval, men gå attende til det gamle systemet med områdebasert skuleval? Eller slik dei har gjort i Danmark med «bussing» av svake elvar til skuler i meir velståande område? Ein kunne òg peika på at dei flinke, kvite elevane på vestkantskular får lite erfaring med det mangfaldet av innvandrarkulturar som vi uansett vil ha i Noreg. Generelt ønskjer Malkenes seg eit læringsprosessorientert pedagogisk system, snarare enn eit målstyrt system.

I tillegg til det manglande alternativet saknar eg kritikk av andre ulukker i skulen: Russefeiringa som no er komen heilt ut av styring. Og spørsmålet om overvekta av kvinner som lærarar i barneskulen inneber ei feminisert undertrykking av gutar.

Dette skal ikkje stå i vegen for at Malkenes er ein formidabel skulekritikar. Ikkje berre er han ein god skribent, som får høg norskkarakter hos meg. Men han er òg grundig og etterretteleg. Alt han seier, er dokumentert med over 500 noter og ei litteraturliste over 30 sider, med veldig mange skriv frå Utdanningsetaten brukt som kjelder. Det er ikkje lett å rista av seg denne kleggen.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus ved Universitetet i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ikkje berre er han ein god skribent, han er òg grundig og etterretteleg.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis