Den store romanen frå Appalachia
Barbara Kingsolver har skrive ein samtidsversjon av David Copperfield.
Roman
Barbara Kingsolver:
Demon Copperhead
Harper 2022
Sjølv i verdas rikaste land finst det lommer av armod og elende. I Demon Copperhead skildrar Barbara Kingsolver fattigdom, naud, narkotika og utanforskap i USAs sørstatar – slik Charles Dickens i si tid skildra fattigdom og djup naud i London og områda kring. Og dette gjer ho så meisterleg at ho i mai i år fekk Pulitzerprisen for årets beste amerikanske roman. I sommar fekk ho òg ein av Storbritannias gjævaste litterære priser, The Womens’ Prize for Fiction.
Kingsolver, ein av USAs mest vidgjetne forfattarar, har skrive fleire prislønte romanar, mellom anna The Poisenwood Bible (1998), The Lacuna (2009) og Flight Behavior (2012). Ho har lenge hatt ein ambisjon om å gjere for Virginia det som Mark Twain gjorde for Mississippi: Ho har vilja skrive «den store romanen om Appalachia». Den som skal vise utbyting og omsut, fattigdom og kjærleik, forsømming, kunnskapsløyse og, ikkje minst, den katastrofale opioidkrisa. Smertestillande opiat som OxyContin har øydelagt familiar og lokalsamfunn i Amerikas såkalla rustbelte og ført med seg hundretusenvis av overdosedødsfall.
Kingsolver tenkte seg ei bok med ein slags Huckleberry Finn som hovudperson, men fekk det ikkje til. Ikkje før ho kom til England. Etter ein bokturné tok ho inn på eit lokalt vertshus i Kent, The Bleak House Broadstairs Hotel, nær Dover. Her sette ho seg ned ved det skrivebordet der Charles Dickens hadde sete og skrive David Copperfield. «Eg kjende med eitt raseriet hans», sa ho i eit intervju med avisa The Guardian: «Han sa, ‘la guten fortelje historia’. Eg tenkte: ‘Vel, det skal eg gjere. Takk skal du ha, Mr. Dickens. Eg skal la din gut fortelje ho.’»
Slik blei Damon Copperhead forteljaren i boka.
Kingsolvers roman er ein samtidsversjon av Dickens’ klassikar. Alt som skjer hos Dickens, har ein parallell hos Kingsolver: Ein farlaus gut blir i første kapittel fødd av ei hjelpelaus mor. Han blir døypt Damon Field, men går under namnet Demon Copperhead fordi han er ein villstyring med raudt hår – akkurat som den avlidne faren, som døydde under uklare forhold. Han veks opp i ein bubil i Vest-Virginia. Mora misbrukar piller og sprit. Det er den store, godhjarta familien i bubilen ved sida av (the Peggotts) som tek seg av han.
Dickens’ hovudpersonar er gjenkjennelege: Dickens’ Peggotty er blitt til Mrs. Peggott hos Kingsolver. Betsy Trotwood og onkel Dick er blitt til Betsy og Dick Woodall, Dora er blitt til Dori, Emily til Emmy, Steerforth til Sterling Ford, Micawber til McCobb og så bortetter.
Handlinga er den same i begge romanane – dei to har til og med like mange kapittel (64). Men der romanen til Dickens går føre seg i London rundt midten av 1800-talet, har Kingsolver lagt handlinga til Lee County i Vest-Virginia. Sidan dei to bøkene er så like i struktur, blir handlinga til Kingsolver heilt føreseieleg. Likevel (eller kanskje derfor?) er Demon Copperhead ei gripande forteljing. Og fullt ut Kingsolvers bok. Ho har verkeleg skrive «den store romanen om Appalachia».
Torbjørn L. Knutsen
Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved NTNU i Trondheim.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?