JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den talande detaljen

Natalia Ginzburg viser fram kvardagen til menneske ramma av storkrig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Natalia Ginzburg (1916–1991), fødd i Palermo på Sicilia, oppvaksen i Torino, er ein av dei fremste etterkrigsforfattarane i Italia, skriv forlaget.

Foto: Marka/Universal Images Group via Getty Images

3981
20240614
3981
20240614

Roman

Natalia Ginzburg:

Alle våre gårsdager

Med føreord av Sally Rooney
Omsett av Astrid Nordang
Forlaget Oktober

Natalia Ginzburg var aktiv som forfattar midt på 1900-talet, men har fått ein renessanse i Noreg og fleire andre land dei seinaste åra. Familieleksikon og Små dyder kom på norsk for nokre få år sidan til glitrande omtaler, også av denne meldaren. I Alle våre gårsdager kan ein på ny glede seg over den italienske forfattarens særeigne evne til å levandegjere karakterar og scener på forunderleg vis.

Handlinga trer fram for oss nesten utelukkande gjennom referat av ytre hendingar. Det heile blir skildra så neddempa og liksom tilforlateleg at ein til tider nesten ikkje får med seg kor dramatisk det er. Etter kvart skjønar ein kor meisterleg teksten er skrudd saman, og at under alt det kvardagslege ligg det aller mørkaste alvor. Alle våre gårsdager er dessverre òg særs aktuell, i eit Europa der krig slett ikkje er «gårsdagar».

Den absurde krigen

I ein småby i Nord-Italia før og under den andre verdskrigen blir vi kjende med to familiar og ein stor krins av vener og kjenningar. Boka er heldigvis utstyrt med ei liste over dei viktigaste. I sentrum for det heile er ungjenta Anna, men utan at vi får noko særleg større tilgang til akkurat hennar tankar eller kjensler. Ho har to eldre brør og ei eldre syster. Brørne er erklærte antifascistar. Medan dei enno er gutungar, dannar dei ei illegal gruppe som lagar aviser. Mora er for lengst død når handlinga tar til, og snart skal søskenflokken også miste far sin. Som alt det andre tragiske i romanen, blir hendingane skildra heilt utan sentimentalitet.

Av Annas handlingsmønster skjønar ein likevel at det har verka inn på henne å bli foreldrelaus i ung alder. Ho ligg med ein gut, ikkje éin gong, men mange. Snart er ho med barn, knapt seksten år gamal. Den komande faren meiner bestemt at dei to ikkje kan gifte seg, dei er for unge og dessutan ikkje spesielt glade i kvarandre.

Korleis det går vidare med Anna og dei andre personane, får vi høyre om i del to, som flyttar mykje av handlinga til Sør-Italia. Slik gjer Ginzburg ein sveip over ein større del av landet sitt gjennom desse urolege og lagnadstunge åra, og ho skildrar dessutan alle lag av samfunnet.

Familiedrama og storpolitikk blir fletta inn i kvarandre. Her er mange lett absurde detaljar som først kan verke som komiske bagatellar i den totalt udramatiske stilen. Gradvis veks vissa hos karakterane – og hos lesaren – om at dette er det Mussolini-styrte Italia med storkrigen stadig tettare innpå. Mot slutten styrer krigen livet totalt, med mange tragiske og grufulle hendingar, men utan at Ginzburg endrar forteljemåte.

Omvend Fosse

Kanskje kan ein seie at skrivemåten hennar er ein slags «omvend Fosse», der blikket ikkje er retta mot den indre tankestraumen, men heilt mot ein ytre handlingsstraum. Her er riktig nok punktum, komma og kapittelinndelingar, men setningane er kjempelange og hendingane for ein stor del fortalde i éi lang remse med fokus på det ytre og konkrete. Teksten er fri for direkte tale og med eit blikk frå «ingen stad».

Mykje av nøkkelen til at det likevel fenger slik, ligg i Ginzburgs spesielle evne til å velje ut den eine talande detaljen. Den krevjande kvardagen til einskildmennesket trer fram, ho som må prøve å klare seg som best ho kan under omstende ho ikkje rår over. Her skjer skyting og drap, men sterkast verkar dei meir stillfarne detaljane som viser krigens gru, som når ein av hovudkarakterane står i vindauget og ser ned på rekkjer av huslause som vandrar gjennom gatene berande på madrassar.

Romanen er ei Ginzburg-bok av godt merke, framifrå omsett av Astrid Nordang. Eg opplever nok likevel Alle våre gårsdager som noko tyngre enn dei andre bøkene som har kome på norsk, og vil rå nye lesarar til å byrje med ei av dei.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis