Den tapte soga
I denne boka vert vage førestillingar snudd til ei oppdagarferd.
Sakprosa
Henning Laugerud:
Reformasjon uten folk. Det katolske Norge i før- og etterreformatorisk tid.
St. Olav Forlag 2018
Gjennom skulegangen har dei fleste oppfatninga om at reformasjonen var då det norske folket velta det katolske åket or ryggen. Laugeruds bok syner det stikk motsette: Reformasjonen vart gjennomført med vald og makt mot eit folk som overalt sette seg opp imot nyordninga så lenge dei makta.
Reformer var på gang i kyrkja tidlegare. Men det store skiftet som reformasjonen gav, vart ei gedigen maktforskyving vekk frå overnasjonale storleikar. Den katolske kyrkja hadde, med innføringa av skriftkunne og regulerte ordningar for overdraging av rettar og eigedom, klart å organisere eit svært europeisk område vekk frå borgarkrigar, der folk etter folk aksepterte lov- og kontraktsregulering. Med reformasjonen braut dette systemet saman, og jamvel det tysk-romerske riket delte seg i mange fyrstedømme. Den framvoksande borgarskapen og adelen fann under statskyrkjeleg vern alliansar med fyrstar og meir og mindre mektige kongar.
Uro og ufred
Resultatet vart uro og ufred, såleis Trettiårskrigen 1618–1648. Men alt lenge før var det i mange av dei protestantiske landa stor uro og borgarkrigaktige tilstandar. Det galdt i langt større grad også Danmark–Noreg enn vi har vilja akseptere.
Her er mange nytolkingar om makttilhøve og sosial utvikling; likevel vil nok mange, som eg, meine at det mest spennande ligg i at folkelege reaksjonar og folkekulturen endeleg kjem i forgrunnen. Det norske samfunnet var ikkje utarma, i oppløysing og med ulmande konfliktar i 1536. I dette stabile samfunnet vart det såleis omfattande protestar mot utskiftinga av prestar, mot utreinskingane av kyrkjeutsmykking og fjerning av sidealter, og fleire stader kom det til prestedrap – jamvel i kyrkja.
Lesaren vert fort fanga i forteljinga om kreftene som vert konfronterte og skaper så mange konfliktar. Reformasjonen skapte ei mengd nye problem, og det måtte jo blodig makt til for å drive erkebisp Olav Engelbrektsson og tilhengjarane hans ut or landet. Likevel varte katolske skikkar lenge ved i kyrkjene; konverterte prestar dreiv gamle praksisar vidare, og det kom jamt til kryptokatolikkar i høgre samfunnslag. Truande valfarta til stader med særskilde kultgjenstandar, så som krusifikset i Røldal stavkyrkje. Der er dokumentert pilegrimsvandringar heilt fram til om lag 1850, men i løynd dei siste tiåra. Slikt var jo avgudsdyrking for lutheranarane. Nett idet katolikkane atter får fri tilgang til riket, sloknar dei siste restane av den tradisjonelle, førlutherske kristendommen.
Undergrunnsrørsle
Klårgjeringa av den underliggjande arven frå førreformatorisk tid er fascinerande. Med den kunsthistoriske bakgrunnen og breie litterære, filosofiske danninga si kan Laugerud identifisere og vise fram ei langvarig undergrunnsrørsle i norsk kulturhistorie. Medan gamle metafysiske system lever vidare i folket, vert lutherske prestar helst oppfatta som låttelege og pompøse – noko folkeeventyra fortel om. Utanom friske lesingar av kyrkjekunst er det særs interessant at Laugerud verkar vere samd med dei som ser visjonsdiktet Draumkvedet som ein motreformatorisk reaksjon. Liksom Brynjulv Alver og Georg Johannesen ser han såleis diktet helst som eit resultat av motreformatoriske freistnader, så som den til Kloster-Lasse (ca. 1538–1622).
Verdien av perspektivet til Laugerud er dobbel: Han nyttar forsking få andre har vilja setje seg inn i, så som dei omfattande arbeida til Oskar Garstein om motreformasjonen i Norden, dermed også kjelder som han forfylgjer vidare ut frå spora i slik litteratur, og han skaper eit kontrært, nytt bilete av striden om folkesjela i tidleg-moderne tid.
I ei tid då fagplanrevisjonar i skulen og mange andre tendensar stretar imot at vi skal tenkje nytt om den kultursoga som faktisk har forma oss, og halde oss i jamleg kontakt med europeisk tenking og kjensleliv, for den del, meiner eg denne boka er noko av det mest verdfulle som er utgjeve på lenge. Henning Laugerud lèt oss gni trollsplinten ut or augo.
Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Utanom friske lesingar av kyrkjekunst er det særs interessant at
Laugerud ser
visjonsdiktet Draumkvedet som ein motreformatorisk reaksjon.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.