JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Den uhøyrde hendinga

Novellene til Keegan ser enkle ut på overflata, men like under finst det svimlande djup og uhygge.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Bøkene til Claire Keegan er omsette til fleire enn 30 språk, og ho har fått fleire prisar for novellesamlingane sine. I fjor vart ho årets forfattar, kåra av Literature in Ireland.

Foto: Murdo Macleod

3701
20240607
3701
20240607

Noveller

Claire Keegan:

I seneste laget. Historier om kvinner og menn

Omsett av Merete Alfsen
Aschehoug

«Intet mindre enn et mesterverk», står det på baksida av den norske utgåva av denne novellesamlinga. Sitatet, som er frå New York Times, er berre eitt av fleire som skryter bøkene til denne irske forfattaren opp i skyene, og som Aschehoug sjølvsagt har strødd omkring på omslaget av den norske utgåva.

Claire Keegan har vunne ei rekkje prisar, mellom andre Davy Byrnes Award, som skal vere verdas gjævaste pris for novelledikting. Klårt forlaget vil bruke denne åtgaumen for alt han er verd. Men – er orda for store? Det er i alle fall vanskeleg ikkje å ha store forventningar når ein går i gang med å lese.

Maskulin stupiditet

I seneste laget. Historier om kvinner og menn inneheld tre noveller. Som tittelen på samlinga indikerer, handlar alle om relasjonar mellom kvinner og menn, men av ulike slag. Tittelnovella, «I seneste laget», gir oss historia om Cathal og kjærleikslivet hans. Vi møter han først på arbeidsplassen ein sommarvarm fredag ettermiddag.

Alle kollegaene har for lengst kome seg ut av kontoret for å nyte finvêret, medan han dryger tida ut og finn seg nye, litt meiningslause oppgåver på PC-en. Tydelegvis kvir den unge mannen seg for å gå heim. Kva har hendt?

«Det er berre å gi seg over. Dette er meisternoveller.»

Ein blir straks forviten, sjølv om forteljinga held dramatikken på lågbluss til å byrje med. Vi følgjer Cathal heim til det tomme husværet og får i små og litt større drypp glimt av kva som har skjedd der berre nokre få døger tidlegare.

Når fortida gradvis blir rulla opp, på nærast ibsensk vis, endrar det den sympatien ein til å byrje med har for hovudpersonen: «Stakkars – han er så einsam!» blir til heilt andre kjensler. For ikkje å øydelegge spaninga for nye lesarar skal eg ikkje røpe så mykje meir, men eg kan røpe at når vi har lese ferdig, forstår vi tittelen. Han peikar mot ei innsikt Cathal burde ha fått litt før.

Inn i mørket

Det er berre å gi seg over. Alt etter den første novella kan ein ikkje anna enn vere einig i omtalene på omslaget av boka. Dette er meisternoveller av den typen som ser enkle ut på overflata, dramaet er dempa og ordvalet smålåtent, men like under finst det svimlande djup og uhygge. Det heile er kresent, presist, utsøkt.

Korleis gjer ho det? Keegan kan i alle fall kunsten å plukke akkurat det mest rammande uttrykket, det som teiknar eit krystallklårt bilete av scener og personar. Berre nokre få setningar inn i kvar tekst er vi djupt engasjerte i situasjonen hovudpersonen er komen opp i, og les vidare med stigande puls: Korleis skal dette gå?

Keegans noveller er ned­-
strippa, konsentrerte, med det brå og uventa kastet i handlinga som ei verkeleg god novelle skal ha. Det feministiske tilsnittet er tydeleg i kvar av dei og gjer at eg likar dei ekstra godt. Kor øydeleggande kvinneforakt er, både hos einskilde individ og institusjonelt, er gjennomgangstema her. Mannssjåvinismens grelle andlet kjem til syne så det gys i lesaren – hos kvinner og, vil eg tru, hos menn.

Den mørkaste soga kjem til slutt. «Antarktis» har trekk av horror og skrekk, men byrjar tilforlateleg med ei gift kvinne ute «på vift», under dekke av å gå på juleshopping. Det heile utviklar seg så gradvis at lesaren blir lokka med og nesten ikkje får med seg kor dette ber, før… Nei, igjen må eg ikkje røpe for mykje her! Men – les, les!

At det framleis finst skrivarar som Claire Keegan i verda, gir håp for framtida til litteraturen.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis