Der havørna stig
På få tiår har havørna gått frå utryddingstrua til ein høgst levedyktig bestand.
Foto frå boka: Roger Engvik
SAKPROSA
Gunnar Myklebust:
Havørna. Vår største rovfugl
Samlaget
Tidlegare har forfattar og journalist Gunnar Myklebust skrive bøker om mellom anna norsk ishavshistorie, motstandsmannen Joachim Rønneberg og historikaren Ragnar Ulstein. No er det havørna sin tur ut.
Ørna har hatt ein viktig posisjon i mytologi, folketru og dikting mange stadar i verda, ikkje minst her heime. I toppen av det verdsfemnande treet Yggdrasil sat ørna Vidognir. Under treet låg ormen Nidhogg. I den norrøne mytologien var desse to bilete på himmel og jord. Ørna har òg ein tydeleg posisjon i litteraturen. I mange land er ørna brukt som nasjonalsymbol, og ho går att på mange riksvåpen og våpenskjold.
På attenhundretalet starta norske styresmakter ein stor kampanje med sikte på fullstendig utrydding av rovdyr. Skytevåpen, gift og reirplyndring var blant dei mest brukte metodane mot havørna. Heilt fram mot fredinga i 1968 var det skotpremie på havørn i Noreg. Kampen mot rovdyra kom i stand for å verne om ei veksande befolkning og eit aukande tal på husdyr og bufe. Det tok lang tid før ein fekk kunnskap om hårfine balansar i naturen og kor viktig kvar art er i det store samspelet. Havørnstammen var nede i underkant av 1000 eksemplar det året fredinga blei innført. I åra etter var ulovleg jakt og miljøgifter dei største trugsmåla.
Ørnemannen
Forteljinga om havørna er òg ei forteljing om ørneeksperten og folkeopplysaren Alv Ottar Folkestad. Gjennom fleire tiår har han vore eldsjel og ei særs viktig brikke i å få havørnstammen på fote igjen. Myklebust skriv fram eit nært portrett av Folkestad. Vi møter han alt i byrjinga av boka, over ein kaffikopp i heimen hans i Eiksund, midt i havørneldoradoet på sunnmørskysten. Så godt som sidan fredinga har han fronta den viktige rolla rovfuglar og rovdyr har for balansen i naturen.
«Ørnemannen» Folkestad er gitt ein sentral plass i boka, men sjølv er han god til å gi havørna sceneplass som hovudrolleinnehavar. Folkestad sit på enormt mykje kunnskap om den største rovfuglen vår, kunnskap han er flink til å formidle og lage samanhengar i. Det gjer han på slike måtar at folk kan orientere seg mot havørna «faktuelt». Den nøkterne, kunnskapsbaserte og faktaorienterte tilnærminga er noko av styrken ved denne boka.
Vaksne havørner er relativt stadfaste, medan ungfuglar kan streife over store område. Havørna kan leve og hekke tett på andre artar, medan andre havørnindivid blir rekna som konkurrentar og fiendar. Forskarane har funne at havørner kan bli over 40 år gamle, og at dei brukar same reiret år etter år. Einskilde reir blir med tida gedigne, på det største er det målt reir med høgd på tre meter.
Mesteparten av maten blir henta i vatn, og havørna har difor vore i stand til å vandre og etablere seg langs elvar, vassdrag og innsjøar langt innover i landet. Ein kan i dag sjå havørn inne i fjordane og jamvel oppover i Gudbrandsdalen. Fisk utgjer det aller meste av matinntaket, men biotopar kan vere med på å bestemme kva ho et. Ei anna viktig matkjelde er åtsel. Folkestad samanliknar havørna med gribben og understrekar at ho har ein viktig funksjon som renovasjonsarbeidar i naturen.
Boka har to fotoinnstikk med til saman eit tjuetals bilete, alle krediterte Roger Engvik. I tillegg til å vere fotograf er Engvik ein særs røynd amatørornitolog. Ideelt sett burde fotografia i større grad støtte opp under innhaldet og vore plasserte på meir aktuelle stadar i høve til tema. Eg skjønar at papirkvalitet og fototrykk påverkar utforminga av boka og at det er mest praktisk å samle bileta i bolkar. Engviks dramatiske og kvasse ørnebilete er ei praktbok verdig, det kunne gjerne vore fleire av dei.
Vindmøller til plage
I ei tid der naturen og arts-
mangfaldet er under sterkt press, gir Gunnar Myklebust oss ei gladhistorie som vi treng. Havørna. Vår største rovfugl syner oss at det nyttar å endre negative miljøtrendar når sterk vilje og kunnskap vinn fram. Havørna sine tilhøve er betre enn på mange år, spesielt takk vere innsatsen det ornitologiske miljøet har lagt ned for å berge denne store og fasinerande arten. Målet med fredinga i 1968 var å stogge nedgangen i talet på individ. Det smått fantastiske er at havørnstammen no er meir enn tidobla. Ekspertane reknar med at vi har ein stad mellom 12.000 og 14.000 havørner i Noreg.
I dag ser vindmøller ut til å vere eit større trugsmål mot havørna enn både miljøgifter og jakt. Nyleg melde Norsk institutt for naturforsking at det sidan 2006 er funne over 100 døde havørner ved vindkraftverket på Smøla i Møre og Romsdal. Planar om storstilt vindkraftutbygging langs den lange og vakre norskekysten kastar på ny mørke skuggar over det viktige havørnlandskapet.
Per Roger Sandvik
Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I ei tid då artsmangfaldet er under sterkt press, gir Gunnar Myklebust oss ei gladhistorie som vi treng.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.