«Det er aldri for seint å bli kven»
Gjennom 75 intervju får Bente Imerslund fram tankevekkande historier.
Oddbjørg Ulstein i Børselv med sonen Anstein Mikkelsen på fanget. Den kvenske oldemora Anni-Âmmi følgjer interessert med. Ho har på seg kvardagsplagget dakki.
Foto: Privat
Sakprosa
Bente Imerslund:
Kvener, skogfinner, tornedalinger, karelere, vepsere og ingermanlandsfinner. Onhan meitä vielä! Jo visst finnes vi!
Orkana forlag
I Noreg er kvenane kanskje mest kjende gjennom at dei har status som nasjonal minoritet i landet. Men det kvenske folket og det kvenske språket går òg inn i andre samanhengar enn denne, som til dømes som éin av mange europeiske språkminoritetar og som eitt av fleire austersjøfinske folk.
Bente Imerslund har skrive ei bok om seks utvalde austersjøfinske minoritetsfolk der kvenane er med som eit av dei. Boka er sett saman av 75 intervju som Imerslund sjølv har gjort med informantar som høyrer til dei seks folkegruppene. Forfattaren kommenterer ikkje intervjua, og boka blir difor eit slags kjeldeskrift om tilhøva for desse folka, ikkje ein analyse av tilhøva.
Minoritetsspråk
Dei fleste av dei som er intervjua, er opptekne av språk, og intervjua kan lesast som ulike vitnemål om stillinga for austersjøfinske minoritetsspråk i dag. Det gjeld her kvensk, skogfinsk, tornedalsfinsk (meänkieli), karelsk, vepsisk og ingermanlandsfinsk
Nemninga austersjøfinsk på desse seks språka kan verke forvirrande, fordi ingen av dei blir snakka i Finland, og berre Ingermanland ligg ved Austersjøen. Nemninga er likevel vanleg, sidan dei nemnde minoritetsspråka i lag med majoritetsspråka finsk og estisk langt på veg utgjer eit dialektkontinuum frå Estland og Finland til Nordishavet. Både Estland og Finland grensar til Austersjøen.
Dette dialektkontinuumet blir i boka godt illustrert i intervjuet med den kvenske læstadianarforkynnaren Henry Baardsen i Alta. Han fortel at han har reist rundt og forkynt Guds ord på kvensk og finsk for forsamlingar på både finsk og svensk side av Tornedalen, og dessutan på Kolahalvøya i Russland, der det frå gammalt av er folk som snakkar karelsk og finsk.
Altaværingane Henry Baardsen og Kåre Suhr (også kvenskspråkleg) kom gjennom forkynning på Kolahalvøya i kontakt med den evangelisk-lutherske kyrkja i Ingermanland, og med denne kyrkja innleidde dei eit organisert samarbeid som i fleire år vart leia frå det læstadianske miljøet i Alta. Meistring av kvensk kan for mange høyrast lokalt ut, men slik kunnskap opnar dører i fleire land.
Boka har fleire forteljingar frå folk med liknande røynsler som Baardsen og Suhr.
Framtida
Kva med framtida for desse minoritetsspråka? Imerslund har intervjua etterkommarar av skogfinnane som i første halvdel av 1600-talet byrja å slå seg ned på Austlandet. Den skogfinske busettinga nådde etter ei tid til Oslo-marka, medan kjerneområdet i Noreg var Finnskogen. Ein av dei siste som snakka finsk på Finnskogen, var Johannes Johansson Oinonen, lokalt kalla Niitaho-Jussi. Han døydde 90 år gammal i 1964. Else Walberg (f. 1938) fortel at ho hugsar at bestemora og Niittaho-Jussi snakka finsk med kvarandre. Dei to var søsken. Walberg hugsar i dag berre nokre få ord for matrettar, og dessutan ordet kiitos når dei takka for maten.
Slik gjekk det med det austersjøfinske språket på Finnskogen. I den munnlege overleverte tradisjonen finst eit minne om nokre få ord att. Slik eg les boka til Imerslund, kan det gå same vegen med det vepsiske språket i Russland. Gjennomsnittsalderen på dei som kan snakke vepsisk, er faretrugande høg, skriv Eira Söderholm i boka. Det er likevel ein skilnad: Vepsisk har skriftspråk og er betre dokumentert enn det finnskogfinsk var.
Assimilering
Som eit mørkt bakteppe for alle intervjua heng historia om den assimileringspolitikken som Russland, Sverige og Noreg med varierande intensitet så lenge førte overfor nasjonale minoritetar. Ein stor del av dei som Imerslund har intervjua, fortel om ei skuletid der heimespråket aldri var noko verdt. Mange slutta å snakke morsmålet.
Eit moderne trugsmål mot språka kjem òg fram i intervjua, nemleg sentralisering. Alle dei seks språka som er omtala, har (eller hadde) sine tradisjonelle kjerneområde på landsbygda. I mange av dei bygdene der språka før dominerte, er det i dag mesta ikkje folk att. Ein stor del av vepserane, som for det meste var bønder, bur no i den karelske hovudstaden Petrozavodsk, der russisk språk dominerer.
Sentraliseringa rammar også bruken av kvensk og tornedalsfinsk. Éi løysing for dei som vil føre austersjøfinske minoritetsspråk vidare, kan vera å ta språka med seg frå bygda til byen. Jelena Treskunova fortel i boka at det i dag er finskundervisning på ti skular i St. Petersburg. Ho underviser sjølv i finsk i byen.
Finst det ei slik urban framtid for kvensk i Noreg?
Situasjonen for dei austersjø-
finske minoritetsspråka kan høyrast vanskeleg ut, men mange av dei som Imerslund intervjuar, verkar optimistiske og legg vekt på positive teikn i tida. Ein stor del av informantane hennar er eldsjeler som brenn for å føre både språk og kulturar vidare, og dei vil at folk skal ta dei tradisjonelle språka tilbake i bruk. Som Grete Alise Nilima Monsen i Alta uttrykkjer det: «Det er aldri for seint å bli kven».
Bente Imerslund fortener stor takk for å ha gjort desse tankevekkande historiene kjende for eit norsk publikum. Grepet med å presentere ei lang rekkje intervju i staden for ei heilskapleg framstilling, fungerer godt.
Jon Todal
Jon Todal er professor ved Samisk høgskole.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka blir eit slags kjeldeskrift om tilhøva for desse folka, ikkje ein analyse av tilhøva.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.