JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

«Det er behov for meir vaken debatt»

Ei grundig skildring av bergensk byutvikling som trekker linene fram til vår tids arkitekturdebatt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nordnesgaten 25 og 27. Begge husa er toroms og bygde kort tid etter brannen i 1756.

Foto: Gustav Brosing

5920
20240112
5920
20240112

Sakprosa

Gjert Vestrheim:

Bergensarkitekturen 1660–1850

Dreyers forlag

Eit av dei interessante tilboda for oss austfrå denne bokhausten var den solide dokumentasjonen av Gjert Vestrheim, Bergensarkitekturen 1660–1850, der han dreg lange liner utover mot ein europeisk bygningsarv og innover til ein tidsaktuell norsk husdebatt.

Kan forteljingar om den bergenske arkitekturen, om korleis hus vart bygde før i tida, ha nokon praktisk verdi for den rasjonelle, økonomipressa og klimaengstelege bygginga i vår tid? Kan ein dokumentasjon av hustypar og lokalhistorie i ein nokså stor by, som knyter trådar til greske og romerske søyleordenar og klassiske fasadeproporsjonar, gje innspel som ein aktuell samfunnsdebatt om samtidshusbygginga kan dra nytte av?

No blir hus og estetikk, stygt og fint, by mot land, kontrast mot kopiering diskutert som aldri før. Funksjonell rasjonalitet blir ikkje lenger akseptert av folk flest som ei tilstrekkeleg grunngjeving for at nye bygningar må sjå ut som dei gjer. Somme arkitekturopprørarar vil heller ha noko meir attkjenneleg og triveleg, kopiering og gjenbruk av gamle bygningsformer og velkjende ornament, enn noko utfordrande, nokre skeive og rare åtak på sansane våre. Kvifor ikkje gjenta noko vi er vane med, seier dei. Gje oss hus slik dei brukte å sjå ut.

«Bergen i Norge», akvarell av J.L. Dreier 1830 (utsnitt).

Foto: Universitetsmuseet i Bergen

Tolkar samtida

Men Arkitekturopprørets uvilje mot ein moderne arkitektur kan ofte bli for enkel og fordummande dersom løysinga skal vere å kopiere gamledagar, sjølv med vår tids tekniske og materialistiske føresetnader.

Motargumentet kan vere: Hus må setjast inn i ein samanheng. Det har aldri før vore oppgåva til arkitekturen berre å kopiere og etterlikne. Arkitekturen må heller tolke bygningsbehovet i tida i samsvar med den skikken og kulturen som rår på staden, i samtida. Arkitektur blir truverdig som kulturuttrykk når han tek omsyn til den målestokken, den byggjeskikken, materialbruken og fargepaletten som gjev staden eigenart og attkjenning. Om ein ny arkitektur kan gjere dette med ei original tolking og eit formtilskot, er det bra. Då kan vi kanskje sleppe dette traudige maset om å byggje kopiar av det gamle.

Denne debatten er krevjande nettopp fordi han må sjå både attover og framover. Då treng vi grunnfast dokumentasjon: Kva er den situasjonen vi skal byggje oss inn i, no og her hos oss? Bergen har, meir enn nokon annan norsk by, ei imponerande rik og variert bygningshistorie med liner både oppover langs kysten, innover i landskapet og utover til europeiske føredøme.

Strandgaten sett mot Tollbodallmenningen ein gong i mellomkrigstida. Til venstre ligg nummer 152, barndomsheimen til Edvard Grieg.

Foto: K.K. Bergen

Eineståande fellespreg

I Bergensarkitekturen 1660–1850 gjev Gjert Vestrheim ei grundig skildring, følgd av gamle stikk, bilete og enkle planar og fasadar, av korleis byggjeskikken der i byen vart utvikla gjennom eit par formande hundreår.

Vi får illustrert korleis klassisk murarkitektur frå kontinentet har møtt handverk, materialar og tradisjonell kunnskap i ein vestlandsk natur, og gjeve oss palé og trehus med høge tak og liggjande panel, veleigna for eit fuktig klima.

Vi får innblikk i korleis handverkarlaug på den tida i praksis hadde monopol på den tonegjevande husbygginga og dermed kunne sikre at den særprega stilen vart oppretthalden. Byen Bergen fekk dei typiske kvitmåla, stilreine og smale byhusa med gavlar og stovevindauge ut mot gata.

I boka blir bergensarkitekturen vist fram med eit eineståande fellespreg i norsk samanheng. Dette var før dei utdanna arkitektane kom heim att frå ulike utanlandske akademi og spreidde førebileta sine i 1850-åra, og før den tyngre og meir institusjonelle bybygginga overtok gatebiletet.

I dette bokprosjektet har det òg vore særleg viktig å trekkje fram dei klassiske føredøma, tempelfrontar og søyler frå Aten og Roma, som den estetiske grunnteksten i arkitekturen. Forfattaren Gjert Vestrheim er korkje arkitekt eller kunsthistorikar, men filolog og professor i klassiske fag (gresk) ved Universitetet i Bergen. Det har gjeve klare prioriteringar, og samtidig avgrensingar, i omtalen av bygningar slik dei blir forma og tekne i bruk og dannar føredøme som del av byens framvekst og daglegliv.

«Bergensarkitekturen 1660–1850 er blitt ei imponerande rikhaldig og velforma bok.»

Små leigegardar frå om lag 1890, Asylplassen 9–11 midt i biletet, til venstre Asylsmauet 1–3. Typiske trekk ved slike hus er at taket er valma og utan svai. Panelet er profilerte bord, ikkje overlappande vestlandspanel.

Foto: Gjert Vestrheim

Viktig kartlegging

Bergensarkitekturen 1660–1850 er blitt ei imponerande rikhaldig og velforma bok. Biletmaterialet er sjenerøst, og gamle stikk er skarpt og godt attgjevne. Det er ikkje første gong dyktige fagfolk har avdekt arkitekturhistoria til Bergen, opphavleg Kristian Bjerknes, følgd opp av Per Jonas Nordhagen, Siri Skjold Lexau, Trond Indahl, Hans-Jacob Roald og Nils Johan Brekke.

Bygatene, landstadene, husa og hagane til byborgarskapen i Bergen sit på ei historie som er vel verd ein slik grundig dokumentasjon, med historia sett frå ulike perspektiv, anten det er tilbakeblikk til Pantheon og Parthenon eller til ein meir regional byggjeskikk i ladestader, gardstun og lystgardar i norske fjordar.

Særleg spanande vil det bli å få neste steg av denne forteljinga like grundig skildra, nemleg tida etter 1850, då nyklassisismen skulle gje oss det mest formfullenda offentlege rommet i landet, Torgalmenningen, og då Fredrik Konow-Lund og hans samtidige skulle forme «Bergensskolens» særeigne arts and crafts-rørsle som lekk i ei regional begeistring og nasjonal oppvakning.

Så kan ein kanskje spørje kor mykje av samtidsarkitekturen i Bergen som er inspirert av denne rikhaldige arkitektoniske skattkista. Arkitekturen i byen tilhøyrer ålmenta, han kan aldri vere privat eller innestengd bak profesjonsgjerde. Difor er debatten om arkitektur så viktig og brennbar, noko også arkitekturopprørarane kan krediterast for.

Det er behov for meir kartlegging av røtene til den lokale arkitekturen, som denne boka gjev eit viktig bidrag til, og behov for meir vaken debatt.

Peter Butenschøn

Peter Butenschøn er arkitekt
og byplanleggjar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis