Det menneskelege og det umenneskelege
Øyvind Vågnes skriv om krig, djup tid og kor skjørt det kollektive minnet er.
Øyvind Vågnes er forfattar, forskar, redaktør, omsetjar og musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Helge Hansen (Montag)
Roman
Øyvind Vågnes:
Ei verd utan hestar
Tiden
Eg vert glad når eg finn ein norsk roman som tek meg ut i den vide verda. Ei reise flyttar oss ikkje berre til ein annan stad, men fjernar oss frå kvardagen og kan gje nyttige perspektiv på livet. I tillegg til reisa er samtalene sentrale i Ei verd utan hestar, og dei finn stad i Amerika, i Vietnam, i Paris, i Bergen og på Finse. Dei reisande er ofte på veg tilbake, dit det hende, og gjerne på leit etter identitet.
Krig og gløymsle
Lengten vekk frå åket på den amerikanske garden driv immigranten Torjus inn i den amerikanske borgarkrigen. I den første delen av romanen finn vi Torjus midt i slaget ved Chickamauga. 140 år seinare er det norske oldebarnet hans, som òg heiter Torjus, på tur i USA. Han reiser saman med sonen Tord som deltek i rekonstruksjonen av slaget i heimelaga unionsuniform. Tord leitar etter spor av tippoldefaren som har fått ein slags heltestatus i familien. Men søket viser seg å vere vanskeleg, for historia sitt mørker sluker snart individa og løyner alle spor.
I skildringa til soldaten Torjus er det lite som minner om heltemot; for han er krigen redsle, utmatting og slump, i tillegg til tap av både identitet og den store kjærleiken.
Den yngre Torjus vart i ungdomen far til amerikanske Susan. Dei to lever separate liv på kvar si side av Atlanterhavet, og først seint i livet finn dei fram til kvarandre. I den andre delen av romanen er det Susan og dottera hennar Chloe som har ordet. Dei strir med fråverande fedrar, unnvikande mødrer og vanskelege samliv med partnarane sine. Her òg slår krigens øydeleggjande kraft inn på ulike vis og forplantar seg i det menneskelege terrenget.
Ei verd utan hestar famnar altså vidt når det gjeld tid, stad og tema. Romanen reiser i tid mellom slaget ved Chickamauga i 1863 og til ei tenkt framtid i 2039. Eget i forteljinga vekslar mellom fleire personar, og handlinga går føre seg fram og attende langs tidsaksen, med stadige innskotne tilbakeblikk. Det vert iblant krevjande å halde fylgje. Nokre gonger er tidspunktet gitt, andre gonger vert det først klart etter nokre sider, eller eg må orientere meg via omvegar, til dømes gjennom forhøyret av Ken Starr i Clinton–Lewinsky-saka.
Uforløyst
Eg fylgjer dei ulike trådane i forteljinga med stor interesse. Både skildringane av krigens gru og familiesagaens krumspring er på kvar sin måte gripande. Men eg les òg med ei forventning om at desse trådane etter kvart skal samlast, og at eg såleis skal få ei overordna innsikt. Her vert eg skuffa. Skjeringspunkta finst, spesielt når det gjeld Michael, kjærasten til Susan, der engasjementet føre til økoterrorisme.
Det er likevel ikkje nok til å gje romanen tilstrekkjeleg fokus. Det hadde kanskje vore ein fordel å halde i taumane både den tematiske breidda og den noko viltveksande strukturen, og heller gå djupare inn i sentrale problemstillingar. Mange av aktørane i romanen lever eit uforløyst liv, og romanen lid diverre til dels same lagnad.
Krigen som no rasar ikkje så langt frå oss, gjer fleire av romanens emne syrgjeleg aktuelle. Krig er ein særs menneskeleg aktivitet som slynger både nasjonar og livet til individa ut av kurs.
Sett med notidas augo verkar prologen, som skildrar 50-åras naivitet og framtidsoptimisme, nærast som eit trugsmål og minner oss om kva det endelege resultatet kan kome til å bli.
Guri Sørnes
Guri Sørnes er radioteknikar og litteraturvitar.
Ettersom Øyvind Vågnes er skribent i Dag og Tid, er boka hans meld av ein ekstern meldar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Krigen som rasar ikkje så langt frå oss, gjer fleire av romanens emne syrgjeleg aktuelle.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.