Dikt mellom lengt og røynd
Ein debut med eit godt og frigjerande lyft.
Erlend Skjetne frå Melhus debuterer med ei samansett diktbok.
Dikt
Erlend Skjetne:
Skare
Flamme forlag 2019
I dikta til debutanten Erlend Skjetne vert element som natur og segner vovne saman og inn i forholdet mellom to menneske. Dei to bur ein stad omgjeven av natur, langt nord i landet. Det er særleg gjennom dei suggestive naturbileta dikta reflekterer forholdet til det andre mennesket og til seg sjølv: «Med andedrag tunge som fuktig snø,/ fell eg ned att i svevnen,/ trygg på at ingenting skal bli att av mørkeret». Naturen er heile tida nærverande og motsetnadsfylt, både tryggleiksskapande, destruktiv, sanseleg og ven.
Utvikling
Dikta skildrar ei utvikling, ei aldring, for det verkar som dragnaden mot dei tapte sjansane i livet tek større plass mot slutten av boka. Men sistediktet gjer ein volte og opnar seg mot det moglege att: «Ein halvlagd kabal på bordet./ Glaset ope mot det unge/ lyset i mars». Ønsket om at draumen og røynda, kjærleiken og kvardagslivet, naturen og mennesket skal smelte saman til ein ubroten einskap, renn som ein raud tråd i dikta.
Stilistisk vert tvikløyvinga mellom draum og røynd spegla i ei tydeleg veksling mellom dei korthogne brå og dei lengre, meir utbroderande segmenta. Dei to elementa strir mot kvarandre og glir oftast ikkje saumlaust i hop. Sjølv om dikta kan karakteriserast som kortdikt, det lengste strekkjer seg over ei side, kan ein tidvis oppleve nokre sekvensar som ordhage, med setningar som ornamenterer seg, og det gjer dei fordi dikta følgjer logikken i klangane. Nett dette bidreg til at Erlend Skjetne evnar å skape ei gjennomgåande stemning i diktboka, prega av ei meditativ ro undergraven av bråe kast.
Slåande bilete
Skare er, på ein god måte, ei samansett diktbok. Mange dikt er prega av slåande bilete, utan at bileta nødvendigvis vert utvikla i diktet. Og i nokre dikt er strofene lause, dei er ikkje naudsynleg integrerte i kvarandre. Det er ikkje eit problem, tvert om byggjer dikta på det viset inn andre moglegheiter, som moderer det tapet av kjærleik og livssjansar som dikta påtalar på overflata. Difor er det eit godt og frigjerande lyft i Erlend Skjetnes debutantdikt.
Sindre Ekrheim
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skare er, på ein god måte, ei samansett
diktbok.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.